Viktig satsing på samferdsel

 Budsjettvedtaket gjer at kommunen er i stand til å styrke rutetilbodet til og frå Austevoll. Pengane kan blant anna brukast til å gje fleire avgangar med snøggbåt til Bergen og Flesland, seier ordførar Morten Storebø.

Kommunen jobbar no med to viktige samferdselsprosjekt. Det eine er Austevollpakken, der ein har kome godt i gang. Det andre er arbeidet med å styrke snøggbåttilbodet mellom Austevoll og Bergen. I budsjettet vart det løyvd 1,5 million kroner til samferdselssatsing i 2018, og 3 millionar kvart år dei påfølgjande tre åra i økonomiplanperioden.

 Kommunestyrets budsjettvedtak gjer det mogleg for kommunen å løyve pengar til å styrke rutetilbodet til og frå kommunen. Dette kan ha stor gevinst for alle som bur i kommunen, bedrifter som er avhengig av pendlarar og for reiselivet, seier Morten Storebø.

I budsjettet vert også rådmannen beden om å setje i gang ei reisevaneundersøking. Denne vil danne grunnlaget for ei eventuell satsing på snøggbåt.

 Før me gjennomfører ei stor og dyr satsing, er det viktig at me får så mykje informasjon som mogleg i forkant. Denne reisevaneundersøkinga vil blant anna ta for seg kor mange fleire som vil velje å ta snøggbåt dersom rutetilbodet blir betre. Det gjeld ikkje minst om fleire som dagpendlar til Austevoll vil ta båt i staden for, dersom den får meir fornuftige rutetider frå Bergen og sørover.

Høgre og Arbeidarpartiet ser ei satsing på snøggbåt i samanheng med sentrumsutvikling av Storebø. I tillegg kan den ha stor betydning for reiselivsnæringa, ikkje minst i Bekkjarvik.