- Ordninga skal gi nyutdanna sjukepleiarar fagleg tryggleik, slik at vi kan tilby endå betre tenester til eldre og omsorgstrengande, seier Høgres helsebyråd i Bergen, Hilde Onarheim.

I første omgang er det lyst ut seks heiltids trainee-stillingar, der sjukepleiarar vil få arbeidserfaring frå heimesjukepleien og sjukeheim. Stillingane gjeld for to år, og sjukepleiarane vil vere fast tilsett frå første dag.

- Vi ønskjer å synliggjere at det er mange spennande og faglege utfordrande jobbar i kommunehelsetenesta. Traineeordninga er eit nytt verkemiddel for at fleire nyutdanna skal ønskje å byrje i kommunen, seier Hilde Onarheim.

- Traineane vil også få jamleg oppfølging både frå fagfolk i Bergen kommune og rettleiarar ved Høgskolen i Bergen, seier Onarheim.