Politikk

Høgre sin politikk bygger på respekt for generasjonane som har gått føre oss, og ansvarskjensle for dei som kjem etter oss. Høgre skal drive ein heilskapleg, ansvarleg og langsiktig politikk som har bærekraft også over tid. Målet for Høgre sin politikk er eit samfunn med mogelegheiter for alle. Høgre ynskjer ein skule- og velferdspolitikk som sikrar at flest mogeleg vert i stand til å delta aktivt i samfunns- og arbeidslivet.

Våre hovedsaker

Skule, barnehage, familie og nærmiljø

Arbeide for god og ansvarleg gjennomføring av dei resterande vedtekne endringane i skulestrukturen i Sund som omfattar bygging av ny skule i Spildepollen.

Helse og sosial

Arbeide for å vidareutvikle heimetenestene slik at den enkelte kan få valfridom til å bu i eigen heim så lenge som mogeleg.

Samferdsel

Arbeide for effektiv trafikkavvikling til/frå Bergen og arbeide for eit sørleg fastlandssamband.

Økonomi

Arbeide for at alle investeringar gjev meirverdi i kvalitet og/eller finansierer seg sjølv gjennom produktivitetsauke.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program