Kaos på kaien

Kaos er kanskje ikkje det rette ordet, men det er det einaste eg kjem på for å beskriva tilstanden på Hufthamar kai rundt klokka 17:00 kvar vekedag. 

I denne tida kjem både ferja og båten inn, lasta med pendlarar på veg heim frå jobb og skule på fastlandet. Av og til kjem det også ungar som har vore på tur med skulen eller barnehagen sin, som skal hentast av foreldre. 

På westamarankaien er det sjølvsagt allereie fullt av bilar, då dette er reserverte plassar for mannskapet på ferja. Det ser imidlertid ut til å spele ei mindre rolle for dei som skal hente nokon, då bilar nærmast parkerar på måfå der det måtte vera mogleg. Når det verkeleg er fullt opp på kaien, så står dei bilane som ikkje kunne koma 20 minuttar før der dei måtte finne ein ledig plass, gjerne midt i vegen.

Så kjem bussen. Den stoppar opp, slepp folk av og tvinger seg veg mot venteskuret. Dette fører igjen til at 5-6 bilar stort sett må ta seg ein runde, og det skapast ein farleg og uoversiktleg situasjon for alle som oppheld seg på kaien. På tysdag denne veka var det tilfeldigvis mykje born, og sjølv om alle måtte ta dei beste hensyn og forhandsreglarso vil eg seie at dette er ein veldig farleg situasjon. 

Det er ikkje bilistane sin feil, ei heller bussjåførar eller andre. Feilen ligg i at utforminga av kaien i seg sjølv skapar desse farlege situasjonane. Den er rett og slett ikkje utforma på ein hensiktsmessig måte, for å takla den bruken som me har i dag. Dette vil sjølvsagt berre forverra seg etter kvart som folketalet stig i kommunen.

Den trafikale situasjonen har vore vanskeleg lenge, men etter at dei fjerna parkeringa på nedre del av kaien, og tvinga dagpendlarane opp so har den vorte mykje verre. No manglar det trygge moglegheiter for dei som skal gå til og frå bilane sine, då dei må kryssa framføre ferja, og det manglar dedikert plass for av- og påstigning for dei som skal hente og levera.

Som ektemann til ei som dagpendlar, og som far, så må eg seie at her må noko gjerast før det skjer ei ulykke. Det er fylket som skyttar for ferja og drift av kaien, og me kan ikkje sitte og vente på at dei skal ta initiativ til å gjere noko her. Eg vil innstendig be om at våre valde politikarar tar grep umiddelbart, og at dei som har verv på fylkesnivå løftar denne problemstillinga opp. Me snakkar om tryggleiken til borna våre, og til alle andre som brukar vår nordlege forbindelse med fastlandet, og det er etter mi meining ingen grunn til at dette ikkje bør settast høgt på dagsorden.