Forbod mot å tena pengar og auka skatt skal bygga landet. Dette er to av dei siste kreative forslaga til det raudgrøne prosjektet.

Per Olaf Lundteigen og Raymond Johansen har i sumarsola signalisert meir skatt som ein god ide og regjeringa har tenkt å lovregulera kor mykje pengar ein privat barnehage skal få tena.

To forslag til kva me nordmenn skal leva av i framtida.

Landet vårt er ikkje bygd av lover eller skatt, men av verdiskaping. Små og store verksemder på land og i by har vore driftige og gitt livsgrunnlag og vekst.

Norsk skipsfart, olje, teknologi, fiskeri og annan eksport har vorte ein suksess i eit samspel mellom kreative, risikovillige grundarar, ein god politikk og flinke, arbeidsame medarbeidarar.

Den enorme oppbygginga av offentleg sektor dei raudgrøne driv med, kjem til å kosta dyrt. Og bruka opp sparepengane våre. Trur dei verkeleg at me kan bygga landet ved å "produsera" meir skatt, samtidig som dei lagar lover mot at folk skal tena pengar?

Barnehagar er allereie strengt regulert. Viss ein privat drivar innafor dette regelverket klarar å tena pengar, så må vel det vera bra?

Ingen trur at borna i ein privat barnehage vil ha det verre enn i ein statleg.

Det same gjeld privat omsorg, avfallshandtering og transport.

Staten er sjeldan den beste, smartaste eller mest arbeidsame drivaren innan eit felt.

Kreativitet og nyskaping kjem av motivasjon, eigarskap og innsats.

Nokre av dei mest velluka private verksemdene, er dei der mange av dei tilsette sjølve er med og eig.

Viss ein grundar på Sunnmøre lukkast og skapar ei levedyktig verksemd, så gagnar det heile lokalsamfunnet, staten og, som får skatteinntekter.

Kva blir det neste, når dei får tatt "barnehagebaronane"? Folk som tenar pengar på kvitevarer, mat, bilar, hus, badekar, egg, øl og forsikring. Kjem det lover mot "bankbaronar", "hyttebaronar" og "aluminiumsbaronar"?

Me kan ikkje leva av å barbera kvarandre. Nokon må skapa noko utafor den varme, trygge, privilegerte staten.

OECD har påpeika at Noreg sløsar med skattepengane.

Milliardane renn ut. 4 milliardar berre til konsulentar i NAV, 4 milliardar for å flytta veterinærhøgskulen, milliardar i bilateral støtte til korrupte regime, for ikkje å snakka om administrasjonsuhyret i helsevesenet.

Det er eit paradoks at dei raudgrøne som meiner Høgre og FRP vil rasera velferdsstaten, viser så liten respekt for det folk har arbeidd for å bidra med til fellesskapet.

Retorikken er i same leia, "baronar", "rikfolk" og "Oslofolk" (som Lundeteigen brukar for å forsvar buplikta).

Eg synes det er skremmande at me styrast av politikarar som ikkje skjønar korleis verdiane i samfunnet vert skapt og som mistenkeleggjer folk som skapar dei. Særleg når det er pengebruken i staten som er den største trusselen mot "den norske modellen", ikkje dei som driv private omsorgstenester.

For meg er det uforståeleg at AP og SP er med og tar dette ideologiske spranget.

Eg trudde dei var solid tufta på verdiskaping i industri, småverksemder og i landbruket.

SV har ingen idear om kva folk skal leva av eller kvar inntektene skal koma frå.

Dei er imot oljeboring og det meste av vår industri. Dei vil leva av å krevja inn pengar frå folk, som takk for hjelpa vert slått i hovudet med reglar, byråkrati, auka skattebyrde - og no altså lover mot å tena for mykje.

I studiesirklane til SV vil dei sikkert helst fjerna med lov ynskje om å skapa, lukkast - og tena pengar.

Systemet har vore prøvd før bl.a. i gamle Sovjetunionen, utan særleg hell.

For folk som prøver å skapa noko, er dette ei trist sumarhelsing frå dei raudgrøne.

Arne Hjeltnes,
sentralstyremedlem i Høgre