Målsettinga er å få eit betre innblikk i dei utfordringane italienske styresmakter må handtere - både i forhold til redningsarbeidet, mottak og registrering av flyktningar, samt behandling av asylsøknader.

Under sesjon i juni sa parlamentarikerforsamlingas President,  Anne Brasseur at ‘Migration is not a challlenge, but a phenomenon – it will not go away’, som på norsk betyr: Migrasjon er ikkje ei enketståande utfordring, men eit vedvarande fenomen som ikkje vil gå over. 

 

Dei utfordringane og  humanitære lidingane ein ser i samband med  dei mange migrantane og flyktningane som førsøker å ta seg til Europa over Middelhavet, har stått sentralt på agendaen til PACE over lengre tid. PACE har fleire gangar understreka behovet for meir solidarisk byrdefordeling mellom Europas land og særleg innan EU. Ikkje minst – sidan forliset utanfor Lampedusa hausten 2013, der 366 båtflyktningar omkom.

«En plikt å sette seg inn i spørsmålet»

- PACE-president Anne Brasseur sa det veldig klart under parlamentarikerforsamlingas sesjon i juni: Dette er ikkje ei utfordring som enkelt kan handterast, men eit fenomen som ikkje forsvinner. Det vil være med oss i lang tid og angår i aller høgaste grad også Norge. Som demokratisk valde politikarar har vi både plikt og behov for å sette oss godt inn i dette spørsmålet – også sett frå eit anna perspektiv enn det norske - seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Medlemmene i Stortingets delegasjon til PACE  har alle engasjert seg i denne debatten både i PACE i Strasbourg og her heime. Delegasjonen består av  10 representantar  frå Høgre, Arbeiderpartiet, FrP, KrF og SV;  , Delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Frank J. Jenssen (H), Morten Wold (FrP), Hans Fredrik Grøvan (KrF), Tore Hagebakken (A), Kristin Ørmen Johnsen (H) og Kåre Simensen (A), Snorre Serigstad Valen (SV). Med unntak av Valen er alle med på reisa til Roma og Sicilia.

Les meir om delegasjonen

Møte med flyktningar, redningsapparat og mottaksapparat

Delegasjonen ser derfor fram til møtet med mannskapet på det norske skipet Siem Pilot som deltar i EU-operasjonen Triton. I løpet av reisa skal delegasjonen også besøk flyktningmottak og EUs innsatskontor for bistand til italienske styresmakter med registrering av flyktningar, og mottak og behandling av asylsøknader.

 

I tillegg, står også møter med lokale styresmakter på Sicilia, UNHCR Italia, Italias parlamentarikerdelegasjon til PACE og Norges ambassadør til Italia, Bjørn Grydeland på det tettpakka programmet.

«Det er på det reine at alle Europas land må ta eit større og meir aktivt ansvar for at Europa skal kunne handtere denne straumen av flyktningar på ein god måte og i tråd med grunnleggande menneskerettar. Det vanskelege spørsmålet er korleis gjere dette på best mogleg måte. Vi håpar at besøket til Roma og Sicilia der vi møter flyktningane, mottaksapparat og redningsapparat, skal kunne gi oss nokre perspektiv i så måte», seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Europarådet og parlamentarikerforsamlinga

Europarådet ble oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 318 medlemmer (og 318 varamedlem). Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område og overvaker at dei nye medlemslanda oppfyller og respekterer sine forpliktingar som medlem.

Les meir om Europarådets Parlamentarikerforsamling og arbeidet med flyktningar og migrasjon