Rekordmange lærarar søkte om å vidareutdanning, innan fristen 1. mars i år. No har kommunane sagt ja til over 60 prosent av søknadane.

– Over 10 000 lærarar søkte om å få fagleg påfyll neste skoleår. Det er flott å sjå at så mange lærarar vil fordjupe seg fagleg, og gledeleg at kommunane no følger opp med å godkjenne godt over halvparten av søknadane, understrekar Røe Isaksen.

Talet på godkjente søknadar er aller høgast i matematikk. Over 2 800 lærarar søkte om vidareutdanning i matematikk, og no har 1 808 av dei fått ja. I norsk og engelsk ligg andelen godkjente søknadar på rundt 65 prosent. Etter at kommunane har godkjent søknadane frå sine lærarar, går søknadane vidare til Utdanningsdirektoratet og institusjonane. I fjor fekk 5 300 lærarar eit studietilbod.

– Dei lærarane som ikkje får tilbod om å ta vidareutdanning no, har gode sjansar dei neste åra. Regjeringa si satsing på vidareutdanning for lærarar vil halde fram med full styrke, lovar kunnskapsministeren.

Frå i år gjeld nye kompetansekrav for lærarar som skal undervise i faga norsk, matematikk og engelsk. For lærarar på barneskolen er det krav om 30 studiepoeng med fagleg fordjuping i desse faga, og for lærarar på ungdomsskolen er det krav om 60 studiepoeng. Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at om lag 33 000 norske lærarar ikkje har nok fagleg fordjuping i faga dei underviser i. Dette gjeld 26 prosent av norsklærarane, 38 prosent av matematikklærarane og 48 prosent av engelsklærarane.

– Altfor mange elevar går i dag ut av ungdomsskolen utan å kunne lese og rekne godt nok. Regjeringas mål er ein skole der elevane lærar meir. Da må vi satse på lærarane og gi dei gode høve til å få fagleg påfyll, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Fakta

  • I 2015 kom ein ny strategi for vidareutdanning for lærarar, som gjeld til 2025.
  • 10 627 lærarar søkte om å ta vidareutdanning neste skoleår. Kommunane hadde godkjent 62 prosent av søknadane innan fristen 15. mars.
  • Over 2 800 lærarar søkte om fagleg påfyll i matematikk, om lag 2 000 søkte om vidareutdanning i engelsk, og rundt 1 600 vil ta vidareutdanning i norsk.
  • I fjor søkte rundt 8 500 lærarar om vidareutdanning, og 5 300 av dei fekk tilbod om studieplass hausten 2015.