Utvalet er leia av programkomitemedlem Ole Gunnar Krakhellen. Med seg i utvalet har Krakhellen politikarar frå store delar av landet, som i fellesskap skal vidareutvikle partiet sin distriktspolitikk.

Noreg har sterke regionar og lokalsamfunn som er viktig for verdiskapinga, også i ei tid der oljerelatert verksemd har utfordrande tider. I Høgre sin programkomite er det einigheit om at Høgre har ein god distriktspolitikk, men vi ser at det er potensiale for å formulere denne tydlegare.

- Felles for alle oss i utvalet er at vi er Høgre-politikarar frå distrikts-Noreg. Vi har valt Høgre som vårt parti fordi vi veit at Høgre er partiet som har den beste heilskaplege politikken for Noreg. Den viktigaste distriktspolitikken er ikkje lausriven frå øvrig politikk, og ein god politikk for næringsliv, skule og samferdsle er døme på viktige politikkområde for norsk distriktspolitikk, seier Ole Gunnar Krakhellen.

- Min ambisjon er at vi, gjennom Høgre sitt distriktspolitiske utval, skal syne at god distriktspolitikk ikkje berre handlar om kroner og øre. Som nasjon vil behovet for prioriteringar verte meir tydeleg i åra framover, og då er det viktig at vi baserer vår distriktspolitikk på rammevilkår og tilrettelegging som gjev vekst og verdiskaping i heile landet, fortset Krakhellen.

Medlemmer:

  • Leder: Ole Gunnar Krakhellen
  • Hanne Alstrup Velure
  • Solveig Sundbø Abrahamsen
  • Gunnar Gundersen
  • Anders Werp
  • Bjørn Lødemel
  • Erik Fløan
  • Elin Agdestein

Har du innspill til utvalgets arbeid, ta kontakt med en av utvalgets leder: ogkrakhellen@gmail.com