Foto: Ole Espen Strand

Eit godt budsjett

Det går godt i norsk økonomi , bedriftene investerar meir og stadig fleire kjem i jobb over heile landet.

Måndag 8 oktober kom regjeringas forslag til statsbudsjett for 2019. Det er eit godt budsjett som er tilpassa den økonomiske situasjonen.  Det går godt i norsk økonomi , bedriftene investerar meir og stadig fleire kjem i jobb over heile landet. Da er det rett å halde igjen på oljepengebruk og budsjettet legg opp til å bruke 2,7 prosent av  Statens pensjonsfond utland(oljefondet).   Regjeringa baserar sin politikk på at verdiar må skapast før dei kan delast , eller som bonden ville sagt  «du må så før du kan hauste».

Budsjettforslaget legg til rette for at størstedelen av dei nye arbeidsplassane kjem i private bedrifter. Derfor foreslår ein å senke selskapsskatten frå 23 til 22 prosent og redusere  straffeskatten på norsk eigarskap.  Regjeringa vidarefører ei historisk sterk satsing på veg, jernbane og kollektivtrafikk og løyvingar til  samferdsel  har auka med 75 prosent sidan 2013. Dette er ei viktig satsing som bidrar til å binde by og land saman og skaper gode vilkår for næringsliv og verdiskaping.  Satsinga på utdanning og forsking er høgt prioritert gjennom satsing  på tidlig innsats , lærarnorm og ein revidert langtidsplan for forsking  på totalt  1,5 mrd.  i perioden 2019-2022.

Det går godt i norsk økonomi og regjeringa vil bruke oppgangen til å inkludere fleire i arbeidslivet, derfor er det i budsjettet foreslått å setje av 125 millionar til tiltak som støtter opp under denne dugnaden.

Det er viktig med gode velferdstilbod og regjeringa  foreslår i budsjettet ei styrking av midlar til drift ved  sjukehusa for å kunne legge til rette for auka pasientbehandling og kortare ventetider. Me blir fleire eldre i landet og regjeringa vil legge til rette for å gje tilskot il 1500 heildøgnomsorgsplassar og 450 dagaktivitetsplassar til heimebuande personar med demens. Ein fortsatt styrking av opptrappingsplan for rusfeltet , styrking av fastlegordninga og ein aukar rekrutteringa av  psykologar i kommunane med 125  årsverk.

Norge er eit land med små forskjellar samanlikna med andre land, likevel er det familiar som lever med låg inntekt der ein ser ein risiko for  at barn opplever  utenforskap og utfordringar seinare i livet. Gjennom dei siste år har regjeringa styrka den nasjonale ordninga mot barnefattigdom. Ein foreslår i budsjettet å stryke bustøtta til barnefamiliar og store husstandar , gi gratis kjernetid for to-åringar og dekke utgifter i familiar med låg inntekt til deltaking i organisert aktivitet.

Regjeringa er i gang med eit integreringsløft og vil gjennomføre ein heilskapleg reform for å få raskare og betre resultat. Regjeringa arbeider for eit tryggare samfunn for alle. Budsjettforslaget prioriterer tiltak for å kjempe mot  kriminalitet, styrke beredskapen og auke Noregs forsvarsevne. Regjeringa foreslår å legge til rette for fortsatt auka politidekning. Budsjettforslaget bidrar til å tilsette nyutdanna frå Politihøgskulen i 2019 ,samt å dekke heilårsverknaden av tilsetjingane av nyutdanna i 2018.

Dette  er eit budsjettforslag  for eit berekraftig velferdssamfunn og eit tryggare Norge.