Politikk

Høgre vil føre ein konservativ politikk, bygd på det kristne og humanistiske kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret, for å fremja personleg fridom og sosialt ansvar, medbestemming og eigedomsrett og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

Våre hovedsaker

Barnehage

Høgre skal arbeide aktivt for at barnehagane i Leikanger har ei opningstid som samsvarar med behova åt foreldra.

Skule

Høgre skal arbeide aktivt for at utviklingsplanane åt skulane har eit sterkt fokus på entreprenørskap og basisfaga norsk, engelsk og mattematikk.

Kvalitet i oppvekst og omsorgstenesta

Høgre skal arbeide aktivt for at det vert lagt til rette for god rekruttering i omsorgsyrka i kommunen, mellom anna gjennom å unngå ufrivillig deltid.

Leikanger som bu- og arbeidsstad

Høgre sitt mål er at Leikanger skal kunne tilby variasjon og mangfald innanfor arbeidsplassar, bustadtilbod samt kultur og fritidstilbod.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program