Arbeidsplassar i Telemark er avhengig av EØS-avtala

EØS-avtala blir diskutert mange stader nå om dagen, og Sosialistisk Venstreparti foreslår å utrede  å erstatte EØS–avtala med ei handelsavtale.

Ei handelsavtale kan ikkje på nokon måte samanliknas med den fulle tilgangen til det europeiske markedet som me har på lik linje med EU-land, dette kombinera med vern av fiskeri og landbruk, gir næringslivet gode  rammevilkår.

EØS–avtala bidreg til auka handel og tettare samhandling mellom Norge og EU. EØS-avtala gjer Norge til ein del av eit stort europeisk marknad når det gjeld eksport og import. 80 % av det som blir ekportera frå Norge går til EU og 60 % av det me importerar kjem frå EU. Det at me har felles reglar gjer det enklare og billigare å handle med EU- landa og utan ei EØS- avtale blir varene me ekporterar mindre konkurransedyktige.

For Telemark sin del viser tal i fylgje SSB at heile 56 % av eksporthandelen gjekk til EØS i 2017, det utgjer for fylket vårt mange arbeidsplassar som me ikkje har råd til å sette i spill.

Det er gledelig å registrere at eit stort fleirtal i befolkningen ser fordelane med EØS-avtala, det kjem mellom anna fram i ei meiningsmåling som avisa Nationen publisera 23 november 2018. 

EØS–avtala er 25 år neste  år , den har tjent Norge og norsk næringsliv godt, det skal den fortsette å gjera.