Det er unikt i norsk samanheng at såpass store kommunar forpliktar seg til et så omfattande og ambisiøst samarbeid på skuleområdet som Jærskulen representerer. Til saman har dei fire kommunane 35 skular, om lag 800 lærarar, og nesten 10.000 elevar. Gjennom Jærskulen har kommunane samordna det viktige arbeidet med å rekruttera og rettleia nye lærarar.


Kva kan me få til med Jærskulen?

Gjennom Jærskulen styrkar kommunane arbeidet med skuleutvikling gjennom langsiktig og forskingsbasert arbeid. Dette handlar om det som skjer i klasserommet, og om skulen sin status og posisjon. Skulen må ha fokus på kvalitet. Samstundes må me alle vera bevisste på å få fram at skule er viktig! Framtida blir stadig meir komplisert og kompetansekrevjande. Gode skular er avgjerande for kvar enkelt elev og for samfunnet!

Her kan du lese mer!