Vil Senterpartiet samarbeide med MDG og Rødt i Møre og Romsdal?

Senterpartiet var i sommar tydelege på at det er uaktuelt for dei å inngå i eit regjeringssamarbeid med Rødt og MDG. Det lovar bra, men kan ein gi denne garantien også på fylkesnivå? 



Før landsmøtet til Senterpartiet rykka Fagforbundet, partiet sin største bidragsytar, ut og advara mot ikkje å søkje samarbeid med venstresida lokalt. MDG og spesielt Rødt ligg an til å gjere eit godt lokalval. Det vil seie at eit eventuelt fleirtal for den tradisjonelle venstresida i Møre og Romsdal sannsynligvis berre er mogleg med støtte frå - enten Rødt eller MDG, kanskje til og med begge. Dersom Senterpartiet lyttar til truslane frå Fagforbundet, kan det bety at Rødt og MDG får makt og innflytelse i Møre og Romsdal -med Senterpartiets si støtte.

Dersom Senterpartiet ser på Rødt og MDG som naturlege samarbeidspartnarar etter fylkestingsvalet i haust, er det ei avklaring partiet bør gjere raskt. Særleg sidan desse partia representerer den radikalisseringa som no skjer på norsk venstreside. 

Det manglar heller ikkje på døme frå byar og kommunar der Rødt og MDG har ei hand på rattet. Erfaringa frå desse viser at sjølv om Rødt og MDG er "junior-støtteparti", så har partia  dyktige forhandlera som sikrar viktige gjennomslag og dreiar politikken i ei markant sosialistisk retning. 

Vi kan sjå til Bodø, der Rødt sit med varaordføraren, og har fått markante politiske gjennomslag. Eller vi kan sjå til Oslo, der MDG er ein del av den styrande koalisjonen med Rødt som støtteparti. Der fjernar ein parkeringsplassar til både bedrifter og privatpersonar og driv ein ideologisk kamp mot private velferdstenester. Eit samarbeid på venstresida betyr i praksis å vere meir oppteken av kven som driv velferdstenestene enn dei som er mottakarar av tenestene. I Oslo er resultatet at millionar av skattekroner gjeng til å re-kommunalisere sjukeheimar, framfor å nytte pengane til å gjere tilbodet til dei eldre betre. 

For Høgre står alltid innbyggjarane i sentrum. Vi er mest opptekne av å sikre eit best mogleg tilbod til dei som bur i fylket ved å føre ein innbyggjarretta politikk. Attraktive lokalsamfunn og eit næringsvenleg ja-fylke, grøne transportløysingar, ein betre og meir kunnskapsretta skule, samt velferdstenester som sett innbyggjarane sine behov fyrst - er Høgre sine viktigaste saker i denne valkampen.

Gjennomslag for desse sakene er viktigare enn dei ideologiske blokkene i rikspolitikken. At Senterpartiet også ser det som viktig med gjennomslag for politikken sin lokalt er opplagt, men spørsmålet er i kor stor grad denne politikken finn naturlege kompromiss med Rødt eller MDG. Høgre og Senterpartiet har lokalt hatt tradisjon for godt samarbeid til det beste for innbyggjarane i fleire kommunar og fylke. For Høgre er politikken det viktigaste, og det vil difor vere naturleg å drøfte eventuelt samarbeid også med Senterpartiet i Møre og Romsdal etter valet, men det er uaktuelt at det samarbeidet skal inkludere Rødt. 

Senterpartiet hevdar sjølv at dei ikkje er eit sosialistisk parti. Det håper eg innbyggjarane i Møre og Romsdal også vil kjenne på kroppen etter valet. For Høgre er det ingenting i vegen for å samarbeide med Senterpartiet på fylkestinget i Møre og Romsdal. Då er vårt ynskje at Senterpartiet er meir lojale til eigen politikk og eigne veljarar enn dei er til Mette Nord og Fagforbundet. 

Anders Riise, Fylkesordførerkandidat Møre og Romsdal Høyre


Denne kronikken ble først publisert i Møre Nytt.