- I TV-debattane til no i valkampen har politikarar måtte føle seg fram, og tonen har vore varsam. Kveldens unge panel var eit friskt pust i så måte, med politisk meiningsbryting – i ein respektfull tone. Mari Holm Lønset, Unge Høgres ungdomskandidat i Trondheim, var ein av debattantane og talte svært godt for Høgres syn på blant anna integrering og utdanning.

Dei politiske skilnadene kom fram i debatten, blant anna i møte mellom Mari Holm Lønset og SVs debattant, Ingvild Reymert, begge frå Trondheim. Reymert kom også med kveldens frekkis då ho påstod at Høgres Torbjørn Røe Isaksen meiner at ”forskjellar er bra”. Det er langt frå sanninga (les her) . Venstresida har ein lei tendens til å tillegge høgresida meiningar som me faktisk ikkje har, ein tradisjon Reymert følgde opp i denne debatten.

Det som er ein skilnad mellom Høgre og SV er at Høgre meiner det skal vere lov å lukkast. Det er ikkje noko problem at folk gjer det bra, men at somme gjer det dårleg.

Julie Eide Solbakken

Ordførarkandidat, Austevoll Høgre