Søk

Høgre sviktar ikkje E134

Det hastar å gi trafikken mellom øst og vest meir forutsigbare forhold, særlig på vinterstid, skriver Solveig Sundbø Abrahamsen, Stortingsrepresentant Telemark Høgre.
Statens Vegvesen(SVV) la i januar i fjor fram tilrådinga om hovedvegsamband over fjellet mellom Østlandet og Vestlandet. I tilrådinga la SVV vekt på å formidle at her snakker vi om store investeringer i eit 30 års tidsperspektiv.  SVV peika på to hovudvegar og E134 som ein av dei to vegane. Det har Telemark Høgre meint lenge, og vi er svært tilfredse med at dei óg meinte at nye tunellar over Haukeli bør prioriterast fyrst.  SVV skreiv  også sin tilråding at ein arm frå Jøsendal via Odda , samt at ein strekning via Rauland  istadenfor  Seljord bør analyseras og konsekvensutgreias nærare.

Regjeringa kom 18. desember med julegåva som vi alle venta på – nemleg avgjerda om at E134 skal verte ein av hovudvegane mellom austlandet og vestlandet. Vidare vil dei greie ut nærare om framtidas E134 skal gå over Rauland eller Seljord.  At ein på dette tidspunktet ikkje valde å ta med konsekvensutgreiing  av armen frå Odda til Bergen, heng saman med at SVV óg fekk i oppdrag å greie ut ein hovudveg til, lengre nord, som skal tene andre befolkningsområde. Vedtaket regjeringa gjorde utelukka ikkje at ei arm til Bergen skal byggast ein gong i framtida, men la til grunn at med dei store investeringane i redusert reisetid og standardheving som vi står overfor på E134, E18, E39 og E16, samt anten Rv 52 eller Rv 7, er det ikkje aktuelt med ei arm til Bergen på kort sikt. Det er ikkje meining i å greie ut ein veg no, som det kanskje ikkje er aktuelt å bygge før om 10-15 år, ettersom det er mange andre prosjekt som er prioritert høgare dei næraste åra, mellom anna opprusting av E134.

At Vegforum Øst-Vest vel å snakke ned E134  og arbeidet som frå mange hald er gjort for å komme der vi er i dag er synd og gagnar ikkje saka og det vidare arbeid med prosjekta på E 134. Kampen no står om å få løfta mest mulig av opprustinga av E134 lengst mulig fram når neste Nasjonal transportplan for 2018-2029 vert vedteke i Stortinget våren 2017, slik at me får ny veg raskast mogleg. Det vil eg arbeide for på Stortinget, og eg håpar Vegforum Øst-Vest vil spele på lag for å få det til.