Høgre har forsterka sidemålet sin plass i dei nye læreplanane

Tre jenter som rekker opp hånden i et klasserom. Høyres stortingspolitiker Frida Melvær innfelt.
For kort tid sidan la kunnskapsminister Jan Tore Sanner fram fagfornyinga, den største endringa i norsk skule sidan Kunnskapsløftet i 2006. I dei nye læreplanane skal elevane bli introduserte for sidemålet tidlegare.
No skal elevane verte introduserte for sidemålet på eit langt tidlegare tidspunkt i skuleløpet. Det vil skape betre kunnskap om dei to målformene vi har i Noreg.  

- Som stortingspolitikar med hjarte for nynorsken ser eg dei nye kompetansemåla i dei nye læreplanane som ein styrke for sidemålet og ein styrke for nynorsken sin plass i norskfaget, seier Frida Melvær, Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.  

Elevane skal få møte sidemålet allereie i 2.klasse 

Fram til no har sidemålet komme brått på i 8.klasse. I dei nye læreplanane endrar vi dette slik at elevane blir introduserte for sidemålet tidleg og vil få kjennskap til dei to språkformene opp gjennom heile skuleløpet. Det kan bidra til at færre elevar opplever utfordringar med å møte sidemålet for første gong i 8.klasse, samstundes som dei skal bli møtt med karakterar.  

- Ei gradvis tilnærming gjennom heile skuleløpet med auka fokus i ungdomsskulen, kan gjere sidemålet, både nynorsk og bokmål, enklare og meir motiverande for elevane våre. Ikkje minst kan dette bidra til å gjere norskfaget enklare for dei elevane som slit med lese- og skrivevanskar, seier Melvær.  

Les meir: Høgre skal byggje eit sterkare lag rundt barna

Karakterane i undervegsevalueringa vert slått saman, men det vil framleis vere to eksamenskarakterar 

Når vi sler saman karakterane i skriftleg hovudmål og sidemål i undervegsvurderinga på 8. og 9.trinn og på Vg1 og Vg2, vil det gje elevane meir tid til fagleg fordjuping og lærarane vil kunne gje betre støtte til elevane si utvikling gjennom tilbakemeldingar. Frå og med ungdomstrinnet er det presisert at læraren og eleven skal vere i dialog om utviklinga eleven syner i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål.  

- Å kunne begge språkformene er viktig i framtidig yrkesliv. Eg er difor glad for at sidemålet har fått større plass i dei nye læreplanane, seier Melvær.