Dette er Alver Høgre sin 100-dagars plan for Alver

I dag er det 100 dagar igjen til valet. Alver Høgre har ein 100-dagars plan for det vi skal få gjort dei første 100 dagane dersom veljarane gir oss tillit til å styra Alver kommune.

Alver Høgre har jobba med å utarbeida partiprogram i eitt og eit halvt år. Vi har hatt grundige prosessar med medverknad frå innbyggjarar, frivilligheten og næringsliv. Når vi bygger ein ny kommune er det viktig å ha kunnskap om heile den nye kommunen. Vi er derfor stolte over å presentera eit program som ser heilskapleg på den nye kommunen vår.

Vi trur på Alver. Fordi vi trur at den nye kommunen vil kunna gi oss betre tenester. Fordi vi trur på menneska som bur i kommunen. Og fordi vi trur på alt vi kan få til i fellesskap.

Likevel er det nokre område der vi ser felles utfordringar i alle tre kommunane som no blir ein. Det må vi som politikarar levera konkret politikk på.

Det er til dømes ikkje greitt at grunnskulane våre leverer dårlegareresultat enn resten av fylket og landet elles. Vi har sett det tidlegare på tal frå nasjonale prøver, men ferske, nasjonale tal stadfestar at vi har ein jobb å gjera for å løfta grunnskulane i Alver.

Det skal ikkje spela noko rolle om du er gut eller jente, kor du er fødd eller kven foreldra dine er for om du gjer det godt på skulen. I dag er det store skilnader i korleis skulen klarer å løfta elevane, også internt i Alver. Fellesnemnaren er at vi ser at Alver-skulane samla sett ligg bak resten av fylket og resten av Noreg.

Debatten om bompengar er aukande. Byrådet i Bergen, med Arbeidarpartiet og KrF i spissen, sin provokasjon mot Nordhordland synleggjer trongen for å sjå på bompengeinnkrevinga i regionen under eitt. Vi skal kunna køyra barn til og frå skule, trening, kulturskule og andre fritidsaktivitetar utan å få ei ekstra bomrekning. Ein skal kunna besøke familie og vener som bur i ei anna bygd i kommunen utan å måtte få eiekstra bomrekning.

Dei eldre må bli behandla med verdighet, kommunen må moderniserast og digitaliserast for å enklare og raskare hjelpa innbyggarane. Vi er avhengig av å ha ein kommune som seier JA til utvikling. Slik bygger vi ein god kommune.

Alver Høgre har mykje vi ønskjer å få utretta. Stemmer du Høgre, stemmer du på eit parti som prioriterer kvaliteten i tilboda du brukar. Du stemmer på eit parti som vil ha ja-haldning – ein kommune som seier ja til gründerar, ja til nye jobbar og ja til utvikling. Du seier ja til moderasjon, for vi kan ikkje lova meir enn vi kan halda. Det er først når verdiar blir skapt at dei kan delast.

Vi kan ikkje gjera alt vi vil på 100 dagar, men dersom vi får tilliten til veljarane har vi laga denne planen for kva vi skal setje i verk i løpet av dei første 100 dagane vi styrar Alver:

• Starta arbeida med å skapa ein skule der elevane lærer meir og meistrar kvardagen

• Starta arbeidet med å etablera ein plan for å modernisera skulen ved å ta i bruk meir digitale verktøy i undervisninga. Det finst knapt ein arbeidsplass utan datasystem – då må skulen ligga i front

• Be om oppstart på ein tverrfagleg plan mot mobbing og for livsmestring i skulen og barnehagen

• Starta planarbeidet for ny ungdomsskule på Frekhaug og sikra framdrift i arbeidet med å byggje ny Alversund barneskule.

• Etablera samarbeid med Bergen kommune og fylkeskommunen for å samordna bompengeinnkrevinga.

• Starta arbeidet med å motverka einsemd blant eldre, mellom anna ved å tilby heimebesøk til alle over 75 år

• Starta arbeidet med å digitalisera kommunale tenester og søknadsprosessar, og automatisera saksarbeid der dette er mogleg for at innbyggarane skal få raskare hjelp.

• Eigedomsskatt på hus og hyttar skal fjernast for alle frå 1.1.2020. Høgre vil ikkje akseptere ulike reglar for innbyggarar i same kommune

Nils Marton Aadland

Ordførarkandidat

Alver Høgre