7. mars vart det vedteke ei prøveordning i fylket om å gjennomføre anonym retting av ei heildagsprøve i faga Vg3 norsk og Vg1 engelsk for og å førebu elevane til eksamen. Evaluering av gjennomføringen skal leggas fram for utvalet i 2013.

- Dette er en seier for elevane i Møre og Romsdal, seier Ole Bjørn Sandøy.

Han ser på vedtaket som første steg mot å gjere anomym retting til gjeldande praksis i fylket.

- Trynefaktor har lenge vore eit problem i den norske skulen, og mange elevar får kjenne dette på kroppen. Trynefaktoren betyr at det er ikkje-faglege tilhøve som verkar inn og avgjer kva karakterar elevane får. I mange tilfelle, at det er i kva grad læraren likar deg eller ikkje som bestemmer karakteren du får på ei prøve eller ein stil, seier Sandøy.

- Vi veit at mange elevar droppar ut av skulen, der dårleg handsaming frå skulen si side kan vere ein av mange årsaker til at elevar gir opp skulegangen. Det er nok ikkje vanskeleg å førestille seg kor oppgjeven ein elev kan føle seg, ved å bli utsett for trynefaktor ein eller gjentagne gonger. Elevane etterspør ei ordning som kan sikre dei rettferdige vurderingar, og det er vår plikt som politikarar å ta elevane på alvor, avsluttar Sandøy.

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bjørn Sandøy.