2015 var eit år med lokalval. Når vi samanliknar medlemstalet med rekordvalåret 2011, er medlemstalet høgre nå. Talet på medlemer går likevel litt ned, med 1.500 personar og 4,7 %, samanlikna med 2014. Det er verdt å merke seg at fire av ti lokallag har hatt medlemsvekst i 2015.

- Etter mange fantastiske år, har vi ein liten nedgang i talet på medlemer i 2015. Med sterke partimålingar i starten av 2016 og ein aukande oppslutnad om Erna som statsminister i ei krevjande tid for landet, har vi tru på at det blir fleire medlemer utover året, seier generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarset.

40 prosent av alle lokallaga opplever ein vekst i medlemstalet for 2015. Fem fylke gjer det same. Vi merkar oss óg at det er ein pen vekst i talet på betalande medlemer ved inngangen på 2016. Samanlikna med januar i fjor, er det over 1.000 fleire personar som har betalt kontingenten sin i år.

- Vi skal jobbe for fleire medlemer i 2016, og skape enda fleire verkelege løysingar på verkelege problem for verkelege menneske i byar og bygder over heile Noreg. Dette skal bli verkeleg bra, seier Aarset.