6 500 Høgrekandidatar målar Noreg blått

Bilde av Generalsekretær John-Ragnar Aarset innfelt på kystlandskapsbakgrunn.
Høgres generalsekretær er nøgd med at 6.500 kandidatar har takka ja til å stille til val for Høgre.
- Halvparten av folket her i landet skal bu i ein Høgre-styrt kommune etter valet. Det er målet, seier generalsekretær John-Ragnar Aarset.

Måndag gjekk fristen for å levere listeframlegg til kommunevalet ut. Høgre stiller til val over heile landet. Om lag 6 500 kandidatar er klare for valkamp.

– Dette er fantastiske resultat som kjem av solid innsats frå Høgrefolk over heile landet, seier Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset. – Me skal vinne lokalvalet. Det motiverer meg at dei aller fleste i Noreg kan velje ei Høgreliste når dei går til valurnene i september, held han fram. 

Djervt mål

Høgres sentralstyre har vedteke djerve mål om at Høgre skal stille liste i 320 av dei 356 kommunane, og i alle dei 11 fylkeskommunane. 

Ved valet til hausten stiller det reine Høgrelister i 312 kommunar, og dessutan felleslister og bygdelister med Høgrekandidatar i 11 andre kommunar. Det gjer at innbyggjarane kan velje ei Høgreliste eller liste med Høgrekandidatar i 323 av 356 kommunar. I tillegg til dette stiller Høgre liste i alle dei 15 bydelane i Oslo.

På fylkesplan stiller Høgre sterke lister med kandidatar som har store ambisjonar om å farge fylkes-Noreg blått i september. Blant toppkandidatane i fylkeskommunane er det seks kvinner og fem menn.

Høgres valkampmaskineri i toppform

Høgre har eit sterkt partiapparat som syt for rekruttering, opplæring og kampanjar for våre kandidatar. Den frivillige innsatsen lokalt er avgjerande for at Høgre har sterke lokallag over heile landet. Det er denne innsatsen som gir mange lister og tusenvis av kandidatar. 

– Det er svært viktig for Høgre og for landet at flest mogleg får høve til å velje ein god og framtidsretta Høgrepolitikk for sin kommune ved valet til hausten, seier Aarset.

– Det er ei stor glede at om lag 6 500 Høgrefolk over heile landet har takka ja til stille til val for Høgre, avsluttar han. 

 

Fakta:

  • Høgrefolk stiller til val i 323 kommunar i 2019, og dessutan alle 15 bydelar i Oslo.
  • Av desse er 312 reine Høgrelister. I tillegg stiller Høgre-kandidatar på borgarlege felleslister eller bydelister i 11 kommunar.
  • Antall kandidatar totalt: 6 346 (per 3. april står det att å registrere kandidatar frå om lag 30 lister hos Høyres Hovedorganisasjon. Med desse vil vi passera 6 500 kandidatar totalt.)
  • Kjønnsbalanse kumulerte kandidatar: 49% kvinner og 51% menn. I 2015 var det 47 % kvinner og 53 % menn.
  • Kjønnsbalanse totalt: 37% kvinner og 63% menn. I 2015 var tallene 36 % kvinner og 64 % menn.
  • Kjønnsbalanse ordførerkandidatar: 28% kvinner og 72% menn, i 2015 var tallene 27.4% kvinner og 72.6% menn.
  • Kjønnsbalanse fylkesordførarkandidatar: 6 kvinner og 5 menn
  • Gjenomsnittsalder totalt: Rett i underkant av 50 år. I 2015 var gjennomsnittsalderen 51 år.
  • Andel av kommunar som har liste med Høgrefolk: 90,7%, i 2015 var andelen kommunar med reine Høgrelister 91.1 %, eller 93 % om ein inkluderar felleslister og bygdelister.
Alle tall for 2019 er pr 3. april. Det står att å registrere kandidatar frå om lag 30 lister.