Søk

Svar til Bjørn Inge Midtgård

I Austevollingen.no stiller Bjørn Inge Midtgård ei rekke gode spørsmål til dei politiske partia i Austevoll. Her er svara frå Austevoll Høgre.

1) Meiner partiet at Austevoll kommune bør slåast saman med andre kommunar? Kva vilkår må eventuelt liggja føre for at det skal bli aktuelt?
Det korte svara er «nei», fordi Austevoll ikkje vil oppnå viktige fordelar med ei eventuell kommunesamanslåing så lenge me ikkje har fast vegsamband.

Noreg har 428 kommunar. Det er 50 år sidan den førre store kommunereformen og sidan då har mykje endra. Ikkje minst har kommunane fått ansvar for mange nye oppgåver og tenestar, interkommunalt samarbeid har blomstra opp og kommunikasjonane er betre. Derfor er det på tide at ein ser på kommunekartet på nytt att, der målet må vere færre og større kommunar.

Austevoll har mange særpreg, og det har me også når det kjem til kommunereforma: Austevoll er ikkje landfast med veg. Det er derfor ikkje berre for Austevoll å slå seg saman med ein nabokommune. Mange av dei fordelane kommunesamanslåing skal oppnå, vil ikkje gjere seg gjeldande for vår del. 

Derfor meiner Austevoll Høgre at kommunesamanslåing ikkje er aktuelt så lenge øysamfunnet vårt ikkje har fast vegsamband.

2) Vil partiet arbeida for at kommunen vert landfast – eventuelt korleis? Visst ikkje – kva ferjetilbod ser partiet for seg?
Ja, men ting tar ofte litt tid og det gjeld ikkje minst for bygging av infrastruktur. Så lenge me ikkje har bru, så må me ha eit godt ferjetilbod. Og ferjetilbodet må sjølvsagt bli langt betre enn det er i dag.

Det er mange grunnar til at Austevoll bør bli landfast. Austevoll som samfunn må ikkje heng etter i den store utviklinga som skjer innan samferdsle andre stadar i regionen. Fast vegsamband er ein konkurransefordel, der ferje er det motsatte. Bru vil vere ein god forsikring for at Austevoll er ein attraktiv kommune å bu og drive verksemd i på lang sikt. 

Det mest hensiktsmessige er at Austevoll knyt seg på E39 som blir lagt over Rekstern. Motorvegstandard vil sikre rask og god kommunikasjon nordover til Bergen og sørover til Kontinentet. Når éi bru erstattar to ferjesamband så vil innsparte ferjesubsidiar monne langt meir i finansiere av dette nye brusambandet.

3) Kva samferdselsprosjekt internt i kommunen på kommunevegar og fylkesvegar vil partiet prioritera fremst? Korleis skal dei finansierast?
Det er ei lang rekkje vegstrekningar i kommunen som sårt treng opprusting. Med særleg unnatak for Austevollsbrua så er det, gjennom dei siste periodane, altfor lite som har skjedd. Behovet for utbetring er stort, og for Austevoll Høgre er det viktig at me kjem skikkeleg i gang og at me byrjar med dei viktigaste vegstrekningane først. Det betyr at me må prioritere. Høgre vil vektlegge utbetring av særleg trafikkfarlege vegstrekningar, blant anna der skuleborn ferdast, flaskehalsar og vegar med høg trafikk. Men det er viktig å understreke at dei fleste av desse vegane, i likskap med ferje- og snøggbåtsamband og bru til Rekstern, er fylkeskommunale vegar. Det er derfor nødvendig å sikre fylkeskommunale løyvingar til utbetring for å gjennomføre arbeidet.

4) Vil partiet gå inn for bompengeinnkreving som ein del av finansieringa til vegnettet internt i kommunen og/eller til eit framtidig fastlandssamband?
Truleg, men ikkje før Austevollsbrua er nedbetalt. Bompengar er ein del av finansieringa av Austevollsbrua, så me har allereie bompengeinnkreving i Austevoll. Me veit at bompengar inngår i vegpakkar i ei rekkje kommunar, Bømlopakken, Nordhordlandspakken og Bergensprogrammet er nokre dømer. Det er derfor all grunn til å tru at delar av finansieringa både for vegnettet internt i Austevoll, og fastlandssamband, er bompengar. Austevoll Høgre meiner likevel at nye bompengar ikkje skal innførast før Austevollsbrua er nedbetalt, for å hindre at det blir dobbelt opp.

5) Kva meiner partiet om den planlagde verninga av eit område i Krossfjorden?
Me er mot. Austevoll Høgre har melde frå til Fylkesmannen at me er sterkt i mot freding av Krossfjorden, slik me også argumentere for i dette lesarbrevet i Austevolllingen (ANN MAY LEGG INN LINK). Vern er ein viktig reiskap for å ta vare på naturområder, ikkje minst stader som er utsett for miljøforurening. Men som også fagetaten til Fylkesmannen har gjort greie for så føreligg ikkje slike utfordringar i Krossfjorden. Me meiner at miljøpolitikk bør svare på ekte utfordringar, og ikkje vere symbolpolitikk. 

6) Korleis vil partiet balansera ønske om privat utbygging av naust/hyttefelt/industriområde i høve til å sikra område til rekreasjon/landbruk og naturvern?
Naturen i Austevoll er eineståande, og som lokalpolitikarar har me eit viktig ansvar for å ta vare på naturområder og også leggje til rette for dyrehald og landbruk. I det kommunale planarbeidet skal ein balansere omsyn til natur, miljø, bustad og næringsverksemd. Me ønskjer busetnad og aktivitet i heile kommunen. Det betyr at me også må tilrettelegge for utbygging i heile kommunen. Samstundes skal me alltid ta naturomsyn. Det er god konservativ politikk å forvalte samfunnet og naturen til det beste for komande generasjonar. 

7) Vil kommunen i større grad nytta områdeplanar for å samordna bustadutbygging og utbygging av anna infrastruktur?
Ja. Nettopp fordi me skal balansere naturomsyn og ønskje om aktivitet i heile kommunen, er det viktig me ser både bustad og næringsutvikling i samband. Tanken om fortetting har også nådd Austevoll, og det er bra. I dei største bygdene våre vil mykje av folkeveksten handterast ved bygging av leiligheter og ikkje einebustader. Det gjer at me kan vekse meir på ein berekraftig måte. Fortetting vil jo også føre til større bygder, med større tiltrekkingskraft og vonleg eit større handels- og tenestetilbod.

8) Kva stadar i Austevoll ser partiet for seg som satsingsområde for industri/næringsutvikling?
Fleire plassar. Det er naturleg å utvikle næringslivet der det allereie er etablerte næringsområder. Dette har me særleg på Hundvåkøy, Huftarøy og Selbjørn. I tillegg ønskjer Austevoll Høgre å utgreie potensialet for utvikling av nordspissen på Huftarøy, knausane nord for landbruksområdet. Dette vil vere trafikknutepunktet i lang tid framover, og eit naturleg stad for mellom anna ny hamnestruktur. I eit slikt arbeid blir sjølvsagt omsyn til tilstøytande landbruk og friluftsområder viktig.

9) Vil partiet halda fast på konkuranseutsetjinga av pleie og omsorgtenestene eller vil desse bli rekommunaliserte?
Nei. Austevoll Høgre var kritisk til måten konkurranseutsetjinga blei gjennomført på, men me er positiv til at det offentlege i større grad kjøper tenester frå private aktørar. På same måte som at konkurranse medverkar til innovasjon og betre tenester i den private marknaden, så kan det ha positiv for offentlege tenester. Det er også fordelar ved at kommunen reindyrkar rollene som betalar og kontrollør på den eine sida, og tenesteleverandør på den andre. Derfor ønskjer ikkje Austevoll Høgre å rekommunalisere pleie- og omsorgsteneste.

10) Kva meiner partiet om etablering av private grunnskular i Austevoll?
Det er eit viktig prinsipp som gjer seg gjeldande i denne saka, nemleg det at foreldre og elevar skal kunne velje andre skular enn dei offentlege. Dette er også del av menneskerettslova. Austevoll Høgre meiner det er viktig å verne om denne retten. Derfor vil me ikkje hindre oppretting av privatskular i Austevoll som kan godkjennast etter privatskulelova. 

11) Vil partiet oppretthalda skulen på Møgster?
Nei. Austevoll Høgre meiner at skulen på Møkster bør leggjast ned. Det er vårt ærlege svar. For å sikre forsvarleg skuletransport så må det løyvast pengar til ei følgjeteneste på lokalbåten. 

12) Kor mange syriske flyktningar vil partiet ta i mot? Korleis vil partiet prioritera integreringsarbeidet i kommunen?
Austevoll skal ta imot flyktningar uavhengig av kva krigsherja del av verda dei kjem frå, men talet på flyktningar må vurderast utfrå faglege og økonomiske omsyn. Saka om busetnad av syriske flyktningar skapar stor debatt og er vanskeleg. Austevoll Høgre meiner at det beste Noreg kan gjere er å hjelpe flest mogleg. Det betyr sjølvsagt med hjelp i nærområda. Men me skal også ta imot flyktningar frå Syria og andre stader i verda. Her har Austevoll eit like stort ansvar som noko annan norsk kommune. Det er føremålslaust å årsmøtevedta nøyaktig kor mange me skal ta imot. Dette kjem mellom anna an på kva faglege vurderingar som blir gjort, kapasitet, tilgjenge på bustad, oppfølgjing og mykje meir. Men Austevoll skal medverke til busetnad av flyktningar som kjem til Noreg.

13) Kva meiner partiet om eigedomskatt i Austevoll?-
Eigedomsskatt er ikkje uproblematisk. Eigedomsskatt er skatt på eit objekt, og ikkje til dømes inntekt eller overskot. Sjølv om bustaden du bur i ikkje skapar inntekter, så må ein altså betale skatt. Samstundes er kommunens inntektsside temmeleg regid. Eigedomsskatt er reelt sett den einaste måten ein kommune kan auke skatteinntektene sine på. Då diskusjonen var oppe i samband med 2008-budsjettet, røysta derfor Høgre for eigedomsskatt. Høgres intensjon var at dette skulle gje oss økonomisk armslag til å gjennomføre grundige og nødvendige strukturelle prosessar i den kommunale tenesteproduksjonen. Det skjedde dessverre ikkje så raskt som Høgre ønskte. Det høyrer samstundes med til historia at inntektene frå eigedomsskatten blei forvalta av eit fleirtal i kommunestyret beståande av Frp og Sp. Denne dugnaden har samstundes vore heilt avgjerande for å sikre overskot på den kommunale drifta. 

Austevoll Høgre ønskjer ikkje å gjeninnføre eigedomsskatt på budstad i Austevoll. Den viktigaste jobben for å hindre ein framtidig diskusjon om eigedomsskatt, er å halde orden i kommunens økonomi. Derfor har Austevoll Høgre i dei alternative budsjetta våre lagt til grunn moderat og berekraftig vekst i dei kommunale utgiftene. Etter at regjeringa no gjeninnfører ein kommunal del av selskapsskatten er behovet for eigedomsskatt sjølvsagt mindre.

14) Om det vert opp til kommunen å avgjera om butikkane skal vera søndagsopne, vil partiet gå inn for søndagsopne butikkar i Austevoll?
Spørsmålet om søndagsopne butikkar handlar ikkje om det er kommunen eller staten som avgjer at butikkar skal halde ope på søndagar eller ikkje. Det er det sjølvsagt innehavaren av butikken som avgjer sjølv. I Austevoll er det også slik at butikkane har høve til å ha ope i sommarhalvåret. Me veit derfor at nokre butikkar nyttar seg av retten til å ha ope, medan andre gjer det ikkje. 

I Austevoll Høgre er det delte meiningar om spørsmålet, men kommunane har ikkje i dag høve til å fjerne det statlege forbodet mot å selje daglegvarer i butikkar som har eit salsareal større enn 100 kvadratmeter.

15) Kva vil partiet gjera for å styrka kommuneøkonomien og hindra at kommunen kjem i ROBEK registeret?
Alt me kan. Austevoll Høgre skal føre ein ansvarleg økonomisk politikk, slik me har framvist gjennom dei alternative kommunebudsjetta våre. Me skal vere ærlege på at kommunen ikkje har råd til å finansiere alle gode føremål og at me derfor må prioritere det viktigaste først. Budsjettsatsingar skal vere salderte med ekte pengar og me skal sørge for at veksten i budsjetta er berekraftige over tid.

16) Kva meiner partiet om landbaserte oppdrettsanlegg?
I Austevoll Høgre er me medvitne på at kommunen skal tilby gode tenester, vere ein konstruktiv medspelar til næringslivet og medverke til at Austevoll er ein god kommune å bu i. Og så er det spørsmål som lokalpolitikarar i mindre grad bør leggje seg opp. Kva konsept eit havbruksselskap vel for matproduksjonen er mindre viktig, så lenge det er i samsvar med planverket. 

Men, i ein kommune med avgrensa landareal så er det vel sånn at det me kan drive av matproduksjon i havet, bør me produsere i havet.

17) Kva vil partiet gjera for å stimulera til meir «grøne val» og få ned miljø- og klimautsleppa i kommunen?
På same måte som at me skal ta vare på miljøet og naturen rundt oss, skal me også ta eit globalt miljøansvar. Global oppvarming gjer at vår del av verda vil bli utsett for meir ekstremvêr. Det er ei påminning om at menneskeskapt global oppvarming er alvor, og der lokale løysingar er ein del av det internasjonale arbeidet.

Høgre vil gjennomgå innkjøpsregelverket til kommunen og sørge for at klima- og miljøomsyn er eit av kritieria som blir vektlagt ved innkjøp av produkt og tenester. For å sikre forutsigbar og gjennomsiktig drift av kommunen, så vil me vedta og følgje opp planar på ei rekkje områder. Det gjeld også innanfor dette området. Me vil derfor leggje fram ein eigen handlingsplan for å gjere den kommunale verksemda meir klima- og miljøvenleg, med konkrete og målbare tiltak.