Giske kommune – Budsjett 2020

Kommunebudsjettet for 2020 vart sist torsdag vedtatt av Giske kommunestyre. Budsjettet er det viktigaste styringsdokumentet for kommunen, og for politikarane i kommunestyret er det her partiprogramma møter verkelegheita: Kommunen sin tøffe økonomiske situasjon gir dessverre ikkje rom for nye mulegheiter, betra tenester eller oppfylling av politikarane sine ønskelister. Tvert om, dei harde realitetane er at kommunale tenester er skårne til beinet, noko som kan bety lovbrot i fleire tenester.

Fleirtalskoalisjonen med Krf i spissen står bak budsjettforslaget som vart vedtatt, mindretalet røysta for Høgre sitt alternativ. Det er viktige prinsipielle forskjellar mellom desse. Å vedta kutt utan adresse til konkrete tiltak er ikkje ansvarleg, og føyer seg i rekkja av budsjettvedtak som i mange år har vist seg ikkje å vere mogleg å etterleve, og som år etter år har gitt meirforbruk. Rådmannstaben har i år lagt fram ei rekkje tiltak som derimot kunne sikra faktisk effekt på drifta. Men fleirtalet i kommunestyret har ikkje evna å prioritere desse tiltaka med den mest openbare effekten. Dette meiner vi i Høgre er særs uheldig, aller mest med tanke på langsiktig, berekraftig drift av oppvekstsektoren.

Budsjettprosessen siste åra har elles vore prega av at kommunen er delvis underlagt statleg administrasjon, som ei av berre ti ROBEK-kommunar i landet. Tidlegare driftsunderskot må dekkast etter forpliktande plan. Denne planen har kommunen ikkje greidd å etterleve.

i 2019 har kommunen hatt god skatteinngong og avkastning på kraftfond, høgre enn budsjettert. Likevel seier prognosane at året vil ende i eit nytt stort millionunderskot. I budsjettet for 2020 er det vedtatt auke i eigedomsskatten på 7,6 mill, avkastning på kraftfond på 4,4, mill, og dei forventa skatteinntektene er auka med 2,5 mill utover sentrale anbefalingar. Driftskutta er store i alle rammene. Fortsatt er det heilt uavklart korleis skulesektoren skal makte ei innsparing på 1,5 mill. som 2020-budsjettet pålegg. Ei arbeidsgruppe er etablert for å gi svar på dette allereie i mars.

I ein situasjon som denne må festtalar og valløfter leggast til side, inntil dei økonomiske realitetane er forstått og etterlevd. Det gjeld å ta dei viktige grepa som gir rask effekt og som varer. Før vi fredar noko som helst, må lovpålagde tenester ivaretakast og vi må verne om dei svakaste. Årets budsjettdebatt har fortona seg meir som ein skuledebatt, der økte inntektsføringer er vedtatt for å unngå å ta besparingane som ligg i endra skulestruktur, ikkje til å oppretthalde antall lærerar, unngå kutt i omsorgstenester eller barnevernstenester. Vi kunne valgt å gjennomføre den mest openbare strukturendringa i skulen no, slik at debatten heller kunne handla om dei svakaste. Det har den ikkje gjort. Dessverre.

Giske Høgre vil arbeide aktivt viare, og har von om at vi kan få større oppslutning om vår politikk framover, slik at kommunen får etablert ein ansvarleg politikk som gir økonomisk berekraft på kort og lang sikt. Slik kan vi få tilbake makta til kommunen og gjenreise handlingsrommet til det beste for innbyggjarane i kommunen vår.