Politikk

Høyre gjør Norge klar for fremtiden. Verden forandrer seg i et tempo vi aldri før har opplevd. Da er det vårt ansvar å ta vare på velferden for alle.

Våre hovedsaker

Tilflyttingsfylket

Høgre vil at Sogn og Fjordane skal bli eit tilflyttingsfylke og eit JA-fylke. Denne positive utviklinga får vi først og fremst gjennom vekst i privat sektor.

Kunnskapsfylket

Kunnskap i skulen er viktig for Høgre. Skulane i Sogn og Fjordane leverer resultat heilt i toppen, og som skuleeigar skal vi framleis ha eit høgt ambisjonsnivå på vegne av skulen, lærarane og elevane. Høgre vil arbeide for at opplæringa i Sogn og Fjordane framleis skal vere heilt i landstoppen.

Samferdselsfylket

I Sogn og Fjordane har vi få store senter og vi bur spreidd. Då er betre samferdsle det viktigaste verkemiddelet for å sikre større bu- og arbeidsområde, for å få utvikling og tilflytting. Vi skal arbeide for å ha god kommunikasjon internt i fylket, men også til byar som Oslo og Bergen.

Vekstfylket

Høgre meiner at den viktigaste målsettinga for Sogn og Fjordane er å auke folketalet. Moglegheitene til Sogn og Fjordane er at vi har verdifulle naturressursar som er etterspurde både nasjonalt og globalt. Dette er ressursar som er stadbundne og som ikkje kan flyttast ut av fylket vårt.

SE HVA VI JOBBER MED

Klikk deg inn på de ulike kapitlene nedenfor. Last ned vårt program.

  • Tilflyttingsfylket Sogn og Fjordane

    Sogn og Fjordane er eit fylke med mange positive trekk:

    •             Innbyggjarane trivst og har god helse

    •             Dei beste skuleresultata

    •             Sterke bedrifter

    •             Rikt på naturressursar

    Sogn og Fjordane har utfordringar:

    •             Svak folketalsvekst

    •             Utflytting av eigne ungdomar

    •             Ikkje sterke nok bu- og arbeidsregionar

    •             Manglande veg og samferdsletilbod

    Høgre vil:

    •             satse på ungdommen i skule, fritid og eit vekstkraftig og innovativt næringsliv

    •             utvikle kunnskapsfylket , med gode utdanningstilbod på alle nivå, sterke kompetansemiljø og auka fokus på yrkesfaga

    •             forsterke det som er bra i fylket  og utnytte nye mulegheiter gjennom omstilling og innovasjon.

    •             skape vekst  ved å gje næringslivet gode rammevilkår og utnytte naturressursane

    •             skape konkurransekraft ved å satse på vegar og samferdsle for å redusere avstandar og auke samhandlinga i fylket

    •             skape eit tettare samarbeid mellom fylkeskommune og kommunar

    •             utvikle eit moderne fylke med varierte og attraktive tilbod og sentra, som samtidig tek vare på historie og eigenart

    •             færre og enklare planprosessar

    •             unngå detaljregulering

    Fylkeskommunen og framtida

    Fylkeskommunen har i dag ansvar for vidaregåande opplæring samferdsle fylkesvegar, regional utvikling, kultur og tannhelse.  For  Høgre er det viktig at desse oppgåvene vert løyste på ein god måte.

    Høgre ønskjer primært at det skal vere to forvaltningsnivå, stat og kommune.  Så lenge det er tre nivå vil Høgre arbeide for å løysa oppgåvene best muleg der dei høyrer heime.

    Høgre vil ta initiativ til eit tettare samarbeid mellom ulike forvaltningsorgan slik at ein kan oppnå betre resultat for innbyggjarane og næringslivet.  Samarbeidet må ha fokus på felles mål og tiltak, og nedbygging av hindringar for effektive og gode prosessar.

    Høgre ser det som heilt nødvendig å gjennomføre ei forvaltningsreform som gjev meir makt til kommunane. Det er i kommunane ein har nærleik til innbyggjarane og er best i stand til å ta avgjerder ut frå lokale tilhøve.

    Fylkeskommunen må vere open for å overføre oppgåver til kommunane. Fylkeskommunen skal ikkje ha oppgåver som gjer den til ein «overkommune». Høgre vil vidareføre ein praksis om at fylkeskommunen skal legge kommunane sitt skjønn til grunn i plansaker, som til dømes i energisaker.

    Fylkesgrensene må ikkje vere til hinder for praktiske løysingar som går på tvers av grenser.

    Den fylkeskommunale økonomien

    Sogn og Fjordane fylkeskommune vil dei komande åra få reduserte overføringar frå staten. Dette heng saman med endringar i inntektssystemet.  I ein overgangsfase vert det ytt tapskompensasjon.

    Samtidig aukar regjeringa overføringane til fylkesvegar og tunnelsikring og legg til rette for vekst i næringslivet gjennom betre rammevilkår.

    Høgre vil:

    •             prioritere  fylkeskommunale kjerneoppgåver knytt til vidaregåande opplæring og samferdsle

    •             arbeide for at reduksjonane i overføringar ikkje vert så store som det  nye inntektssystemet per i dag tilseier

    •             at regjeringa vidarefører og styrkjer satsinga på vegbygging, ras-sikring og tunnelsikring, og innfører ei gunstigare ordning for ferjeavløysingsmidlar

    •             at regjeringa vidarefører si satsing på betre rammevilkår for vekst i næringslivet, slik at vi i neste omgang får vekst i folketalet

    •             ha ein ekstern gjennomgang av heile den fylkeskommunale drifta, med tanke på kostnadsreduksjonar og meir effektiv drift

    •             opne for sal av aksjar. Det kan vere ein fordel både for fylkeskommunen og dei aktuelle selskapa

    Politisk styring

    •             Høgre ønskjer sterk og effektiv folkevald styring, og er klare til å samarbeide med andre parti og ta på seg leiarposisjonar

    •             For å tydeleggjere det politiske ansvaret ønskjer Høgre at innstillingsretten vert flytta frå administrasjonen og lagt til fylkesordførar og leiarar i hovudutval

    •             Formannskapsprinsippet fungerer dårleg dersom ein konstellasjon sikrar seg alle leiande verv, slik som dei raud-grøne har gjort i perioden 2011 – 2015.  Dersom det framleis er ønskje om tilsvarande  konsentrasjon av makt, bør ein i staden innføre fylkeskommunal parlamentarisme

    Vekstfremmande nettverkssamarbeid – ei smart framtid med smarte løysingar

    Høgre vil ta initiativ til meir nettverksamarbeid med tanke på å skape vekst i fylket. 

    Sogn og Fjordane treng først og fremst vekst i privat sektor. Næringslivet  med gründerar og investorar må derfor ha ein sentral plass i samarbeidet.

    Det er viktig med kunnskap, analyse og faktabasert informasjon. Kunnskap- og forskingsmiljø må derfor delta aktivt i nettverket.

  • Kommunereforma

    Kommunane har ansvaret for grunnleggande velferdstenester, og skal vere mest til for dei som treng det mest.

    Kommunegrensene i Sogn og Fjordane er  bestemt ut frå topografi, kyrkjesokn og gamle handels- og ferdselsvegar. Kommunane står overfor store utfordringar med å ivareta stadig fleire og meir komplekse oppgåver.

    Strukturen vi har i dag fører til for stor sentralisering av makt, fordi mange oppgåver blir løyst på statlig og fylkeskommunalt nivå. Høgre ser derfor at det er nødvendig å gjere endringar av struktur.

    Fylket er i gong med ein demokratireform med fokus på kommunane. Målet med kommunereforma er å sikre gode velferdstenester til oss alle: Gode skular, pleie- og omsorg når vi blir eldre, trygge barnehagar for borna våre samt å bygge opp sterkare og betre fagmiljø. Det handlar om kva som skal til for å ta vare på dei innbyggarane som treng det aller mest: Born som treng barnevernet, rusmisbrukararar, menneske med psykiske helse-utfordringar og dei som fell utanfor.

    Høgre ønskjer ein gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunen, fylkesmannen og staten med sikte på å gje meir makt og mynde til kommunane.

    Framveksten av interkommunale selskap og samarbeid viser at oppgåvene til kommunane kan vere for store for kommunestrukturen vi har i dag. Viktige vedtak om kommunale oppgåver, som infrastruktur og grunnleggande velferdstenester har blitt flytta vekk frå folkevalde organ og til interkommunale selskap.

    Høgre vil:

    •             ha ein grundig gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunen, fylkesmannen og staten

    •             som hovudmål legge ned fylkeskommunen og la kommunar overta hovudtyngda av fylkeskommunen sine oppgåver innan utdanning, helse, kultur, samferdsel, næring og regional utvikling

    •             samordne og redusere statlege innspel og motsegner i arealsaker

    •             at makta skal byggast nedanfrå og oppover, ikkje omvendt. Fylkeskommunen skal ikkje vere nokon «over-kommune». Det er kommunane sjølv som deltek og eig denne prosessen

    •             at ein tek utgangspunkt dagens og framtidige naturlege bu-, arbeids- og sørvisregionar. Ny og framtidsretta teknologi må og vektleggast i dette arbeidet

  • Energi og naturresursar

    Sogn og Fjordane har rike energiressursar og har på fleire område utvikla seg til å ha leiande kompetanse innan fleire fagområder. Fylket har store mulegheiter innan fornybar energi, som vasskraft, vindkraft og bølgjekraft.

    Fylket er rike på mineralførekomstar. Desse ressursane bør utnyttast miljømessig forsvarleg basert på ei heilskapleg vurdering.

    Høgre vil:

    •             legge til rette for å auke kraftproduksjonen frå vasskraft ved å modernisere eldre kraftverk og opne for skånsame utbyggingar i nye vassdrag. Utbygging av småkraftverk skal sikrast ei effektiv og rask konsesjonsbehandling

    •             sikre lokal kontroll over vasskraftressursane

    •             utnytte potensialet for vindkraft som ligg i plan for vindkraft for Sogn og Fjordane fylkeskommune

    •             arbeide for betre rammevilkår for vindkraft

    •             legge til rette for utvikling av kompetansesenter innan fornybare energi

    •             vere positive til tiltak som gjev større effekt av kraftmagasina

    •             ruste opp eksisterande linjenett

    •             ha gode prosessar i revisjonssaker med kost-nytte vurderingar som grunnlag for prioritering av tiltak

    •             jobbe for ei meir rettvis fordeling av nettleige, slik at nettkundar i Sogn og Fjordane ikkje åleine må betale utbygging av linjenettet i samband med utbygging av fornybar energi i fylket

    •             vurdere å bygge sjøkabel mot det europeiske kontinentet frå fylket

    •             bygge ny 420 KV linje mellom Fardal (Sogndal) og Aurland

    •             jobbe for at vassdirektivet ikkje reduserer kraftproduksjonen i fylket

    •             støtte flaum-sikringstiltak i kombinasjon med kraftutbygging
  • Miljø

    Sogn og Fjordane er heldig stilt med ein variert, frodig og rein natur. Fylket har sterke friluftstradisjonar med utgangspunkt i allemannsretten til fri ferdsel i utmark. Høgre har som mål å overlate naturen i minst like god stand til neste generasjon.

    Sentralt i Høgre sin ideologi ligg føresetnaden om «forandre for å bevare». Prinsippet om berekraftig utvikling er  derfor heilt grunnleggjande.

    Fylkeskommunen kjøper varer og tenester for store verdiar. Høgre er opptekne av at det skal setjast miljøkrav til leverandørar og at ein utfordrar leverandørar til å drive innovasjon for å oppnå positive effektar for miljøet.

    Høgre vil:

    •             at bruk i mange tilfelle er det beste vernet,  til dømes av kulturlandskapet

    •             sørgje for lokal medverknad i vernearbeidet. Naturverdiar bør i større grad forvaltast lokalt

    •             tillate næringsverksemd i verna område så lenge det ikkje går ut over verneformålet

    •             styrkje sjøtryggleiken og beredskapen for store utslepp til sjø

    •             ha ENØK-tiltak for alle fylkeskommunale bygg, og fokus på miljøkrav i fylkeskommunale innkjøp

    •             Arbeide for at industrien som investerer tungt i energisparande produksjonsmetodar får statleg støtte, til dømes via Enova

  • Ungdom

    Høgre vil fortsette å jobbe aktivt for å gjere Sogn og Fjordane til eit spanande fylke å ta utdanning og jobbe i for ungdom.

    Fylket treng attraktive sentra med by-preg. Desse må styrkast slik at ein kan få eit breiare, meir aktivt og urbanisert tilbod. Det vert då meir attraktivt for ungdom å bu i og nær desse sentra.

    Auke i talet på arbeidsplassar for ungdom er svært viktig. Dette gjeld både sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive arbeidsplassar for ungdom som ynskjer å flytte tilbake etter utdanning andre stader. Tettare samarbeid med næringslivet i utdanningsløpet vil også opne for fleire læreplassar.

    Det er svært viktig at fylkeskommunen stimulerer til nyskaping og gründerverksemd, og gjennom dette også har stort fokus på entreprenørskap og elev/ungdomsbedrifter.

    Høgre vil alltid jobbe for at ungdom får høve til å ta eigne val og at dei i størst muleg grad skal få høve til å utfalde seg. Vi ynskjer at Sogn og Fjordane skal vere eit fylke prega av valfridom og mangfald. Det er viktig at også private aktørar får høve til å kome med eit tilbod til våre ungdomar.

    Høgre ønskjer å lytte til dei fora der ungdom uttrykkjer seg. Då tenkjer vi spesielt på Fylkesting for Ungdom og Ungdomspolitisk utval  som i mange år har vore eit viktig talerøyr for ungdom i fylket. Det er ikkje tvil om at det er idear ein kan hente herifrå.

    Private aktørar er og skal framleis vere viktige tilbydarar av tenester.

    Høgre vil:

    •             satse på Ungdomskortet

    •             ha eit mangfalding kulturliv og tilbod som trekkjer ungdom til fylket

    •             prioritere styrking av fleire attraktive sentra

    •             lyse ut sommarjobbar i det offentlege slik at desse vert tilgjengeleg for ungdom

    •             jobbe for auke i talet på lærlingplassar

    •             ha aktiv deltaking på rekrutteringsmesser

    •             stå fram med ei positiv JA-haldning til Sogn og Fjordane og stimulerer ungdom til å tenkje positivt om eige fylke

    •             lytte til ungdomsfora og involvere ungdom i politikk

    •             vidareføre heim for ein 50-lapp

  • Seniorar

    Det må vere eit overordna mål for god samfunnsplanlegging at vi legg opp til ein aktiv seniorpolitikk. Menneske lærer og utviklar seg gjennom heile livet. Ein må sjå på seniorane som ein ressurs og ikkje berre eit kostbart og arbeidskrevjande offentleg omsorgsansvar. Ved å ha aktivitetar saman på tvers av generasjonar byggjer vi bru, gjev innsikt og forståing. 

    Seniorar representerer ein stor og viktig verdi for fylket gjennom sin frivillige innsats.

    Ein god og aktiv seniorpolitikk skal sikre verdfull kompetanse og arbeidskraft.

    Seniorpolitikk i arbeidslivet inneheld all aktivitet som har som mål å rekruttere, utvikle og behalde gode seniormedarbeidarar og deira kompetanse.

    Ein må legge til rette for at det er ein arena og  eit tilbod for seniorar som ønskjer å delta i arbeidslivet og oppdatere sine kunnskapar gjennom det som til dømes eit senioruniversitet kan tilby.

    Høgre vil:

    •             ha aktive eldreråd

    •             nytte eldre som ressurs i skulen og i prosjekt som vedkjem viktige samfunnsoppgåver

    •             nytte friske eldre som støttekontakt for eldre og andre som treng ei slik teneste

    •             ha eit universelt utforma og desentralisert tannhelsetilbod, der seniorar får tannhelsetenestene dei har krav på.

    •             legge til rette for eit godt og differensiert kulturtilbod for seniorar

    •             utvide og forbetre tilbodet om sørvisskyss i kommunane

  • Kultur og idrett

    Høgre sitt mål er eit fritt og mangfaldig kunst- og kulturliv. Det er viktig å frigjere kulturlivet frå statleg overstyring, styrke kulturarven, innføre prinsippet om opne nett og sikre mediemangfaldet.

    Høgre vil føre ein politikk som tek vare på og utviklar det norske språket. Høgre ønskjer å satse på utvikling av kulturbaserte næringar. Kulturnæringane er ein viktig del av verdiskapinga i samfunnet.

    Sogn og Fjordane har eit rikt kulturliv tufta på mange frivillige organisasjonar og stor dugnadsinnsats. Nokre av desse gjev eit tilbod til unge som elles ville falle utanfor breiddeidrett og liknande.

    Eit mangfaldig kulturtilbod bidreg til å auke trivselen og er eit viktig verkemiddel for å få ungdom til å flytte tilbake til fylket. Høgre vil samarbeide med dei frivillige organisasjonane for barn og ungdom for å skape gode oppvekstmiljø.

    Høgre meiner det er viktig at kulturlivet byggjer bru mellom generasjonane og bidreg til å integrere innvandrarar i lokalsamfunna.

    Idrett

    Høgre ser idretten som eit viktig og allsidig tilbod for folkehelsa og lokalt kulturliv. Idretten gjev eit breitt og godt lokalt tilbod for ein svært stor del av innbyggjarane i fylket og løyser ut stor frivillig innsats.

    Høgre meiner det er viktig å gje idretten langsiktige og gode føreseielege støtteordningar. Få offentlege investeringa gjev så mykje avkastning som idretten der ein kan gange innsatsen med 10.

    Det er viktig at idretten klarar å løyse ut tilskot gjennom gode søknader til anlegg. Samarbeid med idrettsråd og kommunar kan redusere eit stort etterslep på finansiering av anlegg. Også vedlikehald av anlegg må inn i regional plan som må rullerast.

    Høgre vil:

    •             fremje samarbeid mellom offentlege institusjonar, frivillige organisasjonar og private aktørar innan kulturlivet

    •             sikre gratis bruk av fylkeskommunale bygg for idretts- og kulturaktivitetar for born og unge

    •             gje idrettsutøvarar eit spissa tilbod i utvalde vidaregåande skular

    •             støtte ei modernisering av bibliotektenesta i fylket

    •             støtte stipendordningar til kunstnarar og kulturformidlarar

    •             vidareutvikle Gulatingstaden ved Eivindvik i Gulen

    •             jobbe for å få realisert Fellesmagasin for musea  for å sikre forsvarleg lagring av uerstattelege verdiar

    •             jobbe for å få bygd nye lokalitetar for Sunnfjord Museum

    •             støtte søknaden til Kvernsteinsparken i Hyllestad om å få UNESCO-status

    •             støtte opp om arbeidet med nasjonalt klostersenter i Selje

    •             arbeide for at staten ikkje tiltakshavar finansierer arkeologiske utgravingar

    •             jobbe for å etablere landslinjer innan idrett i fylket innan skiskyting i Stryn

    •             greie ut  ein annan måte å organisere drifta av musea i vårt fylke

    •             jobbe aktivt for å auke besøkstala på kulturinstitusjonane, for å styrke inntektene og grunnlaget for vidare drift.

    •             jobbe aktivt for å auke statleg støtte til kulturinstitusjonane og festivalane i fylket.

  • Kunnskapsfylket

    Kunnskap i skulen er viktig for Høgre. Skulane i Sogn og Fjordane leverer resultat heilt i toppen, og som skuleeigar skal vi framleis ha eit høgt ambisjonsnivå på vegne av skulen, lærarane og elevane. Høgre vil arbeide for at opplæringa i Sogn og Fjordane framleis skal vere heilt i toppen.

    Skulen skal vere ein stad for læring der elevane også utviklar gode sosiale evner, danning og lyst til å ta utfordringar. Å meistre skulen er ein viktig føresetnad for å lukkast i livet og kunne stå på eigne bein. Gode og trygge læringsmiljø, god kontakt mellom skule og næringsliv, kvalifiserte lærarar og oppdaterte læremiddel er avgjerande faktorar. Det er også fokus på kvalitet i undervisning, måling av kunnskap for å tette kunnskapshol og fokus på grunnleggjande ferdigheiter.

    Den viktigaste satsinga i skulen er læraren og relasjonen mellom lærar og elev. Forsking viser at gode lærarar er ein av dei viktige faktorane for å styrke læring hos elevane. Gode lærarar trumfar ulikskap i sosial bakgrunn. Høgre vil prioritere målretta vidareutdanning og gode arbeidstilhøve.

    Det er viktig med ei styrking av rådgjevartenesta både for å hjelpe elevane til rett yrkesval, samt for å stoppe fråfall i vidaregåande skule. Miljøarbeidarfunksjonen er også viktig i oppfølging av elevane.

    Tilpassa opplæring i den vidaregåande skulen må vere ein rett både til svake og sterke elevar. Alle elevar må få utfordringar å strekkje seg etter. Tilpassing kan også gjelde gjennomføring på kortare eller lengre tid. For elevar som ikkje klarar så mykje teoretisk undervisning er meir praksis i bedrift eit godt tiltak. Dette kan redusere fråfall.

    Styrking av skuleleiing er eit viktig tiltak for å støtte lærarar i dokumentasjonsarbeid, slik at tid til undervisning vert prioritert.

    Foreldre og føresette må framleis få informasjon om kvaliteten og innhaldet i skulen og vere med på å påverke innhald og mål i skulen. Foreldre har eit ansvar og ei rolle i opplæringa.

    Elevevaluering av skuleleiing,  lærarar og undervisningsopplegg er eit viktig verktøy for forbetring. Systematisk testing, evaluering og openheit om resultat er viktig for utvikling. Framtidige endringar i undervisningstilbod og skulestruktur må skje med basis i elevane sine val, behov i næringslivet og tilbod som vert utvikla ved dei einskilde skulane.

    Høgre vil gje elevane større høve til valfridom og medverknad gjennom fritt skuleval. Elevane har ei meining om kva som er ein god skule og vel ei utdanning utifrå interesse. Kvalitet og tilbod er viktigare enn lokalisering. Derfor er fritt skuleval, fleksibel skuletransport, gode hybeltilbod og ungdomskortet viktig. Prøveprosjektet i Høyanger med 13-årig opplæringsløp er eit spanande prosjekt som vil gje erfaring og mange svar etter evaluering i 2016.

    Folkehøgskulane i Sogn og Fjordane har god kvalitet og er verdiskapande for Sogn og Fjordane. Elevane ved desse skulane er gode ambassadørar.

    Utdanning og næringslivet

    Høgre vil stimulere mangfaldet ved å gje den einskilde skule større handlefridom og utviklingsmulegheiter. Samarbeidet mellom det lokale næringslivet og skulane må utviklast. Dette gjev eit meir oppdatert studietilbod, tilgang på den nyaste kompetansen og moderne utstyr. Studietilbodet må spegle både dei behov det lokale næringslivet har og korleis elevsøkinga er. Høgre meiner næringslivet og rådgjevartenesta ved skulane må samarbeide tettare slik at elevane får kvalifiserte og oppdaterte råd om yrkesval som harmonerer med arbeidsmarknaden.

    Fagutdanning er eit viktig fundament i samfunnet, og eit tettare samarbeid med næringslivet vil utvikle fleire gode og framtidsretta læreplassar både i privat og offentleg verksemd. Det offentlege må ta meir ansvar for å tilby læreplassar.

    Høgre vil jobbe for eit godt studietilbod på høgskulenivå i Sogn og Fjordane. Av dei som tek høgskuleutdanning i fylket vert 70% av dei som er herfrå verande.40 % av dei som kjem utanfrå vert verande i fylket etter avslutta utdanning.

    Samarbeid med andre høgskular og universitet vil forhåpentlegvis gje eit breiare og større tilbod i fylket, som til dømes  spesialiserte studietilbod som subseautdanninga og petroleumslogistikk i Florø, el-kraft og byggingeniør-studie i Førde.

    Høgre vil jobbe for eit breiare høgskuletilbod ved å stimulere til desentralisert spesialiserte utdanningsprogram i samarbeid store utdanningsinstitusjonar i landet og lokalt næringsliv. Eit livskraftig studiemiljø er viktig, og dette vert sterkare gjennom  samarbeid med regionale universitet og høgskular.

    Høgre meiner at fagskulane må få auka merksemd innanfor skuleverket. Desse skulane skil seg ut ved ei tett kopling mellom verdiskapande sektor og offentleg skuleverk. Dei fyller eit vesentleg behov for utdanning og kompetanse som næringslivet etterspør, som maritim utdanning i Måløy og det tekniske fagtilbodet i Førde.

    Høgre vil:

    •             ha fritt skuleval, også på tvers av fylkesgrenser

    •             gje elevane større høve til valfridom og medverknad gjennom fritt skuleval

    •             jobbe for etablering av landsliner ved lokale initiativ

    •             styrke etter- og vidareutdanning for lærarar

    •             styrke leiarressursen ved dei vidaregåande skulane

    •             sikre at rådgjevarane i skulen har solid kompetanse innan utdanning- og yrkesrådgjeving gjennom regelmessig etterutdanning.

    •             sikre at miljø-arbeidarane har relevant utdanning for å redusere fråfall og mobbing i skulen

    •             at skuleeigar skal vere aktiv og vaken i å gripe tidleg inn i mobbesituasjonar

    •             innføre ei prøveordning med eigne driftsstyre ved nokre utvalde skular

    •             ha meir fridom for skulane innanfor tildelt ramme til å organisere og utvikle skulen

    •             styrke samarbeid mellom skule og næringsliv gjennom næringslivskontaktar

    •             auke talet på læreplassar

    •             at fylkeskommunen skal vere aktiv i å ta imot lærlingar i eigen organisasjon og ansvarsområde

    •             innføre ei prøveordning med anonym retting av heildagsprøvar/tentamen

    •             satse på entreprenørskap i skulen og stimulere til utvikling av elevbedrifter

    •             gjere det enklare å drive og etablere fri-skular for å auke kreativiteten og mangfaldet

    •             ha attraktive tilbod til ungdom  i skulen, på fritida og i arbeidsmarknaden

    •             ha fleksibel skuletransport for å redusere unødig venting

    •             arbeide for eit breiare studietilbod og masterstudium på høgskulenivå

    •             ha auka merksemd på fagskulen og det viktige studietilbodet den representerer

    •             arbeide for å sikre framtida til Sogn Jord- og Hagebruksskule

    •             innføre forsøksordning med eksamen før russetida

  • Næringsutvikling

    Høgre meiner at den viktigaste målsettinga for Sogn og Fjordane er å auke folketalet

    Samfunnet vårt blir stadig meir sentralisert. Sogn og Fjordane har ikkje byar som er store nok til å stå i mot dei sterke sentraliseringskreftene som rår i Norge og elles i verda. Mulegheitene til  Sogn og Fjordane er at vi har verdifulle naturressursar som er etterspurt både nasjonalt og globalt. Dette er ressursar som er stadbundne og som ikkje kan flyttast ut av fylket vårt. 

    Det skapande samfunn

    Høgre vil forsterke Sogn og Fjordane si rolle i det skapande samfunn, eit  samfunn som bygger på våre naturressursar. Vi vil bygge grunnmuren i vår næringsutvikling på å utnytte og utvikle arbeidsplassar basert på våre ressursar innan:

    • vasskraft og anna fornybar energi
    • fiskeri, fiskeoppdrett og maritime ressursar
    • olje og gass
    • mineralutvinning
    • landbruk, produksjon av mat og  servering av kortreist mat
    • reiseliv og oppleving
    • skogbruk

    Sogn og Fjordane, eit JA-samfunn

    Høgre vil arbeide for at vi får auka mulegheiter til å utnytte våre naturressursar på ein miljømessig berekraftig måte. Vi ønskjer at både myndigheitene og våre innbyggjar skal seie meir JA.  Høgre ønskjer å seie JA til mulegheitene våre. 

    Høgre vil:

    • auka mulegheitene for grunneigarar til å utvikle og utnytte sine eigedommar
    • Færre motsegner og overstyring frå offentlege styresmakter
    • Mindre  vern av våre ressursar
    • Fortgang i handsaminga  av konsesjonssøknader frå småkraftverk
    • Auka tilgang til å ta i bruk strandsona vår og utvikle hamnene våre
    • Auka fridom innan landbruksnæringa til å utvide næringsgrunnlaget

    Nytenking og innovasjon

    Vi må skape ny industri og nye næringar. Vi må seie ja til nye tankar. Vi må heie fram gründerane våre som ønskjer å skape noko.

    Høgre vil:

    • auke finans- og eigenkapitalinstrumenta, meir såkorn-midlar til fylket
    • auke forsking- og innovasjonsmidlar til fylket, tilpassa næringslivet sitt behov
    • styrke næringsutviklingsselskapa våre. Høgre vil vere pådrivar for å utvikle regionale næringsselskap som jobbar innan naturlege bu- og arbeidsregionar.
    • satse på Ungt Entreprenørskap  i skulen
    • ha innovasjon i det offentlege i samarbeid med privat næringsliv
    • ha likestilling i skattelegginga av norske og utanlandske bedriftseigarar. Kvifor skal det vere lønsamt for bedriftene å ha utanlandske eigarar slik skattesystemet er i dag?
    • støtte opp om lokalt eigarskap og dei gode gründerhaldningane vi har i Sogn og Fjordane
    • at større del av skatteinntektene frå næringslivet bør gå tilbake til den kommunen der bedrifta produserer sine verdiar. Det må i større grad vere lønnsamt for kommunane å satse på næringsetableringar i eigen kommune. Dette vil auke motivasjonen for alle til å seie meir JA,  og det vil auke verdiskapinga i Norge.

    Helse Førde som næringsutviklar

    Høgre vil jobbe for eit sterkt Helse Førde. Helseføretaket er ein viktig næringsutviklar og bør utvikle ny teknolog og nye spesialisthelsetenester som vi kan tilby til heile landet frå Sogn og Fjordane. Vi vil jobbe for etablering av metabolsk senter samt legge til rette for utviklingsprosjekt for utvikling av ny velferdsteknologi, gjerne i samarbeid med kommunane. Dette er ei viktig næring for framtida. Fylket har allereie private bedrifter som samarbeider med det offentlege for å utvikle slike næringsmulegheiter. Slike miljø ønskjer Høgre å forsterke og satse på.

    Nettverksbygging og samarbeid

    Høgre vil jobbe for auka samarbeid mellom næringslivet og det offentlege. Næringslivet i Sogn og Fjordane blir i aukande grad utfordra av store norske og utanlandske aktørar som kjem hit og vinn oppdrag. Vi opplever også sterk konkurranse frå våre nabofylke.

    Vi vil jobbe for at regionale næringsselskap i samarbeid med fylkeskommunen må spele ei sterkare rolle innan nettverksbygging og ta initiativ til klyngjesatsing. Vi ønskjer mellom anna at fylkeskommunen skal auke ressursane dei brukar på å vere pådrivar og initiativtakar til nettverksbygging og samarbeid mellom Florø, Lutelandet og Gulen industrihamn. Dette for at desse stadane skal lykkast i å vinne ein større del av oppdraga og leveransane innan olje og gassnæringa.

    Vi meiner at samarbeid, nettverksbygging og klyngjetankegang vil auke mulegheitene for lokal næringsliv til å delta i anbodskonkurransar og få oppdrag innan:

    • veg- og kraftverksbygging
    • store byggeoppdrag både her i fylket og i våre nabofylke
    • drift- og vedlikehaldsoppdrag innan mange næringar
    • saneringsoppdrag og andre oppdrag og leveransar innan oljenæringa
    • statleg sektor som har utarbeida innkjøpsregulativ og som inngår store innkjøpsavtalar med privat sektor
    • andre underleveransar

    Høgre vil jobbe for auka nettverksbygging mot sentrale styresmakter. Vi vil jobbe for auka marknadsføring og synleggjering av  våre mulegheiter. 

    Rekruttering av tilflyttarar

    Statistikkane over folketalsutviklinga og alderssamansetjinga i befolkninga vår viser at vi om kort tid blir dramatisk fleire i pensjonistalder og dramatisk færre i arbeidsfør alder. Vi kjem til å mangle menneske som representerer arbeidskraft og tenesteytarar, og som er nødvendige for at vi kan leve og bu her. Høgre vil derfor auke satsinga på rekruttering av tilflyttarar.

    Høgre vil:

    • ha auka fokus på ressursane som flyktningar som har fått opphaldsløyve kan tilføre oss
    • ha auka samarbeid mellom fylke, kommune, næringsliv og NAV for å lykkast med utdanning og integrering av tilflyttarar frå utlandet. Vi vil jobbe for at dei skal trivst slik at dei blir her.
    • auke satsinga på Høgskulen i Sogn og Fjordane og fagutdanningar, og styrke rekruttering gjennom samarbeid mellom skulane, privat næringsliv og det offentlege.
    • auka satsinga på den vidaregåande skulen og  tilpasse den til næringssatsinga vår
    • jobbe for at statlege direktorat vert lagt til distrikta. Døme: Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE)  si avdeling i Sogn og Fjordane bør aukast då dei per i dag ikkje har ressursar lokalt til å behandle alle kraftverksøknadane som kjem frå Sogn og Fjordane. Kvifor skal NVE i andre fylke behandle våre søknader, når vi har NVE lokalt? Dei store byane har utfordringar med hurtig vekst. Å legge direktorat utanfor dei største byane vil vere ein vinn-vinn-situasjon for Norge.
    • prioritere og forsterke dei største bu- og arbeidsregionane i Sogn og Fjordane

    Rammevilkåra elles

    Høgre vil:

    • at grunnrenteskatten for vasskraftverk som Høgre har fått redusert,  skal ytterlegare kuttast
    • at staten skal betale kulturminneregistreringar og arkeologiske utgravingar
    • revidere kjøpesenterforskrifta og tilpasse den til  handelsnæringa
    • auke konkurransekraft til fylket ved satsing på infrastruktur som vegar, breiband og mobildekning
  • Reiseliv

    Reiselivet er ei stor næring i Sogn og Fjordane.  Næringa er desentralisert og er særleg viktig for mange mindre bygdesamfunn.

    Reiseliv er ei internasjonal vekstnæring, der Sogn og Fjordane med sine natur-, kultur- og mattradisjonar kan hevde seg i ein tøff konkurranse.

    Høgre vil:

    •             støtte reisemålselskapa sitt arbeid med marknadsføring, produktutvikling og vertskap

    •             få til eit godt samarbeid mellom reiseliv, landbruk, lokale matprodusentar og kulturaktørar

    •             vere open for å støtta berekraftige næringsaktivitetar i  nasjonalparkar og verneområde

    •             prioritere støtte til heilårsaktivitetar

    •             at dei nasjonale turistvegane vert vidareutvikla og utvida med viktige veg- og jordstrekningar.

    •             støtte tiltak som styrkjer Sogn og Fjordane som reisemål for vandring og andre aturaktivitetar

    •             støtte tiltak som sikrar at viktige attraksjonar er tilgjengelege i ein lang sesong

  • Olje og gass

    Sogn og Fjordane tek altfor liten del i verksemda på norsk sokkel trass i fylket sin nærleik. Det er viktig at oljebasen i Florø utviklar seg til å vere meir enn ein logistikkbase ved at ein legg til rette for at høg-kompetansearbeidsplassar blir plassert i kystbyen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit viktig ansvar for sikre basemiljøet i fylket. Det er derfor om å gjere at fylket aktivt promoterer denne viktige næringa ovanfor resten av landet og internasjonale aktørar for å få desse til å etablere seg i fylket eller trappe opp eksisterande aktivitet.

    Det er viktig at både politikarar og bransjeaktørar står saman i arbeidet for å fremme gode rammevilkår i samband med nye funn og vedtak om utvinning og drift. Konsesjonsvilkåra for nye felt er viktig for å ivareta fylket sine interesser med omsyn til  arbeidsplassar i næringa. Fylkeskommunen sin oljekonsulent i Florø er viktig for å ivareta Sogn og Fjordane sine interesser, og er eit viktig kontaktpunkt mot næringa nasjonalt.

    Høgre ser positivt på subseautdanning i Florø, og det er viktig at denne blir vidareført.

    Vi vil og vidareutvikle verksemda på Lutelandet i Fjaler, og elles støtte opp om den petroleumsretta verksemda i Gulen. Fleire stader i fylket held den maritime næringa på med satsingar retta mot offshore – m.a. når det gjeld vedlikehald av rigg/fartøy. Denne koplinga er positiv og kan opne for meir aktivitet i fylket.

  • Landbruk

    Høgre ønskjer å auke produksjonen av norsk mat gjennom å skape eit meir lønsamt og levedyktig landbruk  i heile landet. Høgre ønskjer ein stegvis, ansvarleg endring av norsk landbrukspolitikk som skal ha føreseielege vilkår for bøndene og matvareindustrien.

    Høgre vil leggje betre til rette for at fleire kan bli heiltidsbønder, og sjølve matproduksjonen bør vere det viktigaste grunnlaget for landbrukspolitikken. Strukturendringane skjer først og fremst på grunn av tilgang på ny teknologi, og då må landbrukspolitikken samsvare med desse føresetnadene. Tilskotsordningane må vere produksjonsretta; basert på garden sine faktiske ressursar, ikkje etter differensiering i tilskotsordningane.

    Samstundes er det viktig at dei som vil vere deltidsbonde skal få mulegheit til det, og dei som ønskjer å utvikle gardsbruka og landbrukseigedomane i andre og nye retningar må få høve til det. Det vere seg gardsturisme, nisjeproduksjon, gardsmat, bryggjeri, serveringsverksemd med meir. Det er også stort unytta potensiale for produksjon av frukt- og bær. Dette har og klimatiske vekstføremon i vårt fylke. Høgre er positive til at landbruksnæringa skal kunne vere allsidig, inkludert høve til å drive med pelsdyroppdrett , under føresetnad av god dyre-velferd.

    For Sogn og Fjordane er det viktig at distriktstilskotet og fraktutjamningsordningane blir vidareført. Prisen på kraftfôr bør auke minst muleg, då det er husdyrproduksjonen som er den viktigaste berebjelken for landbruket i fylket vårt. Landbruket i Sogn og Fjordane genererer over 1.000 årsverk i foredlingsindustrien.

    God, arrondert jord vil bli den største veksthemmande faktoren for husdyrproduksjonen i landbruket her i fylket. Derfor bør det opprettast dyrkingsfond. Ser ein dette opp mot jordvern og nedbygging av matjord, bør utbyggarar betale inn på slike fond, tilsvarande det som det kostar å dyrke på same areal.

    Det vil vere avgjerande for ein fortsatt stabil mjølkeproduksjon i fylket at flest muleg av dei som har båsfjøs satsar på nybygg og teknologi - for å vere med vidare. Det er i ferd med å bli eit avgrensa potensiale for fleire store fjøs her i fylket. Derfor er det viktig at dei som ønskjer å satse i litt mindre omfang med om lag 25-30 kyr, får rammevilkår til å kunne gjere det. Dette vil Høgre jobbe for.

    Vi treng fleire med målretta naturbruksutdanning. Opplæringa må innrettast slik at den dekker næringa sine behov for relevant og kompetent arbeidskraft. Utviklinga stiller krav om auka kompetanse i heile verdikjeda av norsk matproduksjon. Derfor er det viktig for Sogn og Fjordane å auke statusen og styrke dei to utdanningsinstitusjonane vi har innanfor landbruket, både på Mo og i Aurland.

    Høgre vil halde fram med importvern som ein av berebjelkane i norsk landbruk, men vi må ha ei stegvis tilpassing i retning av internasjonale tilhøve – grunna ei sannsynleg ny WTO-avtale om internasjonal handel. Landbruket må ha føreseielege rammevilkår. Derfor er det viktig å allereie no førebu oss på behovet for å auke konkurransekrafta, produktiviteten, effektiviteten og lønnsemda i det norske landbruket, for å vere robust nok til å møte framtidige krav i internasjonale handelsavtalar.

    Rovdyrpolitikken aktualiserer seg også i Sogn og Fjordane. Høgre tek trugsmålet knytt til rovdyr på alvor, og vil følgje opp dei politisk vedtekne målsetjingane i rovdyrforliket: «I prioriterte beiteområder skal uttak av dyr som gjere skade på beitedyr gjerast raskt, og i slike områder skal miljøforvaltninga i større grad enn i dag bidra til å effektivisere slikt uttak, uavhengig om bestandsmålet er nådd.»

    Høgre vil:

    •             styrke investeringstøtte som er målretta til dei som satsar framtida si på landbruksnæring og matproduksjon

    •             forenkle reglane for å selje eigne produkt frå garden. Dette gjeld også sal av alkoholhaldige varer som sider og liknande

    •             framleis ha kvoteområde for mjølk for å sikre mjølkeproduksjonen i fylket, men opne for meir fleksibilitet i randsonene

    •             legge til rette for naudsynt infrastruktur og betra tilhøve for uttransport av tømmer, då vi står føre eit stort potensiale for hogst av skog i fylket

    •             at bonden sjølv skal få avgjere organisering av si drift,  det vere som einskildbruk, samdrift eller aksjeselskap

    •             at det bør vurderast å utvide el-sertifikatordninga til å gjelde også etter 2020, med ei nedtrapping av støtte tilsvarande som i Sverige

    •             at innovasjon og forsking må styrkast også innan landbruket

    •             legge til rette for at produsentane av frukt og bær kan lykkast i å betre kvalitets- og lagringsfunksjonane

    •             vidareutvikle Sogn jord og Hagebruksskule i Aurland- som einaste økologiske landbruksskule i landet

    •             styrke bonden sin eigedomsrett ved mellom anna å forenkle regelverk og skjemavelde, samt fjerne buplikta og vurdere odelslova med meir.

    •             at ved arkeologiske utgravingar må storsamfunnet ved staten ta rekninga

  • Fiskeri og havbruk

    Norge er den 11.største produsenten av sjømat i verda. Vi eksporterer om lag 95% av sjømaten som blir fiska eller produsert i norske farvatn. Sjømat-næringa er soleis svært viktig for Norge og for Sogn og Fjordane. Eksportverdien av sjømat utgjorde i 2014 heile 68,8 milliardar kroner. Norge forvaltar eit havområde som er seks til sju gonger større enn fastlands-Norge.

    Vi forvaltar rike fiskebestandar og har naturgjevne tilhøve langs kysten som gjer han svært godt egna til havbruk.

    Sogn og Fjordane Høgre stør ei vidareføring av ei kunnskapsbasert forvaltning av fiskeressursane i havet basert på reguleringar og kontrollregime, for å sikre eit bærekraftig uttak. I tillegg til dette er det viktig at styresmaktene legg til rette for auka verdiskaping  gjennom teknisk utvikling og satsing på vidareforedling.

    Sogn og Fjordane Høgre meiner, slik som næringa sjølv hevdar, at det er eit stort potensiale for vidare vekst og utvikling i norsk havbruk. Det er viktig at det i denne samanhengen blir gjennomført fylkesvis areal- og kystsoneplanlegging for å avdekke dei områda som er best egna for oppdrettsaktivitet.

    Fiskeri og havbruk er viktige distriktsnæringar og Sogn og Fjordane Høgre meiner at det må etablerast ei arealleige ordning som kan sikre kystkommunane i heile landet ein større og rimeleg del av verdiskapinga.

    Regjeringa har som målsetting at Norge skal bli «verdas leiande sjømat-nasjon».

    I tillegg til å legge til rette for auke av produksjonen av sjømat er det viktig å oppretthalde og forsterke marknadsinnsatsen internasjonalt gjennom Norsk Sjømatråd AS.

    Norge har eit stort internasjonalt ansvar for ei bærekraftig forvaltning av villaksen.

    Sogn og Fjordane Høgre meiner at problema med røming og lakselus må løysast før ein satsar på ei vesentleg opptrapping av produksjonen av oppdrettfisk generelt og oppdrettslaks spesielt.   

    Sogn og Fjordane Høgre har til liks med heile havbruksnæringa store forventningar til at Havbruksmeldinga inneheld føringar som legg til rette for ei positiv utvikling i havbruksnæringa kombinert med strenge og ufråvikelege miljøkrav.

    Høgre vil:

    •             gå inn for at veksten blir halden tilnærma på noverande nivå til ein har betre kontroll med lakselus- og rømingsproblema 

    •             at det blir gjennomført fylkesvis areal- og kystsoneplanlegging

    •             styrke tilbodet av akvakulturutdanning i fylket, både på vidaregåande og høgare nivå

    •             at det som ein lekk i dette arbeidet kjem på plass eit nytt utdanningsfarty for den vidaregåande skulen

    •             at det blir innført ei havbruksavgift basert på nytta sjøareal som kan gi vertskommunane nye inntekter

    •             støtte framlegget frå regjeringa om å vidareføre ordninga med miljøfond for fiskeri- og havbruksnæringa og gjere ho obligatorisk

    •             støtte dei forslaga i den nyleg framlagde innstillinga frå Sjømatindustri-utvalet (Tveterås-utvalet), som kan bidra til auka lønsemd og verdiskaping i sjømat-industrien

  • Helse

    Ei god helse startar med ein god barndom. Derfor er det svært viktig at alle born er sikra ein trygg og utviklande oppvekst. Dette er først og fremst foreldra sitt ansvar. I dei tilfella der foreldra ikkje maktar å ta dette ansvaret eller er valdelege, må samfunnet hjelpe borna. Vi må derfor ha ei god fødselsomsorg, barnevern, tiltak mot vald i nære relasjonar og krisesenter.

    For å sikre ei god helse vidare i livet er folkehelsearbeidet svært viktig. Arbeidet startar i barnehage og skule. Å leggje til rette for aktivitet kan ein også gjere ved planlegging av trygge vegar å ferdast på for syklande og gåande. Høgre er også opptekne av at frivillige idrettslag- og organisasjonar skal ha gode rammevilkår, fordi dei gjev eit viktig bidrag til ei betre folkehelse. Derfor har regjeringa gjeve ytterlegare moms-kompensasjon til frivillige lag- og organisasjonar.

    Helse blir av helseminister Bent Høie definert som å meistre livet sitt. For dei som ikkje gjer det, må vi ha helsetenester som kan hjelpe oss til det. Sogn og Fjordane Høgre ønskjer at ein har desentraliserte tenester der ein kan, og sentraliserer helsetenester der ein må. Derfor er tilbod om øyeblikkeleg hjelp i kommunane og lokalmedisinske senter viktige tilbod å få på plass. Dette er avgjerande for at eldre skal sleppe lang transport.

    Vi ser at tannhelsetenesta må vere i rimeleg nærleik av der folk bur. Det er muleg at tannhelsetenesta i fylket må evaluerast med tanke på om ein har den rette organiseringa for å møte framtida, og gjennom dette arbeidet bør vi få på plass ei vaktordning i fylket. Tannhelse påverkar også helsa elles, og derfor er det viktig å ha førebyggjande tannhelsearbeid retta mot born og unge. Vi må sikre god tilgjenge til tannpleie for eldre med særskilte behov, sjuke, pleietrengande og rusmisbrukarar.

    Som ansvarlege for vidaregåande opplæring er det viktig at fylket jobbar aktivt for å rekruttere fleire ungdommar til å ta helsefagleg utdanning og at dei får lærlingplass. Kommunane vil trenge mange helsefagarbeidarar framover, og som ansvarleg for vidaregåande utdanning må fylkeskommunen rekruttere og kvalifisere fleire til dette viktige arbeidet.

     

    Velferdsteknologi gjer det muleg for eldre å bu lenger heime. Gjennom si deltaking i IT Forum Sogn og Fjordane har fylkeskommunen vore med på å legge til rette for at velferdsteknologi blir teke i bruk rundt om i kommunane, og dette arbeidet er viktig å halde fram med.

    Høgre vil:

    •             byggje ned tabu rundt vald i nære relasjonar, slik at det blir lettare å bryte ut av forhold og melde frå om forhold der nokon er utsett for vald og overgrep

    •             jobbe for å styrke krisesentra og andre kompetansemiljø sin innsats mot vald i nære relasjonar i fylket

    •             ha akuttilbod i heile fylket som har godt kvalifiserte medarbeidarar  og med nærleik til innbyggarane

    •             ha ambulanseteneste som er  godt kvalifisert og desentralisert

    •             arbeide for fortsatt god helikopter-beredskap i tillegg til ambulanse-bil og -båt

    •             støtte opp under målretta og systematisk arbeid på tvers av fleire fagområde for å betre folkehelsa

    •             rekruttere fleire ungdommar til helsefagleg utdanning

    •             søke samarbeid med kommunane for å sikre lærlingplassar til dei som vel å ta helse- og ambulansefag

    •             vurdere om ei anna organisering av tannhelse-tenesta kan gje eit betre tilbod til innbyggjarane

    •             arbeide aktivt for at Helse Førde skal vere i stand til å gje innbyggjarane i fylket eit godt tilbod om spesialisthelsetenester, og jobbe for å gje Helse Førde gode økonomiske rammer og driftsvilkår

    •             støtte samarbeids-modellane som Helse Førde har etablert mellom Førde sentralsjukehus og lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal

  • Samferdsle

    I Sogn og Fjordane har vi få store sentra og vi bur spreidd. Då er betre samferdsle det viktigaste verkemiddelet for å sikre større bu- og arbeidsområdet for å få utvikling og tilflytting. Med den store verdiskapinga vi har i fylket, må vi sikre transport av varer og menneskelege ressursar på ein god måte. Vi skal arbeide for både å ha god kommunikasjon internt i fylket, men også til byar som Oslo og Bergen.

    Hovudsambandet på Vestlandet er E39, og Høgre støttar den fastsette traseen for E39 gjennom fylket medrekna kryssing av Sognefjorden ved Lavik-Oppedal.

    Det er planlagt omfattande utbygging i fylka sør og nord for oss. Vi vil arbeide for ei snarleg utbygging også i Sogn og Fjordane og sikre gul midtstripe frå Lavik og nordover. Planleggingsmidlar må på plass i denne NTP-perioden for heile E39 gjennom fylket, for å få til kontinuerleg utbygging i denne og neste NTP-periode.

    Investeringar i samferdsel er verdiskapande, ikkje inflasjonsdrivande. Derfor er det viktig at det blir fokusert meir på dei samfunnsøkonomiske verdiane som ligg i utbygging av betre samferdsel og kommunikasjon. Teknologiutvikling gjev store mulegheiter. Dette ser vi først og fremst på breiband og 4G-nett, som er eit viktig verkemiddel for at innbyggjarane skal kunne bu og arbeide i heile fylket. Sogn og Fjordane Høgre er derfor opptekne av at vi skal halde oppe tempoet på utbygging av breiband og mobilnett i fylket.

    For å utnytte midlane til investering i veg på best måte, ønskjer vi at fylkeskommunen tek i bruk offentleg-privat-samarbeid (OPS) for å bygge heile strekningar.

    Kysten har store ressursar med olje, fiskeri og vindkraft, og det er viktig å sikre at hamner og infrastrukturtiltak for sjøtransporten har ei god utvikling. Hurtigbåt og hurtigruta er avgjerande for transport av gods og personar langs kysten. For å kunne ha god kommunikasjon nordover, er det avgjerande at Stad Skipstunnel blir bygd.

    Vi har mange ferjer i fylket, og dette gjer opningstida på vegen kortare. Anboda på ferjene blir dyrare, og det vil bli vanskeleg å oppretthalde eit like godt ferjetilbod i framtida på alle strekningane. Derfor er det avgjerande at vi kan erstatte ferje med bru, der det vil løne seg. Sogn og Fjordane Høgre arbeider derfor for å få ei betre ordning for ferjeavløysingsprosjekt, der ein har 40 år som periode.

    Nasjonale turistvegar har stor verdi for fylket, både for reiselivet og samfunnet elles. Attraksjonane her er noko av grunnlaget for å trekke turistar til fylket, som til dømes Stegastein i Aurland og Utsikten på Gaularfjellet. Vi må jobbe for å halde oppe løyvingane, slik at vi får ei utvikling av nasjonale turistvegar i tråd med planen fram til 2030. Vi må også få nasjonale turistvegar innarbeidd i planar for reiseliv og næringsliv i dei kommunane vegen går gjennom, i tillegg til fylkeskommunale nærings- og reiselivsplanar.

    For godt folkehelsearbeid og trafikktryggingsarbeid er det viktig at vi har eit målretta arbeid for at det skal vere muleg å gå og sykle langs vegen, utan at det skjer ulukker. Vi har alle eit personleg ansvar for å gjere oss synlege, men som vegeigar må vi syte for trygge vegar. Derfor er det viktig med gatelys ved fotgjengarfelt, utbygging av gang- og sykkelveg og god merking. Der gamle vegar blir erstatta av tunnelar, bør det vurderast om vegane kan haldast opne for gåande og syklande. Desse vegstrekningane kan også nyttast som naudtrasear.

    Vi lever i ei tid med ei rivande teknologiutvikling som gjer at transportsektoren vil oppleve store endringar framover. Derfor blir det viktig å legge til rette for å at ein kan nytte  meir miljøvenleg teknologi som reduserer utslepp. Dette gjeld blant anna fleire ladestasjonar i fylket, bruk av buss, båtar og ferjer som nyttar mindre og meir miljøvenleg drivstoff og eller batteriferjer.

    I fylket har vi fire kortbaneflyplassar som utgjer eit viktig tilbod for å komme seg til Oslo og Bergen. Dei er ein føresetnad for at det skal vere eit aktivt næringsliv i fylket, og at innbyggjarane skal kunne pendle til oppdrag og arbeid andre stader i landet. Vi ser at det er flaskehalsar på ein del avgangar og destinasjonar. Derfor er det viktig å få fleire direkteruter og vidareutvikle flytilbodet frå alle dei fire flyplassane.

    Høgre vil:

    •             prioritere å ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar. Dette vil vere muleg gjennom vedlikehaldsfondet for fylkesvegar og auka rammeløyving til fylkeskommunen

    •             vidareutvikle flytilbodet på alle våre fire flyplassar

    •             byggje ut hovudsambandet E39 i vårt fylke med minst same framdrift og standard som i nabofylka sør og nord for oss. Strekninga gjennom Sogn og Fjordane må rustast opp til å ha gul midtstripe og god standard.

    •             realisere tunnel gjennom Vikafjellet og sikre fortsatt framdrift på E16 over Filefjell

    •             få ½-times avgangar og innføre nattferjer på sambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik

    •             sikre ei god utvikling av viktige hamner i fylket for å vere attraktive for gods og persontrafikk samt turisme

    •             prioritere øy-samfunn eller strekningar som er avhengige av ferje og som ikkje har andre alternativ, slik at dei blir  sikra flest muleg ferjeavgangar innan ramma

    •             i nye kontraktar setje krav til ferje-materiellet som gjer at det er god driftssikkerhet og på nokre strekningar høgare fart enn på eksisterande ferjer.

    •             prioritere ras-sikringsarbeidet  grunna endringar i klimaet, som gjer at vi får meir ekstremver. Vi må arbeide for å få høgare løyvingar til dette viktige sikringsarbeidet

    •             ha ei rask realisering av dei nye Strynefjellstunnelane på RV 15 over Strynefjellet

    •             arbeide for realisering av Kystvegen Ålesund – Bergen, bygd som delparsellar, med strekninga Måløy – Svelgen – riksveg 5 i Flora kommune som prioritert delstrekning

    •             prioritere Fv 57 . Dale – Storehaug med bru Svesundet, i samsvar med fylkestingsvedtak

    •             greie ut ytre fjordkryssing som ein del av Kystvegen for å få eit fastlandssamband for Solund

    •             ha sørvis-skyssen som eit alternativ til buss-ruter med få passasjerar er vanskeleg å oppretthalde. Høgre meiner alle lokalsamfunn skal ha tilbod om sørvisskyss, slik at eldre kan få eit tilpassa transporttilbod til offentlege tilbod og butikkar

    •             realisere Førdepakken raskt, som eit viktig prosjekt for å løyse trafikale utfordringar i Førde sentrum

    •             halde fram med ungdomskort for ungdom og heim for ein 50-lapp. Dette er viktige tiltak for å sikre at dei som er avhengige av kollektivtilbod har eit rimeleg og trygt tilbod

    •             prioritere å fortsatt ha tilrettelagd transport for funksjonshemma at fylkeskommunen går i dialog med Helse Førde om å sikre drosjer og transporttilbod som kan kombinere pasienttransport, skuleskyss og anna transport og dermed få lønsemd i drifta

    •             få Stad Skipstunnel inn i Nasjonal Transportplan og realisere den så raskt som muleg

    •             utvikle Sognebåten i samarbeid med reiselivsnæringa til å bli eit styrka tilbod for Sogne-regionen samtidig som den blir mindre avhengig av direkte støtte frå fylkeskommunen

    •             at det vert sett i gang KVU-prosess for strekninga Lærdal-Dombås, der Sognefjells-tunnelane og andre aktuelle alternativ blir vurderte som framtidig ferjefri heilårsveg mellom Bergen og Trondheim.

    •             arbeide for utbetringstiltak på dagens E39 Sandane-Byrkjelo som grunnlag for prioriteringar i nasjonal transportplan i planperioden 2018-2027.
  • Beredskap og samfunnstryggleik

     

    Sogn og Fjordane har dei siste åra vore utsatt for ei rekke trugsmål og kriser som alvorleg kriminalitet, naturkatastrofar, brannar, terror og ekstremvær. Betre koordinering, rolleavklaring, øving og trening er nødvendig for å gjere samfunnet best muleg førebudd på alvorlege hendingar.

    Innbyggjarane i fylket bur spreidd, og det stiller krav til desentralisert beredskap for politi og ambulanse. Sogn og Fjordane politidistrikt er eit av dagens distrikt som har flest redningsaksjonar, ettersøk og søk etter antatt omkomme som ein følgje av leite- og redningsaksjonar. For tryggleiken og rettskjensla i Sogn og Fjordane er det viktig  at vi har eit synleg politi og at politiet er tilgjengeleg.

    Vi må ha ei ambulanseteneste som er desentralisert, kvalifisert og med ei responstid som blir fastsett sentralt. Det er viktig å ha god helikopterberedskap i tillegg til ambulansebil og båt. Vi ser at 330-skvadronen i Florø er eit avgjerande tilbod å ha i heile fylket og regionen.

    Sogn og Fjordane fylke har ei stor reiselivsnæring og  tal menneske i fylket aukar kraftig i turistsesongen. Fleire mindre stadar som til dømes Flåm og Olden har cruiseskip innom sine bygder og mangedoblar  «innbyggartalet» i kommunen. Vi har eit geografisk utfordrande fylke med isbrear, krevjande havområde og kyst, fjordar med ras og flom.  I disse områda er det mange turistar noko som og får følgjer for mulege redningsaksjonar.

    Høgre vil:

    •             støtte utvikling av dei lokale politiråda

    •             auke lokalt fokus på førebyggande tiltak av ekstremisme

    •             styrke bemanninga i politiet  både når det gjeld nærpoliti og på regionalt nivå

    •             styrkje og oppretthalde alarmsentralen i Florø

    •             gje kommunane høve til å  innføre tiggarforbod

    •             oppretthalde dagens desentraliserte brannberedskap med fokus på nærleik og lokal kunnskap

    •             at redning skal ha større fokus i framtidig beredskapsarbeid. Dette er noko av det mest krevjande og kostbare politiet driv med

    •             vurdere korleis ein kan koordinere private ressursar når det gjeld redningsdykking opp mot «blålysetatane»

    •             sikre godt samband for mobil og straum

Last ned vårt program