Høgre og Aps framlegg til kommunebudsjett

I kveld la Liv Bente Storebø fram Høgre og Aps framlegg til kommunebudsjett. Det blir bedre brannberedskap, med ny mannskapsbil og fleire øvingar, raskare plan- og byggesakshandsaming, vidare drift av bassenget ved gamle Trolandshamar skule — og utbetringar og nye leikeapparat ved Selbjørn skule.

Høgre og Ap er samde med rådmannens satsingar, blant anna auka kapasitet i plan- og byggesaksavdelinga, sånn at det skal gå raskare for folk å få svar på søknadane sine, og midlar til fleire øvingar for røykdykkarar i brannvernet. I tillegg er satsingar me fekk inn i budsjettet i fjor, som bygdahuspott og pengar for å realisere Blått kompetansesenter Austevoll vidareført av rådmannen.

Last ned budsjettframlegget med taldel og merknader her.

Høgre og Ap foreslår blant anna:

  • Ny mannskapsbil for brann, redning og beredskapstenesta, som vil betre beredskapen i Austevoll betydeleg. 

  • Oppretthalde drift av bassenget på gamle Trolandshamar skule fram til symjehallen på Storebø står ferdig.

  • Det blir løyvd éin millionar kroner til leikeapparat, og 1,5 million kroner til ventilasjonsanlegg i gymsalen på Selbjørn skule. 

  • Kontingent for SFO og kulturskulen blir fryst i 2017.

  • Det blir løyvd kr 500.000 til tiltak for universell utforming på Austevoll ungdomsskule.

  • Det blir avsett to millionar kroner til riving av delar av bygningsmassen på gamle Trolandshamar skule, og opparbeiding av uteområde. Endeleg avgjerd om kva ein skal gjere med bygga skal skje i samarbeid med lokalbefolkninga på Hundvåkøy og Storekalsøy og lokale lag og organisasjonar.

  • Det blir løyvd kr 500.000 til utbetringar og for å sikre universell tilkomst til Uthola badestrand i Bekkjarvik. 

  • Det er foreslått pengar til å planlegge utbetring av vegar, som eit startskot for den såkalla Austevollspakken.

  • Pengar til den kulturelle spaserstokken.

  • Det blir sett av 3,5 millionar kroner i eit investeringsfond for framtidig utbetring av Austevoll ungdomsskule.