Ungdomskule-utbygginga lagt ut på anbod

Ungdomsskulen skal pussast opp og byggast ut. I går vedtok kommunestyret å legge prosjektet på anbod.

Utbetring og utbygging av Austevoll ungdomsskule er det neste store byggeprosjektet i kommunal regi. Ungdomsskulen er for liten og i for dårleg stand. No skal skulen rehabiliterast og det skal byggjast ein ny etasje over delar av bygget. Kommunestyret vedtok i går å legge arbeidet på anbod.

Vedtaket, som var samrøystes, er slik:

1. Austevoll kommunestyre meiner kommunen alltid må førebu og gjennomføre anbodsprosessar på ein slik måte at det sikrar størst mogleg konkurranse ved at flest mogleg tilbydarar har høve til å levere tilbod.

2. Austevoll kommunestyre viser til at rådmannen har følgd opp formannskapets ønske om meir informasjon om anbodsgrunnlag. I saka om ungdomsskulen har kommunestyret vedtatt at kommunen skulle førebu prosjektet og gjennomføre arkitektkonkurranse. Basert på rådmannens opplysningar i forkant av kommunestyremøtet, så finn ein at prosjektet er betre førebudd enn tidlegare, noko som kan sikre auka konkurranse om prosjektet.

3. Austevoll kommunestyre vedtek å legge på anbod utbygging og ombygging av Austevoll ungdomsskule. 

4. Vedlegga i saka dannar grunnlaget for anbodskonkurransen. Austevoll kommunestyre set også som vilkår at det skal stillast krav om bruk av lærlingar. 

5. Rådmannen skal leggje fram ny sak til politisk handsaming etter konkurransen for blant anna å få endeleg vedtak om finansiering. 

6. Austevoll kommunestyre legg til grunn at tilkomst til fleirbrukshall blir lagt på ein slik måte at det ikkje krev veg mellom skulen og idrettsanlegg og slik kan medføre auka trafikk i eit område der personar ferdast og som kan hindre samankopling av ein eventuell framtidig hall over fotballbana og skulen.

7. Austevoll kommunestyre ber om at det for framtidige prosjekt skal fremjast sak for kommunestyret om val av enterpriseform og vekting av anbodskriterier.

8. Austevoll kommunestyre syner til grundige anbodsskildringar, og peikar på at det bør leggjast inn krav om at arbeida kan startast opp i juni 2018, slik at ein får gjort nytte av sommarferien med to elevfrie månader. 

Les meir om saka her og sjå skisser av utbygginga.