- Når me likevel har alle desse kommuner, er det eit demokratisk problem at dei vert meir og meir sentralstyrde.Det er grov mistillit å tru at gode folk i landet vårt ikkje skal klara å ta vare på omgjevnadene dei bur i.Høgre trur meir på folk enn på staten, imotsetnad til dei raudgrøne, som meiner folkevalde rundt om i landet ikkje veit sitt eige beste, sier Arne Hjeltnes.

- Statlege institusjonar, direktorat og ei esande fylkesmann, som ingen har stemt på, får og tek makt frå folk der dei bur.Er det tullingar i ein kommune som oppfører seg dårleg, kan folk stemma dei ut. Er det statlege tilsyn som skal kontrollera utedassar og millimeterjuss på tomtene til folk, så sit dei like trygt uansett kor tåpeleg dei er, så lenge dei raudgrøne styrer.Me vil attreisa kommunen som sjølvstendig einig.Dette er Høgres sterkaste bodskap i valkampen, synes eg, sier Hjeltnes.

- Høgre vil ha ein effektiv, open og brukarvenleg offentleg sektor. Berre ved å effektivisera offentlege innkjøp peikar riksrevisjonen på at me kan spara så mykje som 20 milliardar i året. Det er det dobbelte av det me vil kutta i skattlegging av settepoteter; altså fomueskatten.Store summar kan frigjerast fordi det offentlege tenestetilbodet i mange tilfelle er for systemorientert og for lite brukarorientert.

Les hele talen her.