Søk

Bømlopakke II

Les det spanande forslaget Bømlo Høgre vil nytta til bompengeinnkreving på Bømlo.
Dette meinar me er ein rettferdig og god løysning for alle som nyttar dei flotte vegane me har fått på bømlo. Dette ivaretar forutsigbar framgong i prosjekta og hindrar di konsekvensar ein evt. bomring vil medøra.
(Foto. Sunnhordland.no)

Notat Bømlopakken 2 frå Bømlo Høgre
Sidan lanseringa av ein Bømlopakke 2 har det vore fokusert mykje på ”rettferdighet”. I saksframmlegget til rådmannen blir ordet ”rettferdighet” trekt fram fleire gongar. Når det kjem til veg og nedbetaling av veg, kan det vere utfordrande å finne fram til system for bompengeinnkreving som blir oppfatta som heilt rettferdig. Likevel må me som politikarar arbeida for å finna løysingar som flest mulig kan leva med, og som sikrar at me får dekka inn kostnaden å fullføre dei vegprosjekta me ønskjer for kommunen sine innbyggjarar.

Bømlo Høgre har tenkt alternativt og valgt å sjå på nye og innovative løysninger for å få dette til. Me meiner at det å setje opp bomstasjonar ikkje er det beste alternativet for folk flest. Bomstasjonar kan ha påverknad på busettingsmønster, handelsmønster og utfordringar knytt til diskusjonar om skulekrinsar, i tillegg til at dei er dyre å drifta. Bømlo Høgre ønsker at alle som bruker vegene også betaler for vegene heilt uavhengig av desse elementa.
Med dette som utgangspunkt ynskjer Bømlo Høgre å opprette eit system der alle som er registrert med bil på Bømlo betaler ein fast månadsavgift for å bruke vegane. Slik teknologien har utvikla seg fram til idag, opnar dette for nye moglegheiter for korleis me kan krevje inn penger. Dette vil gi sikkerhet og forutsigbarhet for inntektene til vegprosjekta. Tromsø er blant dei som og har tenkt annaleis, og dei bruker eit system der ein har auka bensinprisen med opp mot 1 krone som går rett til nedbetaling av veg.

Bømlo Høgre foreslår å opprette eit abonnomentsystem der kvar innbyggjar med registert bil som er busatt på Bømlo skal betale ein fast månadleg sum. Dersom ein har to eller fleire bilar betalar ein fullpris på bil 1 og ein rabattert pris på dei resterende bilane. Me ynskjer å legge opp til ein månadsavgift på ca. 700 kroner som er 100 kroner billigare enn det rådmannen legg opp til skal være det minste satstaket i sitt framlegg. For dei som ikkje har bilar registrert på Bømlo oppretthaldes bomstasjonen på Spissøy. Denne skal ta inn penger frå alle som skal inn til Bømlo Kommune, i tillegg til tungtransport og anna næringstrafikk som ikkje får rabattert pris på bil 2,3 osv. Bompengeinnkrevjinga på ferja Langevåg-Buavåg blir avvikla. Alle registrerte bilar på Bømlo må ha autopass som er registrert, slik at dei gratis kan kjøre igjennom bomstasjonen på Spissøy.

Økonomi
Rådmannen legg opp til at ein skal bruke 1 til 1,2 millardar på vegutvikling i Bømlopakken 2. Dersom ein legg til grunn at ein bygger veg for 1,1 milliarder og fylkeskommunen dekker 10% av denne summen vil me måtte krevje inn ca. 66 millionar kroner årleg i 15 år, 5,5 millionar kvar månad. På Bømlo var det i slutten av 2014 registert 6731 kjøretøy som er plikta å betala bom. Det er rimleg å anta at i 2018 vil dette tallet ha passert 7000. Dersom ein bruker 7000 kjøretøy som utgangspunkt vil kvart kjøretøy måtte betale ca. 785 kroner per månad for å få dekka inn 5,5 millioner.
Vidare skal bil 2 og 3 som ein eig ha rabattert pris. Likevel legger dette systemet opp til ekstra inntekter i frå bomstasjonen på Spissøy, der
pendlarar frå Stord, nærings og tungtransport og andre som skal inn til Bømlo er med på å betaler. Det blir oppretta eit tak for pendlarane som bruker autopass. Med alt medrekna, inkludert administrative kostnadar, så meinar me at summen kan komma ned til rundt 700 kroner per månad for bilar, mens større kjøretøy må ut med 1400 kroner per månad.

Kva er så fordelene med dette?
1. Likhetsprinsippet gjer at alle som bur og kjøyrer bil i Bømlo Kommune er med å
betaler på vegane.


2. Har ein samlande effekt for kommunens innbyggjarar ved at det ikkje vil påverka handelsmønster, busetnadsmønster eller kjøremønster.

3. Problematikk knytta til timesregel forsvinn.

4. Ein bomstasjon er berekna å kosta kr. 2 millionar i året å drifta. For fire nye stasjonar blir dette kr. 8 mill i året, og over ein 15-års periode tilsaman kr. 120 millionar. Desse kan istaden nyttast til vegprosjekt direkte.

5. Fast månadspris sikrar forutsigbare inntketer for finansiering og fullføring av heile Bømlopakke 2.

6. Ein opretthalder bare ein bom på Spissøy, og her blir det oppretta eit tak for
passeringar slik at det også blir billigare for dei som pendler til Bømlo. Me har tru på at Bømlo kan være første av mange kommunar i landet som tar i bruk alternative system for finansiering av vegar. Teknologisk trur me i Bømlo Høgre at dette er mulig. Eit slikt alternativ vil væra det einaste som tar vekk fokus på urettferdighet. Alle er med og betaler. Dersom eit samstemt kommunestyre går inn for ei slik løysing, så vil det gje Stortinget ein god grunn til å vedta ei slik innkrevjing. La oss visa at me i Bømlo kan vera ein føregongskommune slik som Tromsø. Det er lov å tenkje nytt!


På vegne av Bømlo Høgre,
Anri Håvard Hebib
Gruppeleiar