Me må verve fleire medlemer!

John-Ragnar Aarset
Foto: Hans Kristian Thorbjoørnsen
Til liks med fleire av våre konkurrentar, opplevde Høgre ein nedgang i  talet på medlemer i 2016. Høgre har nå 28.585 betalande medlemer. Dette er ein nedgang på 2.802 (8,9 %) frå 2015.

- Denne nedgangen er me naturleg nok ikkje nøgd med. Sjølv om me ikkje er det einaste partiet som går tilbake i eit mellomvalår, bør me gjere det betre enn dette i året som kjem, seier Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset. 
 
Gjennomgangen som er gjort så langt, viser at talet på utmeldingar ligg på nivå med dei siste åra. Hovudgrunnen til at vi totalt sett har færre medlemer, er at me ikkje har klart å rekruttere mange nok nye medlemer. 
 
Trass i den totale tilbakegangen, har likevel om lag 30 lokallag vekst i talet på medlemer frå 2015 til 2016.
 
- Når me ser at mange lokallag har fleire medlemer i 2016, medan partiet totalt sett mister medlemer, betyr det at det er nokre flittige lokallag som har tatt jobben med å verve nye medlemer på alvor. Me må la oss inspirere av desse 30 beste når me går inn i 2017, avsluttar John-Ragnar Aarset.

Du kan bidra i dag med å verve eit nytt medlem. Spør ein du kjenner, og bruk gjerne Høgres heimesider for rask registrering.