Søk

Medlemsmøte

Meland Høgre inviterer til medlemsmøte for godkjenning av program for kommunestyreperioden 2015-2019
Møte finn stad i kantina på rådhuset onsdag 24. juni kl. 1900

Meland Høgre sitt program for neste kommunestyreperiode er på det næraste ferdig skrevet.  No står berre att ein siste handsamingsomgang i medlemsmøte.


Utkast til program for kommunestyreperioden 2015-2019 finn du
her. Du kan framleis påverka det endelege program gjennom debatt og innlegg på medlemsmøtet.

For dei som er kandidatar på Høgre sin liste er det særleg viktig å vera med på møtet. Vi skal alle driva valkamp, kandidatar og medlemmar, på kvar vår måte, enten det er på dørbank, stand eller i prat med naboen over hagegjerdet. 

Då er det viktig å kjenna godt til valprogrammet. Gjennomgang og drøfting på medlemsmøtet er vår mogelegheit til å gje kandidatane og medlemmane kunnskap om  og eigarskap til programmet.

 

Venleg helsing

Ragnar Bratland , leiar

Nils Marton Aadland, ordførarkandidat