Søk
Øystein Blom, 3. kandidat 

Næringskommunen Meland skal bli endå betre

Høgre er stolt over at Meland i fjor blei kåra til Norges beste kommune på nyetableringar. Det gir oss endå større motivasjon til å utvika Meland vidare som ein god næringskommune.

Meland har i fleire år vore ein av landets mest attraktive kommunar for busetting. No er vi også blitt ein av dei mest attraktive for næringsetableringar.
Det var nok ein del som drog på smilebandet då vi i programmet for 2011 til 2015 skreiv at «Høgre har som målsetjing at Meland skal bli ein av dei mest attraktive kommunane i Hordaland for næringsutvikling, og at vi ville vera ein pådrivar for at fleire verksemder etablerer seg i Meland».

No har vi fasiten. Meland er ikkje berre ein av dei mest attraktive kommunane i Hordaland for næringsetablering. I 2014 blei Meland saman med Ørskog kåra til den beste kommunen i Norge på nyetableringar i NHO sitt kommune NM. Meland kom på 6.plass på tilsvarande rangering i 2013. Dette viser at det er viktig å setja klare og høge mål for korleis vi ønskjer å utvikle lokalsamfunnet vårt og arbeida målretta for å nå desse. Ikkje minst er det viktig å ha eit politisk leiarskap som har både vilje og evne til å innfri måla. Det har Høgre i vår ordførar/ordførarkandidat Nils Marton Aadland.

Dei gode resultata som er oppnådd motiverer oss  endå meir til å utvikla Meland vidare som næringskommune. I den nye kommuneplanen er det lagt inn store og attraktive næringsareal. Det er viktig. Men endå viktigare er det at Meland framleis er ein «ja-kommune» og møter nye idear og utfordringar gjennom eit positivt grunnsyn. Eit moderne og framtidsretta samfunn er tufta på ein positiv kommune som er løysningsorientert i møte med sine innbyggjarar og næringsliv. Meland Høgre vil i posisjon syte for at det vil skje også i dei komande åra.

Meland har framleis mange pendlarar. Høgre sitt mål er at vi skal ha eit lokalsamfunn der ein både kan bu og arbeide. Det er viktig for å skapa eit «levande» samfunn, det er positivt for miljøet då transportbehovet blir redusert og det er viktig for økonomien i samfunnet.

Meland Høgre har dokumentert at vi kan styra Meland på ein god og stødig måte. Under mottoet «Saman kan vi gjere Meland endå betre» skal vi gjere vårt beste for å utvikla lokalsamfunnet vidare i positiv retning.

Godt val, og nytt stemmeretten din!