Søk

Jubel for nye Nordhordland kommune

I dag, onsdag 22. juni, er det fatta vedtak om samanslåing av Lindås, Meland og Radøy kommune. 

-      Dette er ein historisk dag for regionen vår. Når den nye kommunen tar form, håpar vi at enda fleire av kommunane i Nordhordland vil slutte seg til den nye kommunen vår, seier gruppeleiar for Høgre og varaordførar i Meland, Nils Marton Aadland.

Kommunereforma er eit viktig prosjekt for å ruste Norge for framtida. Kommunane har viktige velferdsoppgåve og regjeringa har vore opptatt av at dei må sikrast gode og forutsigbare økonomiske rammer. Kommunar med store avstandar vil eksempelvis få meir støtte til helsetenester og skular enn kommunar i sentrale strøk.

-          Vår region har eit stort omstillingsbehov og vi kjem til å ha behov for ein stor kommune som kan ta fatt i den utfordringa. Nokre av våre viktigaste politiske saker framover kjem til å tiltak for meir effektive kommunar og legge til rette for å skape fleire arbeidsplassar. Vi må også legge til rette for at fleire skal kunne skape sin eigen arbeidsplass her i Nordhordland, seier Kenneth Murberg gruppeleiar i Radøy Høgre.

Høgre-laga i Nordhordland er klare til å omstille seg og tilpasse seg den nye kommunen. Høgrepolitikarane i alle Nordhordlandskommunane har lenge hatt eit godt samarbeid og ønskjer å halde fram med dette i tillegg til at tre av desse kommunane no bundne saman til ein – Nordhordland kommune.  I helga samla politikarar og tillitsvalde seg for å stake ut kursen vidare.

-          Det er no vi formar Nordhordland si framtid, seier Thomas Larsen frå Nordhordland Unge Høgre. Saman med innbyggarane vil vi  utarbeide vår politikk for den nye kommunen Nordhordland og det ønskjer vi å invitere innbyggjarane med på. Vi kjem til å lage eit programutkast og invitere til folkemøter for å involvere alle i politikkutviklinga vår, held han fram.

Stortingsrepresentant Torill Eidsheim har budd i alle tre kommunar som no slår seg saman.

-          Slik eg ser det er det heilt naturleg at desse tre kommunane kan bli til ein. For oss som bor her er det viktig å ha ein stor og slagkraftig kommune som er i stand til å få både meir makt og myndighet. Det vil vere nødvendig for å møte morgondagens utfordringar og dei aukande forventningane om gode tenester til innbyggarane, seier Torill Eidsheim.