Søk
FOTO: Hå Høgre

Program for Hå Høgre, perioden 2015-2019

Hå Høgre vil føra ein konservativ og framtidsretta politikk, bygd på det kristne kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret, for å fremja personleg fridom og sosialt ansvar, medråderett og eigedomsrett, og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

Hå Høgre vil i perioden arbeida for følgjande saker:

Skule og oppvekst

·      Større sjølvstyre til kvar enkelt skule og barnehage.

·      Foreldre/føresette skal vera ein ressurs i barnehage og skule.

·      Auka og kvalitetssikra kompetansen til alle tilsette i skulen, med vekt på etter- og vidareutdanning.

·      Nulltoleranse mot mobbing og vald i skulen.

·      Skulemiljøet skal pregast av respekt, ro, orden og grensesetting.  Alle elevane skal kjenna seg trygge og trivast.

·      Eit godt fagleg og motiverande læringsmiljø for alle elevar.

·      Kvalitet i heile skulen gjev meir kunnskap som er grunnlag for meir verdiskaping og eit høgare velferdsnivå.

·      Sikra nok barnehageplassar i alle tettstadene. Ny barnehage på Brusand.

·      Arbeide for gode, moderne og funksjonelle skulebygg. Utviding av Varhaug skule.

Helse og omsorg

·      Det skal vera eit fleksibelt kommunalt og privat tenestetilbod der den enkelte får det tilbodet ein treng. Brukarane skal få større valfridom og innverknad over eigne liv.

·      Det skal vera trygt og godt å bli gammal i Hå. Kommunen skal tilby gode, fullverdige tenester til alle som treng det. Styrke heimehjelpstenesten.

·      Planlagd utbygging av sjukeheimen på Nærbø skal gjennomførast i perioden.

·      Arbeida for rehabilitering/nybygg ved Olsvoll.

·      Vidareutvikla eksisterande institusjonar.

·      Aktivitets- og oppmøteplikt for alle sosialhjelps-mottakarar.

Trygge lokalsamfunn

·      Hå sine innbyggarar skal kjenna seg trygge i lokalmiljøet sitt.

·      Arbeida for at kriminelle organisasjonar ikkje får etablert seg i kommunen.

·      Meir synleg politi i heile kommunen.

·      Støtta opp om og vera med på å vidareutvikla ”Foreldre på banen/Natteramnar”.

Kultur og idrett

·      Halda fram det gode arbeidet med å spreia kulturtilbodet over heile kommunen.

·      Vidareutvikla det gode arbeidet i kulturskulen.

·      Vidareføra ungdomsarbeidet i Lennsmannsløa og Loen, og spreia dette til dei andre tettstadene.

·      Idrettslag og andre frivillige organisasjonar er viktige ressursar i kommunen. Desse skal ha gode vilkår.

·      Styrkja symjeopplæringa og auke bassengkapasiteten i kommunen.

Samferdsel

·      Arbeida for dobbeltspor på Jærbanen på heile strekninga mellom Sandnes og Egersund.

·      Arbeida for gode kollektivløysingar til Kviamarka.

·      Leggja til rette for attraktive jernbanestasjonar i kommunen med gode parkeringstilhøve.

·      Trafikktryggleik skal prioriterast i heile kommunen, med spesiell vekt på barna sin skuleveg.

·      Auka løyvingane til gatelys.

·      Arbeida for opprusting av Buevegen med omkjøringsveg på Varhaug.

·      Arbeida for å fullføra sykkelstien mellom Ogna og Brusand.

·      Sluttføra omkjøringsveg på Vigrestad.

·      Arbeida for å flytta jernbanestasjonen på Brusand for å tilpassa behova til Brusand og Stokkelandsmarka.

Næring

·      Klargjera næringstomter i heile kommunen, primært på uproduktiv jord.

·      Arbeida aktivt for å vidareutvikla næringsområdet og hamna i Sirevåg.

·      Stimulera til gründerverksemd og nyskaping i heile kommunen.

·      Fleire lærlingplassar i kommunale verksemder.

·      Leggja til rette for reiseliv og turisme.

·      Hå kommune skal vera ein positiv medspelar for næringsliv og landbruk.

·      Driftsbygningar som ikkje lenger er i bruk, må kunna brukast til andre formål.

Kommunen

·      Skal være mogleg for alle delar av kommunen å veksa og å vidareutvikla seg.

·      Gjera det mogleg for folk å bu der dei sjølv vil.

·      Det skal alltid vera ledige kommunale bustadtomter.

·      Hå skal vera ein JA-kommune som raskt og effektivt behandlar innbyggarane sine spørsmål.

·      Kommunen skal vera open og sikra innbyggarane innsyn i alle demokratiske prosessar.

·      Hå Kommune skal vera ein god arbeidsgjevar og ha som mål at alle tilsette skal ha nødvendig kompetanse. Tilsette som ikkje har fagbrev i dag, skal få tilbod om å heva kompetansen sin.

·      Leggja til rette for ei god integrering av flyktningar der opplæring og arbeid er viktig.

·      Arbeida for eit felles og betre opplæringstilbod for framandspråklege med Time og Klepp.

·      Utarbeida gode og framtidsretta sentrumsplanar for alle tettstadane der ein også legg vekt på estetiske kvalitetar. Ogna er viktig her.

·      Utarbeida flaumsikringsplanar for tettstadene med spesielt vekt på Vigrestad og Brusand.

Miljø

·      Arbeida for å redusera miljøutslepp frå næringsliv og kommunal verksemd.

·      Arbeida for miljøvennlege samferdselsløysingar.

·      Kommunen skal leggja til rette for og stimulera til bruk av alternative, miljøvennlege energikjelder.

·      Ta best mogleg vare på og utvikla grøntområda i og rundt tettstadene, og naturområda i heile kommunen.

Dessutan vil Hå Høgre

·      Seia nei til eigedomsskatt.

·      Verna om eigedomsretten.

·      Arbeida for gode planar for vedlikehald av kommunen sine bygg og eigedommar.

·      Arbeida for tilrettelegging av serviceanlegg for turistar, med særleg vekt på Sirevåg.

·      Leggja til rette for nye turstiar og opprusting av eksisterande.

·      Kommunesamanslåing må utgreiast grundig. Dette må vera klart før Hå Høgre tek standpunkt til dette spørsmålet.