Politikk

Høgre vil at kommunen vår skal vera ein Ja-kommune for våre innbyggjarar og vårt næringsliv. Me vil føra ein næringsvenleg politikk som bidrar til større verdiskaping, bustadbygging og trygge arbeidsplassar. Me skal vera ein samfunnsutviklar og pådrivar i arbeidet for ein storkommune og vil arbeide for ein god samferdselsakse på strekninga Bergen-Mongstad.

Våre hovedsaker

Oppvekst og skule

Lindås Høgre vil oppretthalda og utvikla vidare den høge kompetansen og kvalitet ved helsestasjonane, og arbeida for at kommunen skal ha eit profesjonelt barnevern med høg kompetanse forankra i barnets beste.

Kultur/idrett/frivillige lag og organisasjonar

Lindås Høgre vil bruka kommunedelplanar for kultur, idrett, friluftsliv og nærmiljø som langsiktig styringsverktøy og bidra til å utvikla vidare det kulturelle mangfaldet i kulturkommunen Lindås.

Helse og omsorg

Lindås Høgre vil arbeida for at Lindås kommune sin plan for Helse og omsorg vert eit viktig styringsdokument, og sikra gode og stabile helsetenester og legedekning for alle innbyggjarar.

Nærings- og samfunnsutvikling

Lindås Høgre vil føra ein næringsvennleg politikk som bidreg til større verdiskaping, bustadbygging og trygge arbeidsplassar. Vi vil regulera tomteareal for bustadbygging i alle deler av kommunen mellom anna ved å aktivt bruka kommuneplanen for å regulere fortetting og utvikling av eksisterande bygder.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program