Thoralf Granerød ny kampanjesjef i Høgre
Høgre er glad og takksam for å ønske vår nye marknads- og kampanjesjef, Thoralf Granerød, hjarteleg velkomen til oss.
–Thoralf har alt kva me kan ønske oss. Han har eit ungdommeleg pågangsmot og engasjement. Han er nysgjerrig og svolten, slik eg kan sjå for meg at han også var den gongen han var ungdomssekretær i Nordland UH på byrjinga av 80-talet. Samstundes har han tung kompetanse og erfaring, etter over 30 år i kommersielt næringsliv. Han har vore konserndirektør for marknad og kommunikasjon i SpareBank 1 Gruppen, og han har hatt leiande roller i reklame- og kommunikasjonsselskap, seier generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarset.
Høgre bygger sine kampanjar og kultur på framtidsoptimisme, positive politiske bodskap og samarbeidskultur. Me legg vekt på å snakke mest om eigen politikk, og minst om andre parti. Thoralf er rett person for å vere med å bygge denne kulturen vidare, styrke oss ytterlegare og bidra til at me vinn nye val. Thoralf jobbar også som forelesar ved Westerdals Høyskolen Kristiania, noko han vil halde fram med ved sidan av jobben i Høgre.
–For meg skjer politisk og partipolitisk utvikling i krysningspunktet mellom de politiske sakene, organisasjonsutvikling og mennesker. For å lykkes over tid må dette arbeidet preges av positivt engasjement og tillit mennesker imellom, noe Høyre har forstått. Jeg gleder meg voldsomt til å jobbe sammen med dyktige og engasjerte kolleger, både rundt i landet og i Høyres Hovedorganisasjon, sier Thoralf Granerød.
Thoralf kjem til Høgre frå stillinga som administrerande direktør i selskapet IMG NORD AS, eit selskap som jobbar med forskingsbasert organisasjonsutvikling. Han startar i jobben i Høgre 1. oktober i år, og han avløyser Dag Terje Solvang som går til jobben som ny generalsekretær i Den Norske Turistforening.