Søk

Eit godt budsjett blei enda betre!

Som telemarking er eg også stornøgd med at i budsjettforliket med Krf og V kom  på plass med såkornfond for Telemark/Agder, omstillingsmidlar til Tinn kommune, pengar til Telemarkskanalen og Lysbuen museum, skriver Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen.

Norge er i den mest utfordrande situasjon på fleire tiår.  Oljeprisen har falt og arbeidsløysa har stige. Me har ein flyktning-migrasjonskrise.  Europa blir utsett for terror.  Familiar og enkeltpersonar opplever usikkerheit.  Situasjonen krev politisk ansvarlegheit.  Det er viktig for Høgre at Norge  blir styrt på ein trygg og god måte.  Derfor er me glade for at samarbeidspartia blei einige om eit budsjett for arbeid ,aktivitet og omstilling.

Høgre får gjennomslag for fleire heilt sentrale områder for oss i budsjettet.  Satsinga på samferdsel er rekordstor. Det blir løyvd enda meir pengar til kunnskap, forsking og innovasjon. Det sosiale sikkerheitsnettet  blir forsterka.

Regjeringa begynte i dette budsjettet ein omlegging til eit skattesystem som skal oppmuntre til at me skaper meir, ikkje skattar meir. Høgre meiner det er den beste måten å sikre varig velferd på.  Det er også viktig for oss at eit nytt skattesystem ikkje gir utanlandske investorar meir igjen for pengane i Norge enn det gjer for norske investerorar.

Arbeidet mot aukande arbeidsløyse og å skape trygge arbeidsplassar er ein del av omstillinga til ein grønare økonomi.  Det må gjerast med både kortsiktige og langsiktige grep.  Eit viktig poeng for Høgre er at dei  kortsiktige grepa ikkje medfører varig auka offentlege utgifter.  Derfor er regjeringas tiltakspakke på over 4 milliardar målretta nettopp med kortsiktige tiltak som ikkje medfører varig auka offentlege utgifte, for å skape arbeid og aktivitet i dei regionane som er hardast ramma av fallet i oljeprisen.  Det langsiktige omstillingsarbeidet gjer at me gjennom å investere i samferdsel, kunnskap og skattelette som gjer at det løner seg meir å jobbe og skape nye arbeidsplassar.

Arbeiderpartiet har skulda oss for å bruke for mykje oljepengar.  Det blir hul kritikk frå eit parti som sjølv budsjetterer med nesten 5 milliardar dei ikkje har reell inndekning for.  Det betyr at dei  må bruke meir oljepengar enn i det vedtekne budsjettet, eller auke skattane med nærare 5 milliardar meir enn budsjettert på toppen av dei 9 milliardane dei allereie har budsjettert med for å koma i mål.  Det er heilt feil medisin for norsk næringsliv nå.

Som telemarking er eg også stornøgd med at i budsjettforliket med Krf og V kom  på plass med såkornfond for Telemark/Agder, omstillingsmidlar til Tinn kommune, pengar til Telemarkskanalen og Lysbuen museum.   Eit godt budsjett blei enda betre!