- Buplikta er eit kraftig angrep på den private eigedomsretten. Høgre er svært glade for at familien Frøholm får behalde odelsgard sin i Olden utan å måtte flytte frå sitt arbeid og skulegang i Stryn. Dessverre er denne familien ikkje åleine om å oppleve at buplikta kjem mellom dei og familien si slektsarv, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Høgsterett meinar at fylkeslandbruksstyret sitt vedtak frå 2008 ikkje er eit inngrep i menneskerettigheitene, slik at bupliktsinstituttet vil bestå så lenge det er fleirtal for det på Stortinget.

- Høgre meinar at buplikta er ei ulykke for mange, og ødeleggjande for investeringslysta og driftsmuligheitene til norske bønder. Den fungerar heller ikkje som distriktspolitisk verkemiddel for å halde oppe busetnaden. Høgre meinar derfor at buplikta må opphevast umiddelbart. Det er ikkje bra at staten driv regelrytteri utan å ta individuelle omsyn, sier Lødemel.