Søk
Barnehage

Innfører gratis kjernetid i barnehagar for dei med låg inntekt: -Gir god start for alle

- Dette er særleg ein siger for barn fra ressurssvake heimar.
Det seier ordførar i Meland, Nils Marton Aadland.

Frå 1. august har alle familiar med barn på fire eller fem år eller barn med utsett skulestart, og som tener mindre enn 405 000 kroner, rett til 20 timar i veka med gratis barnehage. 

– Gode barnehagar medverkar til at barn får ein god start på livet, og vi ønsker at alle, uavhengig av inntekt, skal ha tilgang til trygge barnehageplassar av høg kvalitet, seier Aadland.

Ordninga som no vert innført i heile landet har vore forsøkt i Oslo, og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen trekker fram born med innvandrarbakgrunn som eksempel på den positive effekten dei ser der.

– Tilbodet vil sikra at fleire barn får høve til å gå i barnehagen. Evalueringa av forsøk med gratis kjernetid viser at barnehagebruken blant 4- og 5-åringar med innvandrarbakgrunn i forsøksområda har auka med om lag 15 prosent, og at dei fleste av desse går i barnehage i dag, seier Røe Isaksen. Evalueringa viser at tilbodet om kjernetid har effekt på skuleresultata til barn med innvandrarbakgrunn, målt på kartleggingsprøver i lesing og rekning på 1.- og 2. trinn. Effekten er sterkare for jenter enn for gutar, og sterkare for barn av mødrer som ikkje er i jobb.

No skal tiltaket rettast mot alle med låg inntekt, uavhengig av bakgrunn.


– Ein siger
– Arbeidet med å bygge kunnskapssamfunnet startar allereie i barnehagen. Barn lærer utruleg raskt, og det er fantastisk lærerikt for dei minste å vere saman med andre barn og kompetent personale. Dette er særleg ein siger for barn frå ressurssvake heimar, seier Nils Marton Aadland, ei oppfatning kunnskapsministeren deler. 

– Alle vinn på denne ordninga, også familiar med høgare inntekt enn inntektsgrensa. Fleire av barna som startar på skulen vil kunne henge med på undervisninga når dei har fått eit godt grunnlag i åre før skulestart, seier Røe Isaksen.


– Fleire får moglegheit 

Gratis kjernetid kjem i tillegg til at regjeringa frå 1. mai innførte ei ordning som gjer barnehagen billigare for alle familiar med låg inntekt. Moderasjonsordninga skal sikre at ingen familiar betalar meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass, ved at ein betalar mindre for barnehageplassen jo lågare inntekt man har. 

– Vi veit at for nokre foreldre er prisen ein grunn til at dei vel å ikkje ha barna sine i barnehagen. Fleire av dei som treng det får moglegheit til å nytta barnehagen no, påpeikar kunnskapsministeren.

– Dette er veldig godt nytt for barna. Begge desse ordningane er viktige bidrag til at endå fleire får nytte av eit godt barnehagetilbod, sluttar Aadland.