Eirik Raude-senteret gjer eit individuelt tilrettelagt skuletilbod til elevar med betydelege åtferdsvanskar, der dei opplever meining og meistring i det teoretiske, praktiske og sosiale arbeidet på senteret. Elevane får eit skreddarsydd undervisningstilbod, med strukturert trening i sosial kompetanse. Skuletilbodet kan variere i omfang, med få dagar til heile veker med undervisning på senteret, samt  arbeidstrening i bedrift. Elevane tilbakeførast til heimeskulen så raskt som mogleg, når eleven og heimeskulen er godt førebudd.

Eirik Raude-senteret  har mange gode støttespelarar og samhandlingspartar. Det er ikkje den enkeltes dugleik aleine som er avgjerande for om me gjer ein bra jobb, men korleis me samhandlar og drar lasset i lag. Me har erfart kor viktig samhandlinga mellom skule, ppt, psykiatri, ungdommen sjølv og deira føresette er. 


Her kan du lese mer om saken.