Aktuelt

Er det for mange sjefar i kommunen?

— Me har sjenerøst med kommunalsjefar og andre sjefar, men openbart for få saksbehandlarar og tilsette til å gjennomføre vedtak, seier Grethe Drønen Ringdal. I kommunestyret i dag bad ho rådmannen gjennomgå korleis han organiserer kommuneadministrasjonen....

Helsesjekk for kommuneøkonomien

p.p1 { margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 12.0px Helvetica } — Dersom me kan effektivisere berre 1 prosent av budsjettet så utgjer dette omtrent 4 millionar kroner. Dette kan ikkje vere heilt urealistisk å klara gjennom sjå korleis ressursane vert brukt, seier Joon Raymond Haugland....

— Ein stor dag for kyrkjene

Budsjettforslaget til Høgre og Arbeidarpartiet sikra eit krafttak for kyrkjene i Austevoll. I dag vart det vedtatt å løyve seks millionar kroner dei neste tre åra for å sette kyrkjebygga i stand....

Viktig satsing på samferdsel

— Budsjettvedtaket gjer at kommunen er i stand til å styrke rutetilbodet til og frå Austevoll. Pengane kan blant anna brukast til å gje fleire avgangar med snøggbåt til Bergen og Flesland, seier ordførar Morten Storebø....

2018-budsjettet vedtatt i formannskapet

Betre infrastruktur, redningsaksjon for kyrkjebygga, og lønshopp for støttekontaktar er nokre av satsingane Høgre og Ap foreslår i budsjettforslaget som blei vedtatt av formannskapet i kveld....

Kaos på kaien

Kaos er kanskje ikkje det rette ordet, men det er det einaste eg kjem på for å beskriva tilstanden på Hufthamar kai rundt klokka 17:00 kvar vekedag. 

Høgre og Aps framlegg til kommunebudsjett

I kveld la Liv Bente Storebø fram Høgre og Aps framlegg til kommunebudsjett. Det blir bedre brannberedskap, med ny mannskapsbil og fleire øvingar, raskare plan- og byggesakshandsaming, vidare drift av bassenget ved gamle Trolandshamar skule — og utbetringar og nye leikeapparat ved Selbjørn skule....

Den tredje flyttemeldinga

Me skulle sørgd for at det var mykje betre kjent at den siste utflyttinga av kommunehuset skulle avgjerast 17. mars. Det er nok likevel ikkje slik at saka er så kontroversiell som det kan verke som. Dette er det tredje vedtaket om å flytte tilsette frå kommunehuset. Dei to føregåande blei gjort i førre periode.

Påskehelsing

Tolv år i opposisjon virka endeslause. I posisjon har dei fem første månadane gått forsvinnande fort. I starten av ein valperiode handlar mykje om å bli kjent med dei nye rollene me har tredd inn i. Sjølv om mange i høgregruppa har vore med i politikken ei stund, er det nytt for alle å overta oppgåvene og ansvaret som posisjonsrolla fører med seg. Men sjølv i innkøyringsfasa, har me fått...

Eit ansvarleg budsjett for Austevoll

2016-budsjettet er stramt, men det er likevel plass til viktige tiltak. Løpande opptak i barnehagane held fram, stillingar blir oppretthalde i skulen, det er pengar til Hufthamartunet og grenda- og samfunnshus, gravplassen i Bekkjarvik skal utbetrast og det er lagt inn meir til trafikksikring.

Vekst og utvikling i Austevoll

Høgre ber om tillit frå veljarane til igjen å overta styringa av Austevoll. Me har 27 dyktige kandidatar med engasjement og vilje til å gjere Austevoll til ein endå betre kommune å bu, leve og drive verksemd i.

Svar til Bjørn Inge Midtgård

I Austevollingen.no stiller Bjørn Inge Midtgård ei rekke gode spørsmål til dei politiske partia i Austevoll. Her er svara frå Austevoll Høgre....

Grunn til uro

Kva er verst: At ordføraren bagatelliserer legitim kritkk frå opposisjonen som personangrep, eller at ho kjempar innbitt mot at nokon skal vite kva rådmannen har forplikta kommunen til? Uansett gjev det grunn til uro.

Rett skal vere rett

Høgre har ikkje vore samd med Frp i alle saker i kommunestyret. Me har eigen politikk og eigne forslag til betre løysingar på viktige saker. Det betyr likevel ikkje at me har vore mot nødvendige satsingar slik Frp påstår i valbrosjyra si. 

Stem Høgre

I morgon er Austevolls lengste jobbintervju ferdig for denne gong. Då er det du som avgjer kven som skal sitte i kommunestyret og styre kommunen dei neste fire åra. Eg håpar du gir Høgre jobben. Høgre har dyktige kandidatar, Høgre har god politikk for folk og bedrifter i Austevoll, og Høgre har konkrete løysingar for å betre og utvikle dei kommunale tenestene.