Me treng fleire gründarar og fleire som kan vera med på å utvikle dei arbeidsplassane dei allereie har til å verta enda betre. For å få fleire til å verta små og store gründarar må ein starta tidleg.

Det har Eidsberg kommune og Høgres ordførar Erik Unaas forstått. Eidsberg ungdomskule er ein av skulane i landet med størst elevoppslutnad omkring arbeidet med Ungt Entreprenørskap (UE) i Noreg. Elevene kan blant anna delta på Gründercamper, Gründerne på fortet, økonomi og karriereval, Jobbskygging eller starta elevbedrift. Ungt entreprenørskap sin visjon er å inspirera unge til å tenkja nytt og til å skapa verdiar. I Eidsberg er barneskoletrinnet, vidaregåande skule og næringslivet kobla inn i prosjektet.

Ordføraren i Eidsberg starta sjølv mediebedrift i eigen kjeller som 20-åring, og forlaget SPORTMEDIA vaks til 35 ansatte og 50 millionar i omsetnad. Unaas stiller ofte opp som ”lærar” for Ungt Entreprenørskap ute i skulane og anna som er viktig for denne satsinga. Skule og næringsliv var dei viktigaste valkampsakene for Eidsberg Høyre i 2011 og arbeidet med å fremja nyskaping og gründerånd har høg prioritet i kommunen. I 2013 skreiv dei difor ein meir forpliktande samarbeidsavtale med UE i Østfold. Gjennom entreprenørskapsprosjekta lærer elevane om arbeidslivet, lokalsamfunnet og det å skape ei verksemd. Dette er det som må til for å skapa fleire, betre og tryggare arbeidsplasser i fremtida, slik at me har noko å leva av etter eller ved sida av olja.

Eit godt svar på kva me skal leva av i Noreg frå Eidsberg Høgre.