Søk

Valprogram Meland Høgre 2015-2019

Meland er ein god kommune å bu i, men Høgre veit at saman kan vi gjere Meland endå betre.

Vi som er glade i Meland vil ha eit nærmiljø som er trygt og mangfaldig. 

Ikkje minst er det svært viktig å skapa gode oppvekstvilkår for våre barn og unge.  


Valprogramet kan lesast her.

Vi ønskjer eit samfunn med moglegheiter for alle. Lysten til å skapa noko for deg sjølv, familien din og lokalsamfunnet vårt skal ikkje regulerast bort. Innbyggjarane og næringslivet skal bli møtt av ein effektiv kommune, prega av kvalitet i tenestene, god etisk standard og ei positiv haldning.
I tillegg til offentleg og privat sektor har også lag og frivillige organisasjonar ei viktig rolle i å byggje trygge og gode lokalsamfunn. Høgre vil sikra dei gode vilkår.

Saman kan vi gjere Meland endå betre. Høgre meiner mellom anna at følgjande er viktig:         

  • Kunnskap og kvalitet i skulen
    Høgre sitt mål er at alle elevar skal oppleva ein skule som gir eit best mogleg utgangspunkt i livet.
  • Kvalitet i omsorga
    Høgre sitt mål er at alle skal få gode omsorgstenester når dei treng det, uavhengig av alder og livssituasjon.
  • Fleire, betre og tryggare vegar og eit klimavenleg transporttilbod
    Høgre sitt mål er at du skal koma deg raskare fram og trygt heim.
  • Trygge lokalsamfunn
    Høgre sitt mål er at alle skal bu i eit trygt og triveleg lokalsamfunn der lokale lag og foreiningar medverkar til ulike aktivitetstilbod og gode fellesskap.

 

Meland kommune har fått orden på økonomien etter å ha vore på ROBEK-lista i mange år. Ei framleis god økonomisk styring er avgjerande for å ha økonomisk handlefridom, og dermed gi innbyggjarane gode tenester. Det er eit mål for Høgre å redusera og på sikt avvikla eigedomsskatten på bustader.

Meland er ein av dei mest attraktive kommunane i Noreg. I fjor blei Meland kåra til den beste kommunen i landet på næringsetablering. I tillegg er vi også blant dei mest attraktive for busetnad. Ein kommune i vekst gir utfordringar, men også mange moglegheiter. Vi ser moglegheiter framfor problem. Eit moderne og framtidsretta samfunn er tufta på ein positiv kommune som er løysingsorientert i møte med sine innbyggjarar og næringslivet.

Kandidatane på Meland Høgre si liste kjenner Meland-samfunnet godt, og er opptatt av å utvikla kommunen vår i positiv retning.  Vel så viktige som politiske løysingar er handlekraftige politikarar som kan setje i verk politikken. Slike kandidatar har Meland Høgre. Meland treng Høgre i posisjon fordi vi har dei beste løysingane og kandidatane for å møta Meland si framtid.
Meland Høgre har dokumentert at vi kan styra Meland på ein god og stødig måte.
Under mottoet ”Saman kan vi gjere Meland endå betre” skal vi gjere vårt beste for å utvikla lokalsamfunnet vidare i positiv retning.                  

Godt val, og nytt stemmeretten din!

Valprogramet kan lesast her.