Søk

Korleis kan Norge bli «smartare»?

Kronikk av Torill Eidsheim, Stortingsrepresentant for Hordaland Høyre. Innlegget stod på trykk i Bergensavisen 20.09.16. 

I haust blir stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge» behandla. Meldinga handlar i klartekst om korleis Norge skal bli eit smartare samfunn. Men korleis ønskjer vi eigentleg at vårt smarte samfunn skal sjå ut?

Digital Agenda handlar om nettopp dette; denne stortingsmeldinga er regjeringa sine forslag til politikk for at Norge skal bli eit smartare samfunn.

Norge er i dag eit av dei mest digitaliserte landa i verda. Mange av dei tenestene vi brukar i dag eksisterte ikkje for fem år sidan, og den utviklinga vil fortsette, ikkje uforandra, men kanskje i enda raskere tempo. Både innbyggarar og næringsliv vil forvente stadig meir. «Alle» snakkar no om digitalisering, smarte samfunn og potensialet vi har ved å ta teknologien i bruk innan transport, helse, og utdanning. Men digitalpolitikken har hengt etter. Kanskje fordi IKT-politikk og digitalpolitikk er innvevd i det aller meste og dei aller fleste politikkområder. Dette gjer at ein viss «silo»-tankegang pregar debatten. Det blir til tider vanskeleg å einast om både retning og prioriteringar.

Kvar høyrer eigentleg den digitale politikken heime og korleis bør den organiserast? Ansvaret for den digitale politikken har vore på vandring, ofte tilsynelatende tilfeldig og sjeldan knytt til store diskusjonar om ønska eigarskap. Då regjeringa trådte til i 2013 blei det gjort nokre viktige grep, men sektoransvaret er hardt meisla i norsk politikk.

Når Digital agenda for Norge no er lagt fram for Stortinget er det Transport- og kommunikasjonskomiteen som har saksordførarskapet på den. Det er eg glad for, spesielt med tanke på at eit grunnlegande element for eit godt digitalisert samfunn er eit velfungerande ekomnett. Men eg er, som saksordførar, også urolig for at Stortinget ikkje nyttar høvet til å ta aktivt del i debatten om den heilskaplege politikken som skal til for å gjera Norge «smartast». .

Meldinga frå Kommunal og Moderniseringsdepartementet gir ei god oversikt over mange av dei digitale utfordringane vi står ovanfor og inneheldt på mange områder svært gode analysar, reiser problemstillingar og gir konkrete forslag til politikk. Men når den digitale politikken skal gjerast konkret, så er det ikkje alltid like opplagt kva som er det viktigaste. Er det sikkerhet, rettighetar, kompetanse, utdanning, delingsøkonomi, plattformar, kringkasting eller telekom?

Eit smart samfunn vil krevje at vi politikarar evnar å flytte oss ut av «siloane» våre og klarar å sjå at den digitale politikkutviklinga må skje på tvers. Vi treng ein samlande politikk som ivaretar behovet for fleksibilitet og raske endingar.

Optimal utvikling av den digitale politikken vil ikkje kunne skje i eit vakum. I tillegg til mindre sektortenking, må også samspelet mellom privat og offentleg sektor betrast. Vi burde ha det beste utgangspunkt for skape verdsleiande teknologi og skape moglegheiter for at norske leverandørar kan konkurrere globalt. Dette ville vere eit win-win der norske innbyggarar får tilgang på det nyaste og beste på teknologimarknaden samtidig som norske tilbydarar får erfaring og utviklingsmulighet hjå eit særs krevjande publikum.

Kanskje er det helsesektoren som kan bli neste vår neste vekstindustri etter olja? I eit velstandssamfunn som i Norge, vil behovet for offentlege tenester auke kontinuerleg. Dette er ein naturleg konsekvens av den «generasjonskontrakta» vi har, der vi har skapt ei klar forventning, blant både innbyggarar og politikarar, om at dagens velferdsgoder skal vidareførast, utviklast og forbetrast. Overordna må eit smart samfunn gjennom teknologi gi kvar og ein av oss eit enda betre liv. Når oljerelatert teknologi no gradvis gir slepp på «eigarskapen» til norske talent, blir vår oppgåve å legge til rette for at desse talenta også kan bidra til å gjere kvardagen vår enklare.

Vi får stadig hyppigare påminningar om digital sårbarhet. Ofte kan det vere små detaljar som kan gi store konsekvensar; full stans i togtrafikken, mobilnettet nede og utilgjengelege banktenester etc Det vil vere heilt vesentleg for vår digitale framtid at vi får heva kompetanse og rolleforståelse også i det offentlege og i forvaltninga! Høgteknologisamfunnet vil krevje høg kompetanse i alle ledd!

Hovudutfordringa for Norge er og vil vere å ligge i forkant med politisk dagsorden og politikkutvikling. For vi ønskjer ikkje berre EITT smart samfunn, vi ønskjer DET smarte samfunnet som gir oss alle eit enda betre liv. Det krev at vi set oss i førarsetet. Når initiativ blir tatt i EU, så må vi nasjonalt allerede ha rigga oss til å debattere, analysere og ikkje minst påverke problemstillingar og løysningsforslag som kjem opp på den internasjonale og den europeiske digitale agenda.  

På vegen mot eit optimalt smart samfunnet er det i høgste grad på sin plass å snakke om at alt heng saman med alt! For at Norge skal kunne bli DET smarte samfunnet som vi faktisk ønskjer treng vi ei god koordinering av alle våre gode krefter. Kanskje burde det vore eit tydlegare skille på koordineringsansvar for strategi og tilsyn? Norge vil trenge ein brodd med eit klart mandat for strategisk utvikling av vårt smarte samfunn.

Saman løfta vi Norge til å bli verdas leiande oljenasjon, no er kanskje tida inne for å løfte Norge til å bli verdas leiande smarte samfunn.

Torill Eidsheim
Stortingsrepresentant for Høgre, Transport- og kommunikasjonskomiteen
(Saksordfører for Digital Agenda)