- Kristin Halvorsen meinte at privatskular er ein sikkerheitsventil for lokalsamfunn som framleis ynskjer ein grendaskule. Ho har dessverre gløymt at ho gladeleg var med på å stengje denne ventilen då dei raudgrøne tok makta i 2005. Då Høgre sat i regjering kunne grendaskular som vart lagt ned, få nytt liv som friskular. Dette er ikkje mogleg lenger, og dei grendaskulane som har blitt lagt ned under dei raudgrøne si regjering, har som regel stengt dørene for godt.

Høgre vil ha verdas beste skule, og Erna Solberg fekk synt kvifor nettopp vår politikk er nøkkelen til å oppnå dette. For at vi skal kunne møte utfordringane i det 21. hundreåret er det nemleg viktig at vi har den moderne kunnskapsskulen som berre Høgre kan levere, sier Iril Schau Johansen.