Frida Melvær. Foto.
Frida Melvær

Statsbudsjettet 2019: Sogn og Fjordane

Dette betyr statsbudsjettet for Sogn og Fjordane. – I ei uføreseieleg verd er regjeringas viktigaste prosjekt å byggje eit berekraftig velferdssamfunn og eit tryggare Noreg. Det inneber at vi får fleire i jobb, inkluderer alle i samfunnet og innfrir klimamåla, seier stortingsrepresentant Frida Melvær.

Regjeringa la måndag fram forslaget til statsbudsjett for 2019. - Det er veldig mykje som går bra i Noreg, og det er viktig at vi brukar dei gode tidene til å inkludere fleire som står utanfor arbeidslivet, fortsett Melvær.

Vil du være med å skape statsbudsjett for framtida? Bli medlem av Høgre i dag.

Her er nokre av forslaga som har verknad for vårt fylke:

Kunnskap

  • Lærarnorm: I oppfølginga av den vedtekne lærernorma får Sogn og Fjordane 25 millionar kroner i øyremerka tilskot.
  • Mobbeombod: Regjeringa foreslår å løyve totalt 16 millionar kroner til ny ordning med fylkesvise mobbeombod. Sogn og Fjordane vil få 500 000 kroner til ordninga.
  • Kommunale integreringstiltak: I tillegg kan kommunane søkje om tilskot frå ordninga for utvikling av kommunale integreringstiltak, mellom anna til utprøving av ulike modellar for arbeidsretta kvalifisering i samarbeid med sosiale entreprenørar. Innvandrarkvinner vil være ei prioritert målgruppe.

Samferdsel

Veg

  • E39 Bjørset – Skei, Jølster kommune: Prosjektet gjeld utviding av eksisterande veg til 8,5 meter vegbreidde og utretting av svingar. Prosjektet er forventa å opne for trafikk i juni 2019. Det er lagt opp til å bruke 174 millionar kroner på prosjektet i 2019.
  • E39 Tunnel- og brufornying og -utbetring, Bergen, Lindås, Masfjorden, Gulen og Meland kommunar: Det prioriterast middel til å starte utbetringa av Fløyfjell-, Eikefet-, Jernfjell- og Skrikebergtunnelane og fortsette utbetringa av Masfjord-, Matreberg-, Trodals- og Munkebotntunnelane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det prioriterast også middel til å halde fram arbeida med å utbetre Nordhordlandsbrua på E39.
  • E16 Gudvanga- og Flenjatunnelane, Aurland kommune: Prosjektet er ein del av det nasjonale programmet for rehabilitering av tunnelar ut frå krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet omfattar ei rekke tiltak for å ta vare på krav i tunnelsikkerheitsforskrifta i Gudvanga- og Flenjatunnelane. Prosjektet hadde eit kostnadsoverslag på om lag 388 millionar kroner då det starta opp i august 2016. Prosjektet vert opna for trafikk i 2020. Det setjast av 221 millionar kroner i 2019.
  • Rv. 13 Vik–Vangsnes, Vik kommune: Strekninga mellom Vik og Vangsnes er svært utsett for skred. Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,7 kilometer ny veg inkludert ein om lag 3 kilometer lang tunnel på den mest skredutsette delen av strekninga. Anleggsarbeida starta i november 2017, og prosjektet ventast opna for trafikk hausten 2020. Det er lagt opp til å bruke 205 millionar kroner på prosjektet i 2019.
  • Rv. 5 Kjøsnesfjorden, Jølster kommune: Rv. 5 langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred. Trass i at det er utført sikringstiltak på strekninga tidlegare, er fortsatt enkelte parti svært utsett. Det er lagt opp til å bruke 120 millionar kroner på prosjektet i 2019.
  • Rv. 5 Mannheller ferjekai, Sogndal kommune: Det setjast også av middel til å halde fram utbetringa av Mannheller ferjekai på Rv. 5 for å leggje til rette for nye ferjer.
  • TT-ordninga - tilrettelagt transport for funksjonshemma: Staten har etablert ei tilskotsordning for fylkeskommunane for eit utvida TT-tilbod som gir brukarar med særlege behov, fortrinnsvis rullestolbrukarar og blinde/svaksynte, rett til 200 enkeltreiser i året. I budsjettet for 2019 har regjeringa foreslått å gje 139,2 millionar kroner til ordninga, kor no åtte fylke er omfatta, inkludert Sogn og Fjordane.

Luftfart

  • Kjøp av innanlandske flyruter: I budsjettforslaget er det sett av 717,4 millionar kroner til kjøp av innanlandske flyruter. Samferdselsdepartementet inngjekk i 2015 kontraktar for ruteflyging på fylgjande ruter i Sogn og Fjordane for perioden 1. april 2016 – 31. mars 2020:
    Førde – Oslo og Førde – Bergen
    Sogndal – Oslo og Sogndal – Bergen
    Sandane – Oslo og Sandane – Bergen
  • I 2019 vil Samferdselsdepartementet inngå nye kontraktar om drift av regionale ruteflygingar i Sør-Noreg med oppstart 1. april 2020.

Kyst

  • Tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg: Regjeringa foreslår å gje 42,0 millionar kroner til å delfinansiere kommunale fiskerihamneanlegg etter søknad. Løyvinga inkluderer også 10 millionar kroner for ferdigprosjektering av fiskerihamntiltak.
    Det er sett av tilskotsmiddel til fylgjande kommunale anlegg i Sogn og Fjordane:
  • Herlandsvik fiskerihamn – utdjuping (Askvoll kommune).
  • Kystruta Bergen-Kirkenes: Staten kjøper sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes. Dette for å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod for passasjerar som reiser lokalt eller regionalt frå hamn til hamn, og godstransport mellom Tromsø og Kirkenes.

Elektronisk kommunikasjon (Ekom)

  • Tilskot til utbygging av breiband: Regjeringa foreslår å gje om lag 100 millionar kroner til tilskot til utbygging av breiband, som vil fordelast mellom fylka. Midla vil sikre eit nytt eller forbetra breibandstilbod til fleire tusen husstandar. Sidan 2014 har tilskot til breiband sikra eit slikt tilbod til over 40 000 husstandar.
  • Telesikkerheit og teleberedskap: Regjeringa foreslår å gje over 180 millionar kroner til telesikkerheit og teleberedskap, som mellom anna går til forsterka ekom i utvalde kommunar.

Post

  • Statleg kjøp av post- og banktenester: Regjeringa foreslår å gje over 600 millionar kroner til kjøp av post- og banktenester i 2019. Midla går til postomdeling fem dagar i veka i heile landet, banktenester i landpostnettet, laurdagsomdeling av aviser i distrikta og gratis blindeskriftsendingar.

Helse

  • Leve heile livet: Regjeringa foreslår å gje til saman 48 millionar kroner til gjennomføring av Leve heile livet i 2019. Målet med reforma er at eldre kan meistre livet lenger og ha ein trygg og aktiv alderdom. Reforma handlar om det som ofte sviktar i tilbodet til eldre: mat, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenesta. Det handlar også om å utvikle eit meir aldersvennleg Norgeg.
  • Regionalt støtteapparat: Det skal opprettast eit regionalt støtteapparat, som mellom anna skal drive nettverksarbeid og hjelpe kommunane i planlegging og arbeid med reforma. 26 millionar kroner av løyvinga skal brukast til støtteapparatet: 10 mill. kroner til fylkesmennene, 10. mill. kroner til KS og 6 mill. kroner til utviklingssentra for sjukeheimar og heimetenester.
  • Psykologar i alle kommunar: Regjeringa foreslår å gje 50 millionar kroner til å styrke rekrutteringstilskotet for kommunar som tilset psykolog. Midla inngår i den kommande Opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse. Frå 1. januar 2020 har regjeringa lovfesta at alle kommunar skal ha psykologkompetanse.
  • Dagaktivitetsplassar til personar med demens: Regjeringa foreslår å gje 50 millionar kroner til 450 nye dagaktivitetsplassar til heimebuande personar med demens.
  • Heildøgns omsorgsplassar: Regjeringa foreslår å gje middel til om lag 1 500 heildøgns omsorgsplassar over heile landet.

Innovasjon og næring

Forsking og innovasjon i næringslivet

  • I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa å gje meir enn 9,7 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon over budsjettet hjå Nærings- og fiskeridepartementet. Det er ei historisk satsing, som vil bidra til at næringslivet blir grønare, smartare og meir nyskapande, og er ei dobling sidan regjeringa tiltredde i 2013.
  • Inkludert i denne summen er Skattefunn-ordninga (som gir bedrifter som driv med forsking og utvikling skattefrådrag), og skatteinsentiv-ordninga som gir skattefrådrag ved langsiktige investeringar i oppstartsselskap (Kapitalfunn). Over 3 milliardar kroner kjem som følgje av auka bruk av Skattefunn-ordninga blant norske bedrifter. Forskings- og innovasjonsordningane i Innovasjon Norge og Forskingsrådet (som deler ut pengar til bedriftene) er landsdekkande. Bedrifter i Sogn og Fjordane kan søke om pengar i alle desse programma.
  • For 2017 vart det gitt 12,6 millionar kroner i forsking og utvikling direkte til bedrifter i Sogn og Fjordane gjennom Forskingsrådet (ikkje berre frå Nærings- og fiskeridepartementet). I 2017 fekk prosjekt frå Sogn og Fjordane 330,9 millionar kroner i lån og tilskot frå Innovasjon Norge.

Maritim næring: Noreg er ein sjøfartsnasjon og ei stormakt på havet. Praktisk kunnskap frå sjøen har mykje å seie for vår evne til å konkurrere i verdstoppen. Tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk skal sikre norsk maritim kompetanse, den skal sikre rekruttering av norske sjøfolk, og den skal gi konkurransedyktige vilkår for reiarlag med skip under norsk flagg. Sidan 2013 har overslagsløyvinga i ordninga økt med om lag 430 millionar kroner, og i 2019 foreslår regjeringa å gje 2,05 milliardar kroner til sysselsetting av sjøfolk. I 2017 var om lag 450 sjøfolk i Sogn og Fjordane omfatta av tilskotsordninga.

Klima og miljø

  • «Klimasats»: Regjeringa foreslår å halde frem med ordninga "Klimasats" med ei løyving på 156,8 millionar kroner i 2019. Det er ei tilskotsordning for kommunale klimatiltak i Miljødirektoratet.
  • >Arbeidet med rovviltforvaltning styrkast i 2019. Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til feltpersonell hjå Statens naturoppsyn og førebyggjande tiltak i områder som opplev store skader frå rovvilt på beitedyr med 15 millionar kroner.
  • Nytt nasjonalt villakssenter er planlagt med fire driftseiningar. Lærdal har tatt på seg å være vertskommune for ei eining
  • Det skal tilsetjast ein nasjonalparkforvaltar til i Jostedalsbreen nasjonalpark, og ein ekstra forvaltar i Nærøyfjorden landskapsvernområde.
  • Skogvern: Regjeringa vil prioritere løyvingane til norsk skogvern på eit høgt nivå og i 2019 med ei løyving på 444,6 millionar kroner, for å sikre god framdrift i arbeidet med å verne 10 prosent av skogen. Det ventast i 2019 vern av nye skogområder, mellom anna i Sogn og Fjordane.
  • Kultur

    • Regjeringa foreslår å gje 400 000 kroner til Opera Nordfjord til arbeid med mangfald, inkludering og innsats mot fattigdom. Fargespill Nordfjord er eit samarbeidsprosjekt med vaksenopplæring, frivilligsentralar og skuler i alle Nordfjord-kommunane. Dei ynskjer å etablere ressursgrupper med kulturarbeidarar i fleire av kommunane, som saman med den kunstnariske leiinga i Opera Nordfjord skal jobbe fram eit program for framsyninga - i tett dialog med flyktningar, innvandrarar og norske barn og ungdommar.

    Eit tryggare Noreg

    • Heimevernet: Treningsmengde hjå Heimevernet i Sogn og Fjordane aukast.
    • Skredsikring: Regjeringa foreslår å gje 349 millionar kroner til førebygging av flom- og skredskader, kor om lag 294 millionar kroner til gjennomføring, kartlegging- og sikringstiltak. Førebels oversikt viser at mellom anna kartlegging- og sikringstiltak i Sogn og Fjordane vil bli prioritert i 2019, inkludert skredsikring i Vik kommune og flomsikring i Gloppen kommune, Stryn kommune og Hornindal kommune.