Søk
Mabel Johansen, 2.kandidat

Meland skal bli ein av landets beste oppvekstkommunar

Meland har ei ung befolkning. Snittalderen er den nest lågaste i Hordaland. Det inneber at vi har mange born og unge i høve folketalet. Det er ei positiv utfordring som Høgre vil møta på ein god og offensiv måte. Meland Høgre har som overordna mål at barn og unge i Meland skal ha best mogleg oppvekstvilkår og at Meland skal bli ein av dei beste oppvekstkommunane i landet. Det inneber fleire tiltak.

Barnehage
For barnefamiliar er det  svært viktig å ha tilbod om barnehageplass i nærmiljøet. I ein vekstkommune som Meland er det naudsynt å sikra utbygging av barnehagetilbodet i takt med folkeveksten. Læring og leik i barnehagen dannar grunnlag for at barna skal lukkast i skulen. Tidleg innsats er nøkkelen til seinare meistring og auka læringsutbytte for alle elevar.
Difor vil Meland Høgre arbeida for framleis full barnehagedekning, auka kvalitet og tidleg innsats i barnehagane. Det inneber også at dei private barnehagane må vera sikra ein sunn og forutsigbar økonomi.

Skule
Våre barn og unge fortener ein best mogleg start i livet. Difor er Meland Høgre så opptatt av å skapa ein skule prega av kunnskap og kvalitet. Det er svært gledeleg at kvaliteten i Meland-skulen har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og Meland Høgre vil gjere det vi kan for at denne gode trenden held fram og blir forsterka. Ikkje minst er det viktig å gi våre dyktige lærarar høve til fagleg påfyll. Elevane skal møta eit godt og triveleg læringsmiljø i form av kvalifiserte lærarar, oppdaterte læremidlar og eigna bygningar. Vi må også syte for trivsel og disiplin i klasseromma.

Eit trygt og triveleg lokalsamfunn
Meland Høgre sitt mål er at våre innbyggjarar skal bu i eit trygt og triveleg lokalsamfunn der lokale lag og foreiningar medverkar til ulike aktivitetstilbod, gode opplevingar og fellesskap.
Meland Høgre vil spesielt støtta idretts, kultur og fritidstilbod retta mot barn og unge ved å dobla kulturmidlane frå dagens nivå.
I tillegg vil vi arbeida målretta for å etablera møtestader/arenaer for uorganiserte unge, basert på ungdomen sine eigne ønskje – gjerne i samarbeid med frivilligsentralen.

Meland Høgre vil også betra det førebyggjande helsearbeidet blant barn og unge gjennom å styrkja tverrfagleg innsats i helsestasjons- og skulehelsetenesta, psykologtilbodet og fleire lågterskeltilbod. Dette vil også medverke til eit endå betre læringsutbytte for elevane i grunnskulen.

Meland Høgre har dokumentert at vi kan styra Meland på ein god og stødig måte. Under mottoet «Saman kan vi gjere Meland endå betre» skal vi gjere vårt beste for å utvika lokalsamfunnet vårt vidare i positiv retning.