Søk

Høgre vil oppretthalde Austrheim vidaregåande skule og vidareføre dagens studieplassar på Knarvik vidaregåande skule

Fylkestingsgruppa til Hordaland Høyre vil oppretthalde Austrheim vidaregåande skule og  vidareføre dagens studieplassar på Knarvik vidaregåande skule. – Vi håpar å få fleirtall for dette når fylkestinget skal ta endeleg stilling til skulebruksplanen i oktober, seier May Eva Sandvik og Nils Marton Aadland, som begge representerer Høgre i fylkestinget.


Dei to lokale fylkestingsrepresentantane er godt nøgde med konklusjonen i Høgre si fylkestingsgruppe.

-Austrheim vidaregåande skule er i ein særstilling. Mange av elevane ved skulen vil få svært lang reisetid dersom dei skulle blitt overført til Knarvik vidaregåande skule.
For ein stor del av elevane ville det betydd at dei måtte flytte på hybel, seier dei to lokale fylkespolitikarane frå Høgre.

- I tillegg veit vi at det skjer svært mykje spanande i den nordlege delen av Nordhordland. Næringslivet i området vil ha trong for kvalifisert arbeidskraft, og Austrheim vidaregåande skule er viktig for nettopp å rekruttere kvalifiserte medarbeidarar til verksemder i området. Det er trong for kompetanseutvikling innan eksisterande næringar og for å kunne utvikla nye næringar, påpeikar Sandvik og Aadland.

Hordaland Høgre har tidlegare peika på at det vil vere aktuelt å byggje ein kombinert ungdomsskule og vidaregåande skule i Austrheim.
- Den tanken er på ingen måte lagt bort. Vi vil igjen oppmode fylkeskommunen til å gå i dialog med Austrheim kommune for å etablere ein slik 8 til 13 skule i Austrheim, seier Sandvik og Aadland.

Fylkesrådmannen har gjort framlegg om at dersom Austrheim vidaregåande skule blir oppretthalden, vil ein måtte avvikle 300 studieplassar ved Knarvik vidaregåande skule. Det avviser fylkestingsgruppa til Hordaland Høgre.

-Vi har folketalsprognosar som viser ein betydeleg vekst i Nordhordland fram til 2031. Frå 2014 til 2031 er det frå fylkeskommunen estimert ei folkeauke i Nordhordland på over 10.000 innbyggjarar. Storparten av denne veksten vil skje i Meland og Lindås. Det betyr at elevgrunnlaget til Knarvik vidaregåande skule vil auke betydeleg i åra som kjem. Hordaland Høgre meiner at elevtalet ved Knarvik vidaregåande skule må vurderast nærare etter nye prognosar i 2020.

 

Kontaktpersonar:
Nils Marton Aadland,        Tlf. 92271050
May Eva Sandvik,     Tlf. 99043587