Søk

Meland scorar igjen høgt i kommune-NM: Best i Nordhordland

Kommunen ligg på 30.-plass i kommune-NM, av totalt 428 kommunar i landet.
Kommune-NM er NHO si rangering av kommunane basert på 22 ulike indikatorar, under områda næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.

Meland går opp to plassar frå 2013, og er den kommunen i Nordhordland som kjem best ut i kåringa, med Lindås som neste på 52.-plass.

–Attraktiv kommune

– Det er veldig positivt at vi scorar så godt, seier ordførar i Meland, Nils Marton Aadland.

– Det er eit teikn på at vi er ein attraktiv kommune, både for busetting og næringsliv, og noko vi vil spela vidare på. seier han.

– Vi har som eit klart mål i Meland vera attraktiv kommune. Det som går på næringsliv er veldig viktig. Mange pendlar Bergen, og målet vårt er å redusera denne utpendlinga. For å få til dette må vi få fleire bedrifter i Meland, seier Aadland.

Stor jobb

Han understrekar at Meland har ein stor jobb å gjera for å få betre balanse mellom busetting og næringsliv.

– Dette er noko av det viktigaste vi har å jobba med. Det er like viktig at dei som er her har gode vilkår, og kan ekspandera, dei vi har må vi ta vare på, seier Aadland.

Dei to områda kommunen scorar dårlegast på er arbeidsmarknad og kompetanse.

– Det har vore ei trend i Meland og heile Nordhordland at ungdommar i mindre grad enn landet elles har tatt høgare utdanning. Dei har gjerne gått rett frå vidaregåande skule til arbeid i oljerelatert industri, seier Aadland.

Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO, meiner resultata i kommune-NM ropar etter kommunereform.

Kommunereform

– Vi treng større og meir slagkraftige kommunar over heile landet. Dei store regionane kjem til å veksa seg større, og då er det viktig at vi ikkje sit att med mange små kommunar som sakkar akterut, seier Brubakk.
Aadland trur det er mykje å henta med å jobba tettare saman.

 – Det eg føler meg ganske sikker på er at kommunegrensane ofte er til hinder for god næringsutvikling. Hadde vi vore fleire i Nordhordland som hadde dradd lasset saman, ville det vore positivt for betre næringsutvikling i fylket. Eit av dei gode argumenta for kommunesamanslåing er nettopp næringsutvikling, sluttar han.