Refleksjonar krev at du tek med heile bilete

Møreaksen er ikkje ein fiks ide for å berike Orten, men ein stor plan for å bitte saman Sunnmøre med Romsdal. Kanskje Sunnmørsposten kunne fylle ut heile faktaboksen før dommen vert felt i dagens leiar?


Eg veit sjølvsagt at når lovverket ikkje kan brukast på å felle dom over samferdselspolitikar Helge Orten,er det berre å stille nokre leiande spørsmål til ein etikkprofessor.

Litt fakta om etablering av Møreaksen hadde gjort seg. ( eller rettare sagt Haram- Midsund og Aukra Tunnelselskap A/S )

Det koster ikkje ein kalori å sjekke ut at Selskapet Møreaksen er etablert på 1990 talet med adresse Midsund. Helge Orten var ikkje med i styret.

Orten var ordførar i Midsund i perioden 2003-2011 og jobbar sjølvsagt for å realisere det som etter kvart fekk navnet Møreaksen AS. 

Økonomien i kommunen var i perioder svak, noko som gjorde at Orten på eige initiativ gjekk ned i 50% stilling. Dette for å redusere belastninga på kommuneøkonomien. Spør gjerne ein etikkprofessor om det var uetisk.

Det kan nevnast at Helge Orten var engasjert i styrearbeid og seinare daglig leiar. Desse verva sa han frå seg då han vart valt inn i fylkestinget. 

Ei brei og open sak om konseptvalg for E39i regi av Statens vegvesen har peika på Møreaksen og Hafast som den foretrekte løysinga.

Fylkestinget har peikt på Møreaksen som rett løysing. Hafast styret har samarbeidd med Møreaksen heile vegen. Møre og Romsdal fylkeskommune er største aksjonær i selskapet. Orten jobber dermed for Møre og Romsdal sine interesser. Noko anna ville vekke stor oppsikt og massiv kritikk.

Det høres ut på Leiaren i Smp at Helge Orten har pønska ut at vegen skal gå forbi eigedommen hans for at han skal tene pengar på sal av eigedom.

At Helge Orten i 2012 vart medeigar i eit utviklingsprosjekt i heimkommunen viser at hjertet ikkje har havna i tigerstaden men i heimfylket. ( Det er nok av dei som gløymer kvar dei kjem frå )

Det ser ut som at dette utviklingsprosjektet kan håve inn store verdiar når Møreaksen vert bygd. Eg tipper på at dette prosjektet vert realisert lenge før sambandet evt kjem. Dermed er Orten sitt engasjement uavhengig av realisering av Møreaksen. 

Viss dette er eit forsøk på å fremje eit anna samband, eksempelvis Romsdalsaksen bør ein heller kjempe med blanke våpen. 

At ein dyktig og saklig politikar som Helge Orten no er mål for Smp sin etiske dom finn eg usmakelig.

 Arnulf Goksøyr, ordførar Herøy kommune (H)