Søk
Forhandlingsutvalget

Høgre er klar for ei ny kommune i Nordhordland

Arbeidet med kommunereformen bærer frukter i Nordhordland. Høgre sine gruppeleiare i kommunane i Lindås, Meland og Radøy er positive til at dagens tre kommuner blir til ein ny storkommune.

 

-Det som ligg i avtalen er svært positivt, og vil gi grunnlag for betre tenester for innbyggjarane, styrka lokaldemokrati og auka satsing på næringsutvikling, seiar gruppeleiar i Meland kommune, Nils Marton Aadland.

Intensjonsavtalen om samanslåing av dei tre kommunane er signert av forhandlingsutvalet.

-Lindås Høgre har programfesta i fleire valperiodar at me er positive til kommunesamanslåing, seiar gruppeleder i Lindås May Eva Sandvik

 

Du kan lese meir om saka i Bergens Tidende eller i Nordhordland: