- Hovuddrivkrafta for ei positiv utvikling av distrikts-Noreg ligg i å nytte våre naturressursar. Kombinert med auka regionalt samarbeid for å skape eit større bu og arbeidsområde, er dette klart dei viktigaste motvekter mot den stadig aukande sentraliseringa i samfunnet, seier Grotle.

- Vår region er heldig på den måten at vi er rike på eit utal av naturressursar og areal. Ei god og berekraftig utnytting av desse ressursane kombinert med eit betre regionalt samarbeid for å skape eit større bu og arbeidsområde er avgjerande føresetnader for at å lukkast med ei positiv utvikling innan andre næringar (besøks- og bustadsbaserte næringar; som handel og forretningsmessig tenesteyting).

Ei stabil positiv utvikling av regionen føreset derfor ein auke i talet på arbeidsplassar som er direkte basert på våre naturressursar. Desse arbeidsplassane er føresetnadar for dei arbeidsplassane vi allereie har og skal skape innan privat og offentleg tenesteyting, handel m.m. i Førde. Regionalt samarbeid og nettverksbygging er avgjerande for vår evne til å verte meir innovative og meir konkurransedyktige.

Difor har vi følgjande delmål for 2012 og 2013:

• Vi vil jobbe for at den nye Elkraft linja vert ein suksess og ein varig styrking av Ingeniørhøgskulen i Førde. Vi vil vidare jobbe for at det vert etablert ei ny linje innan Byggfaget. Dette vil vere viktige bidrag til å auke kompetansemiljøet innan energi og bygg- og anlegg. Dette vil også bidra til auka tilflytting og hindre noko fråflytting av ungdommen vår. Vi ser også mulegheiter for at det kan det satsast på energi-effektivisering og innovasjon som spesialfelt på Høgskulen i Førde. Vi treng å auke innovasjonstakta i Sunnfjord.
Målsetting: 10 stk nye arbeidsplassar.

• Vi vil jobbe for at det i 1. halvdel av 2012 vert sett opp eit prosjekt-team () som dei neste 2 åra skal jobbe fram nye arbeidsplassar innan for fornybar energi.
Målsetting: 200 stk nye arbeidsplassar.

• Vi vil jobbe for at det vert satsa på å skape nye industriarbeidsplassar i Sunnfjord.
Målsetting: 300-500 stk nye arbeidsplassar.

• Vi vil jobbe for at Sentralsjukehuset vert styrka. Vi meiner at det er viktig at vi har spesialisthelsetjenester i Sogn og Fjordane, samt at sjukehuset leverer gode lokalsjukehus- tenester. Vi vil vidare jobbe for at det vert auke i lokalmedisinske tenester i Førde, herunder at legevakta vert vidareutvikla til å levere døgn tenester. Vi ser også at det i tilknyting til Sentralsjukehuset vert vurdert å etablere eit nytt «senter» innanfor eit spesialisthelseteneste-felt på nasjonalt nivå. Dette vil auke kompetansemiljøet innan helse og enkle rekrutteringa til Sentralsjukehuset og gjere det attraktivt for nyetableringar av selskap innanfor helsesektoren.
Målsetting: 50 stk nye arbeidsplassar.

• Vi vil jobbe for at det i 1. halvdel av 2012 vert sett opp eit prosjekt-team () som dei neste 2 åra skal jobbe fram at vi får ein nyetablering/auke i statlege arbeidsplassar i Førde/Sunnfjord.
Målsetting: 60 stk nye arbeidsplassar.

• Vi vil jobbe for at det vert realisert Storhall, Innovasjonssenter og evt Vitensenter i Førde.
Målsetting: 20 stk nye arbeidsplassar.

• Vi vil jobbe for at det i 1. halvdel av 2012 vert sett opp eit prosjekt-team () som dei neste 2 åra skal jobbe fram ytterlegare nye arbeidsplassar innan for aktivitetsnæringa.
Målsetting: 10 stk nye arbeidsplassar.

• Vi meiner Førde og Sunnfjord til ei kvar tid må sørgje for å ha tilgjengeleg ferdigregulerte næringsareal slik at infrastrukturen ikkje er til hinder for nyetableringar og utvidingar som eksisterande næringsliv har behov for. Vi må ha tilgjengeleg både industriareal, forretningsareal og areal til aktivitetsnæringar. Vi må ha god oversikt over tilgjengelege areal. Arealplanane må vere i samsvar med målsettingane for næringsutvikling, slik at infrastruktur er på plass i rett tid.

• Vi meiner Førde til ei kvar tid må sørgje for å ha tilgjengeleg attraktive bustadområder. Vi meiner at offentleg tenestetilbod må tilpassast næringslivet og arbeidstakarane sine behov. Dette går mellom anna på nok barnehage plassar, barnehagar der folk bur, tilpassa opningstider (tilpassa skift/turnus), god kvalitet på skule, helse og omsorgstenester.


() Prosjekt-team: Vi ønskjer at SNU (Sunnfjord Næringsutvikling AS) skal ta initiativ til at prosjekta vert starta og stå for prosjektleiarfunksjonen for desse. Vi meiner at prosjekt- teamane bør settast saman ut i frå behov for kompetanse, slik at ulike personar som med nødvendig kompetanse/nettverk for å nå målet med prosjektet vert sett i saman i team. Personane som vert sett i saman vil soleis vere ein blanding av fag-personar, politikarar, personar frå næringslivet og frå det offentlege, og vere ulikt samansatt alt etter behov. Ein må tenke målretta og være klar på at å nå målet er viktigare enn andre omsyn når ein skal sette saman prosjekt-teamet. SNU bør etter vår meining ha ansvaret for framdrifta i prosjekta.

Vi har ovanfor konkret målsett potensial for å skape 650-850 nye arbeidsplassar, seier Grotle.

- Vi meiner at SNU skal vere drivkrafta i næringsutviklinga med høg grad av involvering og samhandling med politisk miljø, kommuneadministrasjonane og næringslivet i Sunnfjord. Målsettingane bør vidare delast opp i milepælar med kontinuerleg rapportering og evaluering, seier Grotle.
- Førde Høgre ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til å skape entusiasme og engasjement, og for auka bruk av eigen kompetanse i Førde og Sunnfjord. Vi ønskjer å vere med på å ta ansvar for å utvikle Sunnfjordregionen på ein berekraftig og framtidsretta måte, avsluttar Grotle.

For meir informasjon, ta kontakt med Førde Høgre.